Dei lagar Cubas einaste frie avis

Cubas einaste frie og uavhengige nettavis har eksistert i fem år. Dei to eldsjelene Juan Gonzalez Febles og Luis Cino Àlvarez redigerer avisa Primavera Digital heime hos redaktøren. Avisa blir finansiert av eit senter knytt til Kristdemokraterna i Sverige.

SOVEROM ER REDAKSJON: Redaksjonssjef Luis Cino Àlvarez og redaktør Juan Gonzalez Febles redigerer avisa Primavera Digital  på soverommet heime hos redaktøren.

Foto: Martin Toft

I eit nedslite kvartal i bydelen Lawton i utkanten av Havanna går me ut av motorsykkeldrosjen og  inn i ei tre etasjer høg blokk og opp to etasjar. Me stansar framfor døra med skiltet Juan Gonzalez Febles uavhengig journalist. Han er redaktør for Cubas einaste frie og uavhengige nettavis, Primavera Digital (Den digitale våren). Då me treffer han, er både redaksjonssjefen Luis Cino Àlvarez og kona til redaktøren, Ana Torricella Morales til stades. Alle arbeider i avisa.

Hovudkvarter på Cuba

Han tar oss me inn på soverommet, viser oss PC-en og resultatet av det dei har jobba med dei siste dagane.

– Me er nettopp ferdige med den siste utgåva vår. Avisa kjem ut ein gong i veka. Det finst andre frie og uavhengige nettaviser som rettar seg mot lesarar på Cuba, men dei har hovudkvarter i USA eller i andre land. Primavera Digital er den einaste avisa som har både hovudredaksjonen og alle medarbeidarane sine på Cuba. Og avisa har allereie eksistert i fem år, fortel Luis Cino Àlvarez og Juan Gonzalez Febles svært stolte.

Tidlegare var dei korrespondentar for CubaNet, som har hovudkvarteret sitt i Miama i Florida. Etter kvart fann dei ut at dei ville starta si eige, uavhengige avis på Cuba.

 – Det er det einaste me er stolte over at me har klart å få til i vår yrkeskarriere som journalistar. Avisa brukar me også som reiskap for å hjelpa andre yngre journalistar til å praktisera fri og uavhengig journalistikk, understrekar dei.

Nettavisa blir publisert ein gong i veka. Alle artiklane blir sende til Sverige på e-post eller i diplomatpost, og så blir artiklane lagde ut på ein datatenar i Sverige.

– Alle slepper til

Dei viser meg lista over alle medarbeidarane i avisa. Nokre av dei har vunne litteraturprisar og kulturprisar. Felles for dei er at dei alle har vore på kant med styresmaktene for det dei har sagt eller skrive.

– Hos oss i Primavera Digital slepper dei til, understrekar ansvarleg redaktør Febles. Avisa publiserer både kommentarar, forteljingar og nyhende om trakassering av politiske aktivistar, overgrep frå politiet mot vanlege folk og reportasjar om korleis folk lever og bur.

– Både advokatar, økonomar, forfattarar og kunstnarar skriv for oss. Det som er felles for dei er at dei er sette på sidelinja av dei kubanske styresmaktene.  Ei av dei største gledene me har hatt er at ein yngre forfattar som begynte å skriva litterære tekstar for oss, seinare blei tildelt Kafka-prisen.

HAVANNA: Nettavisa Primavera Digital har hovudkvarteret i Cubas hovudstad Havanna. Denne sjåføren er tydeleg stolt av den amerikanske bilen sin frå 1950-talet. (Foto: Martin Toft)

Spreier artiklane på minnepinnar

– Dei aller fleste innbyggjarane på Cuba har ikkje tilgang til internett, og kan altså ikkje lesa Primavera Digital på nett. Korleis klarer folk likevel å fylgja med på det som de skriv om?

 – Ja, det er sant. Men dei som har tilgang, tar det opp på minnepinnar og spreier nyhenda som dei ikkje får gjennom dei offisielle regjeringskontrollerte avisene, til venner og kjente.

Paradokset er at dei mest trufaste lesarane våre, er dei som jobbar for dei offisielle mediekanalane på Cuba. Om me publiserer eit nyhende om eit drap, tar det ikkje lang tid før det same nyhendet kjem i dei offisielle avisene. Eit anna døme er demonstrasjonane som "Kvinnene i kvitt" organiserte i samband med feiringa av Dei tre heilage kongane (Los reyes magos) 6. januar 2014. Då gjekk politiet til åtak på dei, slo dei ned og arresterte dei. Denne historia publiserte me i Primavera Digital og seinare spreidde den seg over heile verda, fortel redaktøren.

I nettavisa skriv dei også om utanrikspolitiske saker.

– Ja, sjølvsagt. Me skriv til dømes om Venezuela og den politiske utviklinga der, og så kan innbyggjarane i det landet samanlikna det me det som har skjedd på Cuba, seier redaktøren.

Ser ingen reformvilje hos brørne Castro

Sjølv er han svært kritisk til at regjeringa i USA og regjeringar i Europa trur det finst reformvilje hos brørne Raúl og Fidel Castro. – Eg har studert og høyrt talane deira heilt sidan revolusjonen. Dei har ikkje forandra eitt einaste komma, konstaterer han.

– Kva politisk framtid ser de for Cuba?

– Det ser ut som om dei vil halda fram med eit fascistisk diktatur, men ha ein viss økonomisk fridom som i Kina og Vietnam, seier redaksjonssjefen. Han fryktar også den rå kapitalismen.

– Sosialismen hadde sjansen her, men brukte opp alle sine moglegheiter. Eg trur heller det vil gå mot ei utvikling som i Russland, ein rå kapitalisme og ein autoritær stat. Me kallar det for Putinismen.

– Korleis har dei politiske styresmaktene reagert på artiklane dykkar?

– Ein periode trakasserte dei meg ein gong i veka. No overvakar dei oss, men trakasserer andre som deltar i demonstrasjonar. Dei overvakar både telefonnettet og inngangen i bygningen der eg bur, fortel Febles.

Får økonomisk støtte frå Sverige

Begge er opptatt av å læra opp nye og unge skribentar som kan skriva i avisa. – Målet vårt er å hjelpa vanlege kubanarar til å hjelpa seg sjølve. I staden for å gi fisk til ein kubanar, gir du han ei fiskestang, slik at han kan skaffa seg fisk på eiga hand. Det er eit bilete som dei også brukar for å skildra støtta dei har fått frå Sverige.

– Det er nettopp det Kristdemokraternas internasjonale senter i Sverige har gjort. Dei har gitt oss pengar for at me sjølve skal gi ut ei fri og uavhengig nettavis.

– Opplæring i granskande og uavhengig journalistikk

Henrik G. Ehrenberg er styreleiar for Kristdemokratiskt Internationellt Center i Stockholm. Han stadfestar at senteret har finansiert nettavisa Primavera Digital på Cuba.

STØTTAR UAVHENGIG NETTAVIS PÅ CUBA: – På Cuba er det ikkje mogleg å driva seriøs journalistikk i dei offisielle mediekanalane. Journalistar på Cuba spurte oss om me kunne starta opplæring av dei, fortel styreleiar Henrik G. Ehrenberg i Kristdemokratiskt Internationellt Center i Stockholm. (Foto: Kristdemokratiskt Internationellt Center)

Ein av deira spanskspråklege tilsette har også ansvaret for å leggja artiklane inn i applikasjonen til nettavisa og publisera den.

– På Cuba er det ikkje mogleg å driva seriøs journalistikk i dei offisielle mediekanalane. Journalistar på Cuba spurte oss om me kunne starta opplæring av dei. Ideen vår var difor å læra opp kubanske journalistar til å driva granskande og uavhengig journalistikk. Kort sagt utføra journalistikk på den måten me er vande me å gjera det innanfor eit demokratisk fleirpartisystem.

– I opplæringa vår inngår også presseetikk og korleis ein avisredaksjon skal fungera og korleis den skal leiast. Dessutan er me opptatt av å læra dei om korleis dei kan skriva ein artikkel som er forståeleg for folk flest. På denne måten er det også eit opplæringsprosjekt, seier Ehrenberg.

Mange journalistar frå Sverige med interesse for arbeidsvilkåra til kubanske journalistar har reist til Cuba, snakka med sine kollegaer der, og fortalt dei om korleis dei kan laga ei god nyhendeavis.

– Det er er ikkje så enkelt for dei kubanske journalistane å reisa ut av landet og koma til Sverige, sjølv om det er langt lettare no enn før, fortel han.

– Har du inntrykk av at det er mange som les nettavisa Primavera Digital på Cuba?

– Dei aller fleste på Cuba har ikkje tilgang til internett, så dermed blir lesartilgangen ganske avgrensa. Men den når ut til

Cuba og USA

17. desember 2014 blei USAs president Barack Obama og Cubas president Raúl Castro einige om å oppretta diplomatisk samband og prøva å fjerna isfronten mellom dei to landa. Fangar i kubanske og amerikanske fengsel blei også sette fri. Det skal også bli lettare å overføra pengar mellom dei to landa.

Nettverk for Latinamerika-forsking ved SUM hadde seminar om forholdet mellom USA og Cuba 22. januar. Forskarane Vegard Bye, Borghild Tønnessen-Krokan og Even Sandvik Underlid innleidde på Litteraturhuset.

Neste seminar om forholdet mellom USA og Cuba vil bli arrangert i juni.

ein god del personar, så eg vil seia at med tanke på at dei driv ei fri og uavhengig avis i eit land utan pressefridom, ser det ganske greitt ut. Den vil aldri få same påverknadskrafta som Dagens Nyheter og Sveriges Televisjon, understrekar han.

 

– Har kubanske styresmakter prøvd å stengja nettavisa Primavera Digital?

 – Nei, det har dei ikkje, for den einaste måten dei kan gjera det på er å setja heile redaksjonen i fengsel. Avisa blir publisert av ein spansktalande medarbeidar hos oss på ein servar i Sverige, og derfor har ikkje kubanske styresmakter kontroll over kva som blir publisert der. Og det ville sjølvsagt ha vore umogleg å ha starta ei nettavis på Cuba med ein servar som var lokalisert på øya, peikar han på.

I arbeidet med denne artikkelen prøvde me utan hell å få ein kommentar frå sjefsredaktøren i Cubas regjeringsorgan Granma.

(Fagpressa har gitt økonomisk bidrag til reportasjen)

Dette er nettsida til Primavera Digital på Cuba.

 

 

 

Emneord: Cuba, Latin-Amerika, Menneskerettar Av Martin Toft i Havanna
Publisert 18. feb. 2015 05:00 - Sist endra 18. feb. 2015 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere