Vil verna skjelettsamlinga

– Skjelettsamlinga i De Schreinerske Samlinger på UiO kan bli viktig for forsking av fortida i framtida. Difor må den takast vare på, seier Jan G. Bjålie, som leier Institutt for medisinske basalfag ved UiO.

VERN: – Me må prioritera å ta vare på skjeletta til nytte for forskinga, seier instituttleiar Jan G. Bjålie, som står mellom reolane med pappkassar med skjelett i De Schreinerske Samlinger ved Anatomisk avdeling på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

I mellomkrigstida samla professor i medisinsk antropologi, Kristian Emil Schreiner og kona Alette skjelett frå  nedlagde kyrkjegardar i Finnmark.

Kautokeino-opprørarar

Dei blei ein del av «De Schreinerske Samlinger» som i dag har ei unik samling av skjelett frå steinalderen og fram til midten av 1800-talet. Samlinga ligg på Anatomisk avdeling ved Institutt for medisinske basalfag på UiO. Mellom dei mest kjente tinga i samlinga, var hovudskallane til Aslak Jakobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby, dei to leiarane for Kautokeino-opprøret på 1800-talet. Etter krav frå Sametinget blei hovudskallen til Mons Aslaksen Somby på slutten av 1990-talet levert tilbake til etterkomarane i Alta, medan Københavns universitet tidlegare hadde levert tilbake hovudskallen til Aslak Jakobsen Hætta. Begge hovudskallane blei gravlagde på kyrkjegarden i Kåfjord i Alta kommune i november 1997.  

Skjelettutvalet

Debatten førte til at det blei oppretta eit eige skjelettutval ved Dei nasjonale forskingsetiske komiteane. Det skulle kunne gi råd om når det var eller ikkje var etisk forsvarleg å forska på eitt av dei 8500 skjeletta i samlinga. Når det gjeld den samiske delen av samlinga, har Sametinget det aller siste ordet om nokon vil forska på eitt av dei 1000 samiske skjeletta.  Det var først i 1972 samlinga fekk namnet «De Schreinerske Samlinger» etter medisinprofessor Kristian Emil Schreiner. Før den tid blei samlinga berre kalla skjelettsamlinga ved Anatomisk institutt.

– Unik, antropologisk samling

Instituttleiar Jan G. Bjålie vil no gjerne slå eit slag for kor viktig skjelettsamlinga i framtida kan vera for dei som vil forska på fortida.

– Dei kan ta DNA-prøvar og beinprøvar og finna ut kva folk døydde av, kva dei åt og kva sjukdomar dei hadde. Denne kunnskapen kan dei læra mykje av, meiner han. Bjålie vil difor verna dei 8500 skjeletta i «De Schreinerske Samlinger». 

– Dette er ei unik, antropologisk samling. Dei delane av samlinga som er blitt omdiskuterte, er det blitt gjort noko med. Difor blei 100 av dei skoltesamiske skjeletta sende tilbake til Neiden i Finnmark, der dei fekk ei eiga gravferd, peikar han på.

Til hjelp ved identifisering

Bjålie vil gjerne også få fram korleis samlinga har gitt ny kunnskap til forskarar ved instituttet.

– Professor Per Holck har skaffa seg mykje kunnskap på grunnlag av denne samlinga, og han blir ofte brukt av Rettsmedisinsk institutt for at dei skal kunna danna seg eit betre bilete av ein kropp som er levert inn til undersøking etter ei kriminell handling eller ei ulykke. Etter tragediane den 22. juli i fjor blei han brukt som ein av kompetansepersonane for å kunna slå fast kva som var dødsårsaka til kvart enkelt offer, fortel Bjålie.

– For oss er det svært viktig at samlinga kjem til nytte for heile samfunnet. Det er grunnen til at me no ynskjer å få folk til å forstå at den må takast vare på. Samfunnet og neste generasjon vil ha stor nytte av dei opplysningane samlinga kan gi om den tida desse menneska levde i, er han viss på. 

– Vil prioritera vern av samlinga

No trur Jan G. Bjålie at alle krav om å gravleggja nokre av skjeletta på nytt, er komne inn.

– Me må difor prioritera å ta vare på skjeletta til nytte for forskinga.  Det er viktig både for forskingsinteressene, men også av kulturhistoriske grunnar. For oss er det uproblematisk at Sametinget har siste ordet når det gjeld mogleg forsking på dei samiske skjeletta. Det må vera mogleg for forskarar også i framtida å kunna driva forsking på dette viktige materialet. Ingen kjenner identiteten til skjeletta fordi dei er frå steinalderen og fram til 1800-talet. Så langt har det ikkje vore etisk feil å forska på dette materialet, synest Bjålie.

I motsetning til det mange trur blei ikkje samlinga etablert på grunn av rasehygienske teoriar i mellomkrigstida. Ifylgje Store norske leksikon tok Kristian Emil Schreiner tidleg avstand frå teorien om at den ariske rasen var overlegen alle andre rasar.

– Schreiner var ikkje opptatt av den rasehygieniske vitskaplege retninga. Difor trur eg det skal lata seg gjera å ta vare på denne unike samlinga, seier Bjålie.  

Professor emeritus Per Holck har framleis ansvaret for De Schreinerske Samlinger. Han viser sjølv til korleis forsking på skjeletta i samlinga kan koma til nytte også i dag.

– Skjeletta kan seia mykje om korleis helsetilstanden var for folk i mellomalderen, me kan finna ut kva dei åt, kva sjukdomar dei hadde og kva dei døydde av. Det er opplysningar som den munnlege historia ikkje seier noko særleg om. Dessutan kan me gjennom funn på kyrkjegardar finna ut om kvinner og menn låg på same delen av kyrkjegarden eller om kyrkjegardane var kjønnsdelte. Mykje av den same forskinga brukar me for å hjelpa politiet med å identifisera knoklar og delar av eit skjelett på ei branntomt. Då kan me finna ut om skjelettet er restane etter huseigaren eller heilt andre personar. På same vis kan me hjelpa Rettsmedisinsk institutt med å finna ut meir om ein person som er drepen. Årleg tar eg meg av mellom 20 og 30 saker for politiet. Det me driv med er rettsantropologi, fortel han. 

Skjelettutvalet godkjenner forsking

På nettsidene til Skjelettutvalet til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane går det fram at all forsking på skjelett må leggjast fram for Skjelettutvalet.  Der blir det også understreka at ein del av forskinga som blei gjort på skjelett frå slutten av 1800-talet hadde klare ideologiske overtonar. «En del fysiologisk forskning på minoriteter har for eksempel historiske røtter i 1800-tallets rasistisk motiverte fysiske antropologi. I en norsk sammenheng er historien knyttet til forskning på samer, et eksempel på vitenskap med en klar maktpolitisk og ideologisk dimensjon (Kyllingstad 2004)».

Det blir også vist til at Kulturminnelova automatisk vernar alle arkeologiske funn av menneskelege likrestar frå tida før reformasjonen i 1537 og samiske funn som er eldre enn 100 år. Gravferdslova vernar også likrestar på kyrkjegardar/gravlundar som er i bruk, men på nedlagde kyrkjegardar/gravlundar er gravene og det dei inneheld. berre verna i 40 år etter nedlegginga. Konklusjonen er at ikkje-samiske arkeologiske, likrestar frå tida etter reformasjonen i 1537 og samiske likrestar som er yngre enn 100 år, er utan formelt, juridisk vern.

 

Emneord: Etikk, Universitetspolitikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2012 10:14 - Sist endra 19. nov. 2012 09:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere