UiO gir Sametinget utvida ansvar for samisk materiale i skjelettsamling

Sametinget skal avgjera søknader om utlevering for gjengravferder og for forsking på samisk materiale i De Schreinerske Samlinger ved UiO. Det er blant endringane i retningslinjene UiO-styret skal bestemma på tysdag.

Ein mann viser fram ei samling med reolar med pappkassar som inneheld skjelett

DE SCHREINERSKE SAMLINGER: Dette er De Schreinerske Samlinger ved UiO.  På biletet viser dåverande instituttleiar Jan G. Bjålie fram samlinga. Han står mellom reolane med pappkassar med skjelett. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var i 1999 Universitetet i Oslo og Sametinget for første gong inngjekk ein avtale om at Sametinget skulle overta forvaltninga av dei samiske materialet i De Schreinerske Samlinger ved det tidlegare Anatomisk institutt på Det medisinske fakultetet. 

De Schreinerske Samlinger:

- er eit magasin for oppbevaring av menneskelege levningar mottekne eller innsamla av Seksjon for anatomi , Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo frå og med 1828.

- samlinga omfattar også eit antropologisk bibliotek, ei særtrykk- og fotosamling, røntgenbilete, eit brevarkiv, kartotekkort og handskrivne katalogar.

- i mellomkrigstida samla professor i medisinsk antropologi, Kristian Emil Schreiner og kona Alette skjelett frå  nedlagde kyrkjegardar i Finnmark.  

- i 1972 fekk deira samling og resten av skjelettsamlinga til UiO namnet De Schreinerske Samlinger.

- i dag har den ei samling av skjelett frå steinalderen og fram til midten av 1800-talet.

- mellom dei mest kjente tinga i samlinga, var hovudskallane til Aslak Jakobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby, dei to leiarane for Kautokeino-opprøret i 1852.

- etter krav frå Sametinget blei hovudskallen til Mons Aslaksen Somby på slutten av 1990-talet levert tilbake til etterkomarane i Alta, medan Københavns Universitet tidlegare hadde levert tilbake hovudskallen til Aslak Jakobsen Hætta. Begge hovudskallane blei gravlagde på kyrkjegarden ved Talvik kirke i Kåfjord i Alta kommune i november 1997.  

(Kjelder: Uniforum, UiO, Kirsti Strøm Bull: Da forskerne tapte hodet, Kritisk Juss, 4/96)

 

Gjengravferd av leiarane for Kautokeinoopprøret

I 1998 la Lønning-utvalet fram forslag til kva som burde skje med materialet i skjelettsamlinga. Det blei rådd tilvat Sametinget skulle få ansvaret. Ein annan sterk medverkande grunn til at avtalen mellom UiO og Sametinhget kom i stand, var truleg den dokumentaren som journalist Johannes Kalvemo i NRK Sapmi  laga på slutten av 1990-talet. Der avslørte han at hovudskallane etter dei to avretta leiarane for Kautokeino-opprøret i 1852, Aslak Hætte og Mons Somby, blei lagra i De Schreinerske Samlinger ved UiO. Det vil seia at den eine skallen hadde UiO gitt vidare til Københavns Universitet. Kalvemo tok utgangspunkt i historia til Niillas A. Somby som i 1985 hadde bede Anatomisk institutt om å utlevera hovudskalla av slektningen hans, Mons Somby for gjengravferd, og fått eit kontant nei frå dei som forvalta samlinga. Juristen Erik Røsæg slo fast at Anatomisk institutt hadde plikt til å utlevera hovudskalla til gjengravferd og at Niillas A. Somby som næraste slektning hadde retten til å ta imot den. Først i 1996 utlevererte instituttet hovudskalla til slektningane.

Medan Johannes Kalvemo fekk filma hovudskalla som var oppbevart i København, måtte han forklara at han kom frå BBC, før den britiske fjernsynsprodusenten hans fekk filma hovudskalla til Mats Somby, som blei tatt vare på i De Schreinerske Samlinger på Universitetet i Oslo. Den saka enda med at levningane etter dei to opprørsleiarene altså blei utleverte til slektningane og det blei utført ei gjengravferd  i Talvik kirke i Alta i 1997 med dåverande rektor Lucy Smith til stades. Men det var berre levningane frå to av nærare 1000 individ i det samiske materialet i samlinga.

Kjensleladd møte i Kollegiet i 1999

To år seinare blei det altså skrive under ein eigen avtale mellom UiO og Sametinget om at Sametinget skulle ha forvaltningsansvaret for det samiske materialet i samlinga. Men den fysiske samlinga skulle framleis oppbevarast og takast vare på av Universitetet i Oslo.  Avtalen blei underteikna av dåverande nestleiar for Sametinger, Ragnhild Nystad og dåverande prorektor Rolf Mikkel Blakar på eit kjensleladd møte i Kollegiet (Universitetsstyret) ved Universitetet i Oslo i 1999.

• Les meir i Uniforum:

Kollegiet bad Sametinget om orsaking 

Den samiske delen av De Scheinerske Samlinger omfattar levningar frå rundt 1000 individ, noko som utgjer rundt ti prosent av alle levningane  i samlinga.

Vil ha tippoldemora utlevert

Nyleg har NRK Sapmi laga ein ny dokumentar om forholdet mellom dei samiske levningane i De Schreinerske Samlinger og den samiske folkegruppa i Noreg. Der ber ein av etterkomarane om at levningane til tippoldemora hans, blir utlevert, slik at ho kan gravleggjast på nytt på ein kyrkjegard i Tysfjord. Den saka gir ny aktualitet til De Schreinerske Samlinger og til retningslinjene for samlinga.

Sametinget får siste ordet om forsking og gjengravferd

No ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen Universitetsstyret om å vedta forslaget til ein del endringar i retningslinjene for samlinga, både for den samiske delen og for resten av materialet.

Det blir igjen understreka at samisk materiale skal forvaltast i samsvar med ein eigen avtale med Sametinget. Det vert trekt fram at forvaltninga av samisk materiale er underlagt spesielle omsyn,  dette er omsyn som er omtalte i både internasjonale konvensjonar og i Grunnlova.  Den viktigaste endringa som no blir føreslått er at det er Sametinget som skal avgjera søknader om forsking på det samiske materialet og om utleveringar til gjengravferder.

Forvaltninga av materialet skal skje i samsvar med ein eigen avtale med Sametinget. Den avtalen er allereie klar og skal underteiknast av begge partar. I dag er det Institutt for medisinske basalfag som har ansvaret for å forvalta alt materiale i desse samlingane. 

Kulturhistorisk museum får eigen avtale med MED

Ein annan del av forslaga til endringar i retningslinjene handlar om forvaltninga av arkeologisk materiale som er innlevert av Kulturhistorisk museum og materialet som er deponert  i De Schreinerske Samlinger av andre institusjonar. Menneskelege levningar frå oldtida og mellomalder fram til 1537, vert rekna som arkeologisk materiale.

I utgangspunktet skulle også det forvaltast av Institutt for medisinske basalfag på vegner av UiO.  Men Kulturhistorisk museum hadde ein del merknader til det, vert det vist til i bakgrunnsnotatet frå universitetssdirektøren. Museet bad difor om å få med ei tydeleggjering av det arkeologiske materialet i samlinga. Det viser til både kulturminnelovas paragraf 12 og føreskrift frå 15. februar 2019 som legg forvaltningsansvaret for lause kulturminner frå distriktet til Kulturhistorisk museum.

I forslaget til endring vert det tatt inn eit eige punkt om at for dette materialet skal det inngåast ein eigen avtale om forvaltning mellom Kulturhistorisk museum og Det medisinske fakultetet ved Institutt for medisinske basalfag.

Skal ha deponeringsavtalar med UiB og UiS

Samtidig skal det lagast eigne deponeringsavtalar med Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger som begge har materiale i samlinga. Frå desember i fjor er det også sett i gang tilbakelevering til både NTNU og Universitetet i Tromsø av materialet som dei universiteta tidlegare hadde deponert i samlinga.

Retningslinjene skal ha med rutinar for forsking

I bakgrunnsnotatet går det også fram at det i dag ikkje finst nokre reglar eller rutinar for forsking på materialet i retningslinjene for De Schreinerske Samlinger.  Det vert difor no føreslått at Universitetsstyret vedtar at det også blir tatt med ein rutine om dette.  

I forslaget heiter det at for arkeologisk materiale frå Kulturhistorisk museum eller deponerande institusjonar, skal desse vurdera om det kan gjevast samtykke til søknaden om forsking på materialet utifrå arkeologiske omsyn.

Det vert også stilt krav om at etisk vurdering skal hentast inn frå Skjelettutvalet før bruk av materialet til forsking kan godkjennast. Skjelettutvalet ber det offisielle namnet  Nasjonalt utval for vurdering av forsking på menneskelege levningar.  

Denne saka kjem altså opp i møtet i Universitetsstyret tysdag 23. juni.

Her er heile saklista

 

Emneord: Etikk, Menneskerettar, samer Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2020 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere