Russisk studentredaktør: – Når Ukraina vinn, vil det frigjera landet frå det postsovjetiske narrativet

Dei lagar studentmagasinet DOXA for russiske studentar frå eksil i Vilnius og Berlin. No er dei i Noreg for å ta imot Studentane sin fredspris for arbeidet sitt for presse- og ytringsfridom. 

Tre kvinner og ein mann sit i ein panelsamtale

 POLITISKE IDEAR: – Eg synest me kanskje kan bruka denne prisen som ei moglegheit til å utveksla politiske idear, seier Aleksandra Guliaeva, redaktør for det russiske studentmagasinet DOXA. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Eit av dei første stoppa til dei tre DOXA-redaktørane Ekaterina Martynova, Aleksandra Guliaeva og Nikita Kuchinskii var på Georg Sverdrups hus ved Universitetet i Oslo. På Scene HumSam blei prisvinnarane og studentmagasinet i går  presenterte i ein samtale med Tora Naterstad frå Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

Det skjedde på eit seminar arrangert av UiO i samarbeid med Studentane sin fredspris og NUPI. Då fortalde dei kor glade dei var for å få prisen, og dei inviterte samtidig andre presseorgan, både studentaviser og andre til å samarbeida med dei. Dei varsla at studentmagasinet DOXA snart også ville koma med ei engelskspråkleg utgåve.

Avslørte korrupsjon og seksuell trakassering ved universitet

Grunngjevinga for å gi denne prisen til DOXA var det modige arbeidet studentmagasinet har gjort ved å avsløra korrupsjon og seksuell trakassering ved universitet, dokumentering av statleg forfylging og kampen mot  desinformasjon frå styresmaktene. Etter Russlands invasjon av Ukraina har også magasinet tatt på seg oppgåva med å avsløra russiske krigsbrotsverk.

– Rørande

Uniforum får snakka med både Aleksandra Guliaeva og Nikita Kuchinski om korleis det er å jobba for DOXA og måtte gjera det frå eit land utanfor Russland.

 

 KJEMPAR FOR EI FRI PRESSE: Studentmagasinet DOXA er forkjemparar for den frie pressa i Russland. No gler redaktørane,  Aleksandra Guliaeva, Nikita Kuchinskii og Ekaterina Martynova seg over at magasinet er tildelt Studentane sin fredspris. I går blei dei intervjua av Tora Naterstad frå NUPI på Scene HumSam på UiO.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

Doxa-redaktøren Aleksandra Guliaeva starta å jobba for magasinet etter at ho måtte flykta frå Russland til Litauens hovudstad Vilnius. Medan ho var student i Moskva arbeidde ho for eit anna studentmagasin, fortel ho til Uniforum.

– Men me hadde eit nært samarbeid med Doxa-redaktørane etter at mange av oss blei arresterte i samband med at me støtta studentar som deltok i den russiske opposisjonen sine protestar i 2019.

Ho trekkjer fram at magasinet hadde ei svært stor støtte blant studentmassen i Moskva.

– Etter at redaktørane blei arresterte, kunne me derfor setja i gang ein kampanje for dei arresterte redaktørane. Folk stilte opp i rettssalen og støtta oss med tekstar som dei hadde skrive på føtene sine. Det var rørande å møta lesarane sine på den måten, fortel ho.

Aleksandra Guliaeva meiner at det var nettopp denne støtta frå studentane og lesarane som var den store skilnaden mellom studentmagasinet DOXA og andre media  i Moskva.

Både før og etter Russlands invasjon av Ukraina forlet mange av redaktørane  Russland.

Eit lite DOXA-samfunn i Vilnius

No skriv ho altså for studentmagasinet Doxa frå eksiltilværet i Litauens hovudstad Vilnius. Der har ho selskap av nyhenderedaktør Nikita Kuchinskii.

PÅVERKAR: – Og eg er sikker på at me påverkar det russiske samfunnet også i dag, seier nyhenderedaktør Nikita Kuchinskii i det russiske studentmagasinet DOXA, (Foto:Ola Gamst Sæther)

– Så me møtest og diskuterer saker saman i vårt vesle Doxa-samfunn, men elles bur alle journalistar og redaktørar i forskjellige byar over heile Europa, seier han.  

– I Praha har me ein russisk journalist i eksil som intervjua syrisk flyktningar i eksil. På den måten har me utnytta eksilet vårt som ein fordel, supplerer Alekandra Guliaeva. 

Nikita Kuchinskii har familie i  Belarus og derfor er det praktisk for han å halda til i Vilnius, sjølv om det no også er vanskeleg å koma seg dit.

– Og eg har kontakt med journalistar i Belarus, seier Guliaeva.

– Fantastisk

Dei er begge svært glade for at studentmagasinet DOXA  er tildelt Studentane sin fredspris frå norske studentar. 

– Det var fantastisk å oppleva at det internasjonale samfunnet viste at det sette pris på arbeidet vårt og det me har oppnådd. Vanlegvis er det sjeldan at nokon uttykkjer at dei synest at me gjer eit verdifullt arbeid. Om du ser kommentarfelta i sosiale media,  så er det stort sett berre negative kommentarar, konstaterer han. 

Redaktørkollegaen har gjort ein bestemt observasjon av haldningar i Russland.

– Der rår det ei oppfatning av at unge folk ikkje har rett til å uttrykkja seg. Når du er student, er du ikkje berre i ferd med å bli vaksen, men du er også ein person som er i ferd med å danna dine eigne politiske idear. Eg synest me kanskje kan bruka denne prisen som ein moglegheit til å utveksla politiske idear. For både me og norske studentar spelar viktige roller i utforminga av politikken for framtida, understrekar ho.

– Studentar er framtida for all politikk

Tidlegare i veka deltok ho i ein workshop saman med amerikanske studentar.

– Då snakka me om likskap. Det var svært nyttig at me kunne dela ideane våre med kvarandre. Sjølv om dei er frå USA og eg er frå Russland, så deler me verdiane om likskap. Truleg har me mange andre ting til felles også, seier ho oppglødd.

Nikita Kuchinskii er heilt einig.

 – Studentane er framtida for all politikk. Og det er eit tema som går igjen i studentmagasinet. Og eg er sikker på at me påverkar det russiske samfunnet også i dag, slår han fast.

– Derfor trur eg me tenkjer annleis

– Har de tru på at Russland ein dag kan bli eit land der de kan bruka ytringsfridommen og pressefridommen dykkar igjen?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg har eit håp. Eg var fødd i år 2000 etter oppløysinga av Sovjetunionen. Eg har ikkje noko posttraumatisk traume etter det. Dei som tilhøyrer min generasjon opplever ein stor skilnad mellom oss sjølve og foreldra våre. Me fekk ikkje oppveksten vår i Sovjetunionen. Derfor trur eg me tenkjer annleis og trur at Russland kan bli eit fredeleg land i sameksistens med Ukraina og Belarus. Det siste landet er i praksis okkupert av Russland, sidan presidenten Aleksandr Lukasjenko er Putins høgre hand, trekkjer ho fram.

 – Og dessverre finst det mange andre tidlegare sovjetrepublikkar som framleis er under påverknad frå Russland, peikar Nikita Kuchinskii på.

Dei trur at ein siger til Ukraina kan vera med på å gjera slutt på den russiske påverknaden. 

– Når Ukraina  vinn, vil det frigjera landet frå det postsovjetiske narrativet, er Aleksandra.

Guliaeva heilt sikker på.

100 000 lesarar

Den tredje Doxa-redaktøren som var på Scene HumSam i går, Ekaterina Martynova inviterte alle media i Noreg og i Europa til å samarbeida med dei.

MOGLEG: – Håpet vårt er at me kan dra tilbake til Russland når det ein gong blir mogleg, seier Ekaterina Martynova, redaktør for det russiske studentmagasinet DOXA.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

 – Tala på lesarar har stige frå 20 000 til over 100 000 etter invasjonen av Ukraina. Medan dei fleste lesarane tidlegare var frå  20 til 30 år, er mange av lesarane no også over 40, fortalde ho.

No samarbeider studentmagasinet DOXA med andre russiske aviser i eksil, som Novaja Gazeta og Meduza. Sjølv bur ho i Berlin. 

– Det er blitt eit slags sentrum for russiske journalistar i eksil. Så me  møter kvarandre ofte, også for å ha sosialt samvær,  fortalde ho.

 Eit av oppdraga dei har hatt er å intervjua dei som har opplevd krigen i  Ukraina og vore vitne til russiske krigsbrotsverk.

– Då går journalisten vekk frå oppgåva med å vera journalist til å bli ein slags psykolog. Ein journalistjobb er derimot  å henta inn informasjon og setja alt saman til ein artikkel, sa ho.

Då ho fekk spørsmål frå salen, om ho såg føre seg noko framtid i Russland, var svaret eit nølande ja. 

– Me har det fint i Europa og er svært takksame overfor dei landa som har tatt imot oss. Heimlandet vårt er ikkje desse landa, men Russland. Håpet vårt er at me kan dra tilbake til Russland når det ein gong blir mogleg.

Skal møta Ola Borten Moe

Mathea Mohn er leiar for Studentane sin fredspris og ho fylgjer prisvinnarane med på turen i Noreg. Dei skal møta studentar i Oslo, Bergen, Tromsø og Bergen før prisutdelinga i Trondheim.  Men  dei skal også treffa  Russlandsorganisasjonar og politikarar

– Dei skal ha møte med forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, fortel ho til Uniforum. 

Etter hennar meining er det mykje å læra av vinnarane av Studentane sin fredspris.

– Om kor viktig det er å støtta årets vinnarar og om kor viktig det er med studentaktivisme i antikrigsmotstand, seier ho til Uniforum.

• Les meir om Russland og pressefridom i Uniforum:

Det er uheldig for ein diktator å koma mellom to tigrar

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

Journalister fra Fillippinene og Russland får Nobels fredspris for 2021

Dei lagar Cubas einaste frie avis

"Det var fryktelig med Charles Hebdo, men ..."

- Snowden-saka er The Guardians største skup

Friheter under press
Full støtte til avisredaktør
Selvsensur ved danske universiteter
Frykter for jobben etter rektorkritikk

Journalistlegende fra Zimbabwe er Fritt Ord-professor

 

 

 

 

 

 

Emneord: Akademisk fridom, Menneskerrettar, Russland, Ukraina, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2023 16:24 - Sist endra 3. feb. 2023 11:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere