LEIAR: Det står respekt av akademias støtte til Ukraina

Før Russlands invasjon hadde UiO få samarbeidsavtalar med universitet i Ukraina.  Etter det som har skjedd det siste året, er det viktig at både UiO og dei andre universiteta og høgskulane i Noreg utvidar dette samarbeidet for å styrkja den akademiske fridomen og ytringsfridomen i landet.

FEKK STUDIESTØTTE: I mars i fjor kunngjorde regjeringa at den ville setja av pengar til studiestøtte for ukrainske, kviterussiske og russiske studentar i Noreg. Ukrainarane Olexandra Dorichenko (t.v.) og Yelyzabeta Dovhinka helsa då på UiO-rektor Svein Stølen og forskings-og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Foto: Ola Gamst Sæther

For eitt år sidan invaderte Russland nabolandet Ukraina. Etter fleire månader med oppmarsj av soldatar i grenseområda mellom Russland og Ukraina og mellom Belarus og Ukraina, gjorde president Vladimir Putin alvor av trugsmålet og sette inn eit storstilt åtak den 24. februar 2022. Resultatet blei store menneskelege lidingar og død blant sivile hos ukrainarane, medan mange hundre tusen soldatar er døde på begge sider. 

Over fem millionar flyktningar frå Ukraina er komne til andre delar av Europa, aller flest til Polen og Tyskland, men over 30 000 har så langt også kome til Noreg.  I tillegg er sju millionar ukrainarar internt fordrivne i heimlandet sitt. I Noreg har alle parti frå Framstegspartiet til og med Raudt støtta Ukraina i krigen, sjølv om ikkje alle partia heile tida har vore like ivrige på å senda våpen til Ukraina. 

Uansett så kjem det unison støtte frå heile det norske folket til retten folket i Ukraina har til å forsvara seg mot ei imperialistisk stormakt som Russland der dagens president Vladimir Putin framleis drøymer seg tilbake til dei dagane då Sovjetunionen omfatta dagens sentralasiatiske republikkar, landa  i Kaukasus, Baltikum, Belarus, Moldova og Ukraina. I tillegg hadde dei alle landa i Aust-Europa, med unntak for Romania og Albania som satellittstatar.  Dei aller fleste av innbyggjarane og dei politiske leiarane i desse landa er i dag glade for at dei ikkje lenger høyrer til det gamle Sovjet-imperiet.  

Universitetet i Oslo og resten av universitets- og høgskulesektoren i Noreg har gjort ein framifrå innsats i å tilby studieplassar til ukrainarar som kjem hit

For akademia i Russland har også invasjonen av Ukraina vore ein tragedie. I dag blir universiteta pålagde å undervisa studentane i den offisielle propagandaen om bakgrunnen for krigen i Ukraina.  Og forskingssamarbeidet med forskarar i og utanfor EU-landa har også tatt ein brå slutt for mange. Dessutan har fleire russiske forskarar i opposisjon til Putin-regimet flykta til Vesten eller til nokre av nabolanda, som til dømes den tidlegare sovjetrepublikken Georgia.  Og fredsprisvinnaren og sjefredaktøren for den uavhengige avisa Novoja Gazeta Dimitrij Muratov har fått forbod mot å gi ut papir- og nettavisa i Russland. No blir ein europeisk versjon av nettavisa laga i Latvias hovudstad Riga. Men verken den eller den russiske versjonen får tilgang til nettet i Russland.

Universitetet i Oslo og resten av universitets- og høgskulesektoren i Noreg har gjort ein framifrå innsats i å tilby studieplassar til ukrainarar som kjem hit.  Alle tildelingane som blei øyremerkte finansiering av studiar for ukrainarar i Noreg, blei ikkje brukte opp. Men situasjonen kan endra seg, og derfor bør universiteta og høgskulane halda fram med å be Kunnskapsdepartementet om pengar til studietilboda for ukrainske studentar. 

Ein positiv effekt av krigen er at UiO no tilbyr opplæring i ukrainsk for alle som har grunnkunnskap i russisk.  Forskarar både frå UiO og frå resten av forskings-Noreg har også vore flinke til å gå ut i media for å forklara om bakgrunnen for krigen, bakgrunnen for Ukrainas kamp for sjølvstende og korleis president Volodymyr Zelenskyj og ukrainarane har klart å forsvara seg , samtidig som dei har kome med analysar av tenkinga til president Vladimir Putin og personane rundt han.  

Før Russlands invasjon hadde Universitetet i Oslo få samarbeidsavtalar med universitet i Ukraina. Etter det som har skjedd det siste året er det viktig at universiteta og høgskulane i Noreg utvidar dette samarbeidet og kan vera med på å slå ring rundt og  støtta opp om høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i Ukraina for å styrkja  den akademiske fridomen og ytringsfridomen i landet.  På Universitetet i Oslo har også fleire ukrainske forskarar fått eit frirom til å halda fram med forskinga si, slik Uniforum tidlegare har skrive om.

For også i Ukraina kan forståinga av akademisk fridom og ytringsfridom bli betre enn den tradisjonelt har vore

I Russland har utviklinga i akademia gått frå vondt til verre. I dag ser det ut som om president Putin vil ha ei einsretting i heile samfunnet, også på universiteta. Så lenge det er situasjonen, bør dei tildelingane som har gått til samarbeid mellom russiske og norske institusjonar heller overførast til samarbeid mellom norske og ukrainske institusjonar. For også i Ukraina kan forståinga av akademisk fridom og ytringsfridom bli betre enn den tradisjonelt har vore. På det området kan akademia i Noreg hjelpa til med demokratiseringa av dei høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane i Ukraina.

I går blei det arrangert ein støttekonsert for Ukraina i Universitetets aula til inntekt for SOS-barnebyar. UiO bidrog med å leiga ut Aulaen gratis. Det er også ein fin måte for UiO å støtta ukrainarane på både kulturelt og med hjelp til barn som er blitt foreldrelause og heimlause. Det siste året har så langt vist at det står respekt av akademias støtte til Ukraina.

• Les meir om Russland og Ukraina i Uniforum:

Russisk studentredaktør: – Når Ukraina vinn, vil det frigjera Russland frå det postsovjetiske narrativet

Det er uheldig for ein diktator å koma mellom to tigrar

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Journalister fra Fillippinene og Russland får Nobels fredspris for 2021

 

Emneord: Ukraina, Russland Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 24. feb. 2023 16:49 - Sist endra 24. feb. 2023 16:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere