LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Akkurat no ser Vladimir Putin ut som ein  maktsjuk mann som klamrar seg til presidentstolen og set verdsfreden i fare utan å tenkja på konsekvensane verken for det ukrainske eller det russiske folket. 

Ein universitetsbygning i Kyiv i Ukraina

VERN: UiO må hjelpa akademikarar frå Ungarn eller Russland som ikkje kan vera ei intellektuell motstemme eller praktisera som forskarar på grunn av krigen mellom Russland og Ukraina. Biletet viser Taras Shevchenko National University of Kyiv i hovedstaden Kyiv. (Arkivfoto)

Foto: Taras Shevchenko National University of Kyiv

I morgontimane i dag vakna me til nyhendet om at Russland hadde sett i verk eit storstilt åtak på nabolandet Ukraina. Det me hadde frykta, men håpa ikkje skulle skje, var i gang.  No har russiske styrkar kryssa grensa mellom Ukraina og Kviterussland, samtidig som dei også er på veg inn i dei delane av Aust-Ukraina som separatistane har kontroll over. Også frå Svartehavsida kjem det meldingar om at russiske bakkestyrkar er på veg. Og utanfor hovudstaden Kyiv har det vore fleire rakettnedslag. Resultatet er at innbyggjarane i hovudstaden prøver å flykta mot naboland som Polen og Slovakia. 

Den som har skulda for dette er eine og åleine president Vladimir Putin

Den russiske invasjonen er tragisk først og fremst for folk i Ukraina, men også for det russiske folket, og alle andre som bur i Europa. Den som har skulda for dette er eine og åleine president Vladimir Putin, ein maktsjuk mann som har våte draumar om å vinna tilbake alle områda som ein gong låg under Sovjetunionen. Men han vil ikkje forstå og innsjå at desse områda ikkje låg under Sovjetunionen fordi folket ville det, men fordi dei var tvungne til det av sovjetisk militærmakt, som brukte marionettar til å styra landa slik dei ville.

Heldigvis tok det slutt då den kalde krigen var over. Då blei Aust-Tyskland og Vest-Tyskland igjen til Tyskland, samtidig som andre land i austblokka som Polen, Romania, Bulgaria, Ungarn og Tsjekkoslovakia blei demokratiske og kasta av seg det sovjetiske åket som hadde lege over dei i rundt 45 år. Samtidig bestemte både Ukraina, Georgia, Kviterussland og Moldova seg for å gå ut av den gamle Sovjetunionen og bli sjølvstendige statar. I Sentral-Asia gjorde mange tidlegare sovjetrepublikkar det same.

Kviterussland er i dag styrt av diktatoren Aleksandr Lukasjenko som har gitt diktatorvennen Vladimir Putin løyve til å lata russiske soldatar bruka hans territorium til å invadera nabolandet Ukraina. Begge har store indrepolitiske problem, og då er ofte taktikken å konstruera eit ytre trugsmål. Denne gongen er det ytre trugsmålet Ukraina som Vladimir Putin, heilt utan bevis, skuldar for å undertrykkja og å ha massakrert russisktalande ukrainarar i dei austlege regionane Luhansk og Donetsk. Putin påstår dessutan at det demokratisk valde regimet i Ukraina er eit naziregime. Han tar ikkje med i historieskrivinga si at dagens president Volodymyr Zelenskyj kjem frå ein russisktalande jødisk familie som er så fjernt frå nazistar som det er mogleg å koma. Vladimir Putin påstår også at Ukraina historisk aldri eigentleg har vore eit eige land, men har vore eit slags mini-Russland. 

I dag er Vladimir Putin allmektig president og leiar for ein klubb av russiske oligarkar som har rana til seg store delar av rikdomane frå Russland. Med desse pengane investerer dei i multinasjonale russiske, britiske, franske og amerikanske selskap og svingar seg i champagnerus på nattklubbar både i Paris, Rivieraen, Den spanske solkysten og i London.

Det er tvilsamt at det er deira søner og døtrer som blir sende til fronten for å kriga mot ukrainske soldatar.  For det offeret vil dei ikkje gi.  I staden sender Vladimir Putin sønene og døtrene til vanlege arbeidarar i Russland for at dei skal ofra livet for at Putin sjølv og dei andre oligarkane skal vera trygge og kunna halda fram med luksuslivet.

Han har også tidlegare vist at han ikkje respekterer folkeretten

Derfor gir Vladimir Putin blanke i folkeretten og suvereniteten til det nest største landet i Europa etter Russland. Han har også tidlegare vist at han ikkje respekterer folkeretten. Det gjorde han då russiske soldatar invaderte Georgia i 2008 og Krimhalvøya og dei austlege regionane i Ukraina i 2014.  Menneskerettane har han heller aldri respektert. Derfor er fleire av dei som har vore i opposisjon til han anten døde eller i fengsel. Nokre er så heldige at  dei får tildelt Nobels fredspris, slik sjefredaktøren i Novaja Gazeta Dimitrij Muratov fekk i 2021.

Håpet er at Vladimir Putin no har tatt seg vatn over hovudet slik at  det russiske folket sjølv ser at han set både freden i Europa og verdsfreden i fare og heller vil ha ein demokratisk vald leiar i ein demokratisk stat.  Det er synd at Vladimir Putin er villig til å ofra liva til både russarar og ukrainarar berre for at han vil tvihalda på makta. Me må derfor støtta opp om alle dei kreftene i Russland og i Ukraina som vil ha fredeleg sameksistens mellom dei to folka og som kjempar imot all bruk av våpen og soldatar.

Det trur me kan vera eit viktig bidrag i denne vanskelege situasjonen

Universitetet i Oslo har ein lang tradisjon med å heidra akademikarar og andre som kjempar for menneskerettar og verna dei som er utsette for forfylging og brot på menneskerettar. Derfor oppfordrar me UiO, gjerne gjennom Scholars at Risk, til å ta imot personar frå både Russland og Ukraina som verken kan praktisera som intellektuelle motstemmer eller som forskarar på den institusjonen dei til vanleg arbeider på, anten på grunn av at krigen gjer det umogleg  eller at dei mister jobben på grunn av at dei har kritisert styresmaktene. Det trur me kan vera eit viktig bidrag i denne vanskelege situasjonen.

Og i tillegg må sjølvsagt UiO-ekspertar på Russland og Ukraina halda fram den viktige jobben dei gjer med å forklara det historiske forholdet mellom dei to landa og analysera avgjerdene til president Vladimir Putin og kva det neste trekket hans blir.  Akkurat no ser Vladimir Putin ut som ein  maktsjuk mann som klamrar seg til presidentstolen og set verdsfreden i fare utan å tenkja på konsekvensane verken for det ukrainske eller det russiske folket. 

• Les meir om Ukraina i Uniforum: 

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

Hva vil en krig i Ukraina få å si for Norge?

– Noreg må stå fast på folkeretten

Gahr Støre fryktar dei store landa vil ta seg meir til rette

Norske studenter fordømmer russisk invasjon og innblanding i Ukraina

Europaminister: Ukraina-krisa er den viktigaste testen EU har opplevd

 

Emneord: Russland, Ukraina, Menneskerettar Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 24. feb. 2022 20:17 - Sist endra 24. feb. 2022 20:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere