LEIAR: UiO bør skrinleggja samarbeidsavtale med våpenprodusent

Om fordømminga frå UiO-rektoratet skal ha nokon verdi, bør UiO straks kutta ut alle avtalar med selskap som leverer våpen til dei krigførande partane i Gaza.

F-35: Dette er jagarflyet F-35 som tar av frå Ørland. Kongsberg Gruppen leverer delar til flyet som truleg også blir brukt av Israels forsvar (IDF) på Gaza.

Foto: Tord Romundstad / Forsvaret

I kjølvatnet av krigen mellom Israel og Hamas i Gaza er det mange ting som peikar på at norske våpenprodusentar som Kongsberg Gruppen og Nammo har levert delar til våpen Israel brukar i denne krigen.

I møtet i Universitetsstyret den 6. februar blei det bede om at administrasjonen skal kartleggja i kor stor grad UiO gjer innkjøp frå selskap som er involverte i denne konflikten. Mykje tyder på at Kongsberg Gruppen og Nammo er mellom dei norske selskapa som bidrar med våpendelar til det israelske forsvaret (IDF). Når det gjeld Nammo har  Dagbladet meldt at selskapet sine M 72-rakettkastarar er brukte i Gaza.  Fri Fagbevegelse skreiv allereie i november at Israel brukar jagarflya F-35 med norskproduserte delar i Gazakigen. Palestinakomiteen protesterte i januar sterkt i mot at delar produserte av Kongsberg Gruppen blei brukte i flya som bomba Gaza.

Uniforum  viste før helga til at forskingssenteret dScience har Kongsberg Gruppen som ein av dei eksterne samarbeidspartnarane sine. Det betalar Kongsberg Gruppen ein halv million kroner for i året. Kongsberg Gruppen som er eit selskap der staten eig 50,04 prosent, har ikkje ein gong tatt seg bryet med å svara Uniforum i denne saka.

• Les også: UiO-partner kobles til Gaza-krigen. Dette svarer rektor

Det som Fri Fagbevegelse og andre media har funne ut er at både Kongsberg Defence & Aerospace og elektronikkselskapet Kitron i over ti år har levert delar til dei superavanserte jagarflya F-35 som blir bygde i USA. Desse flya blir også brukte av det norske flyvåpenet 

Ifølgje Teknisk Ukeblad har Kongsberg Gruppen levert skrogpanel og luker i kompostittmateriale til alle dei tre F-35-variantane som blir produserte av den amerikanske flyprodusenten Lockheed Martin.  I fjor haust inngjekk selskapet ein ny avtale. Den går ut på at Kongsberg Defence & Aerospace skal produsera haleror, den fremre halerorskanten og skrogpanel til 300 nye F-35-fly fram til 2027,. Avtalen er verdt 1,2 milliardar kroner, ifølgje Forsvarets forum.

Noreg har sidan 1959 hatt ein gyllen regel om at norske våpenprodusentar ikkje skal levera våpen til land som er i krig. Unntaket er Ukraina, eit vedtak heile Stortinget står bak.  Grunngjevinga er at landet blei utsett for eit direkte angrep frå den falmande stormakta Russland. Sjølv om det er funne norskproduserte våpen både i Jemen og i andre land med krig, har regelen om ikkje å levera våpen til krigførande land stort sett vore etterlevd.

Om Noreg no indirekte bidrar til Israels krigføring gjennom å levera våpendelar til det israelske forsvaret, er det svært uheldig. Noreg framstiller seg sjølv som ein objektiv meklar mellom partane i denne krigen. Då kan ikkje Noreg samtidig gjennom eigarskapen i Kongsberg Gruppen  og Nammo levera våpendelar til ein av dei krigførande partane. Derfor bør Noreg krevja at Kongsberg Gruppen innfører ein klausul om at dei delane dei leverer ikkje kan brukast av land utanfor NATO.

Rektoratet ved Universitetet i Oslo skriv i ein uttale om krigen mellom Israel og Hamas i Gaza at dei utan unntak vil fordømma både krig og terror som rammar uskyldige sivile.  Dei peikar også på at sivile så langt som mogleg skal  vernast mot konsekvensane av krig og sikrast humanitær hjelp når det trengs. Dette skjer ikkje i denne krigen, slår rektoratet fast. .

Om fordømminga frå UiO-rektoratet skal ha nokon verdi, bør UiO straks kutta ut alle avtalar med selskap som leverer våpen til dei krigførande partane i Gaza. Derfor bør universitetsleiinga be dScience om å skrinleggja samarbeidsavtalen med Kongsberg Gruppen, så lenge leveransane av våpendelar held fram. Om det også er andre selskap som UiO ikkje bør driva handel med på grunn av krigen på Gazastripa, vil visa seg når administrasjonen legg fram eit oversyn til Universitetsstyret i neste månad.

 

 

Emneord: Israel, Palestina, Midtausten, Universitetsstyret Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 22. feb. 2024 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere