– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

– Om Den internasjonale domsstolen i Haag kjem fram til at det ikkje har vore eit folkemord i Ukraina, vil invasjonen til Russland vera illegitim. Det konstaterte førsteamanuensis Stian Øby Johansen ved Senter for europarett på UiO på eit møte denne veka.

Ein mann med jakke står og talar framfor eit bord

ILLEGITIM: – Viss domstolen kjem fram til at det ikkje har vore noko folkemord, vil invasjonen til Russland vera illegitim, sa førsteamanuensis Stian Øby Johansen på Senter for europarett ved UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Krigens rett og juridisk krigføring. Det var temaet for ein Ukraina-debatt på Det juridiske fakultetet onsdag 2. mars. Deltakarar var jussprofessor Geir Ulfstein, professor i internasjonal migrasjonsrett Maja Janmyr og førsteamanuensane Sofie Høgestøl og Stian Øby Johansen.

Både folkeretten, flyktningkonvensjonen og folkemordkonvensjonen var område som blei tekne opp.

Skal avgjera om det har vore folkemord

Russland har forsvart invasjonen av Ukraina med at dei ukrainske styrkane har utført folkemord i Luhansk- og Donetsk-regionane. Derfor har Ukraina bede Den internasjonale domsstolen i Haag om å undersøkja desse påstandane fordi dei ynskjer å slå fast at dei ikkje driv med folkemord i desse regionane. Begge land er blitt einige om at spørsmålet kan handsamast i straffedomstolen under folkemordkonvensjonen.

– Saka kjem opp måndag og tysdag i neste veke, og då får både Russland og Ukraina tre timar kvar på seg til å prosedera for synspunkta sine. Viss domstolen kjem fram til at det ikkje har vore noko folkemord, vil invasjonen til Russland vera illegitim. Det var konklusjonen til Stian Øby Johansen under ein debatt om Ukraina-krigen og folkeretten på Det juridiske fakultetet denne veka.

– Russland må dermed prosedera på kvifor landet meiner det har vore eit folkemord i desse områda, trekte han fram. Øby Johansen peika også på at domstolen kan påleggja partane å avstå frå alle militære operasjonar til spørsmålet er avgjort.

– Vikingjuss

Men Ukraina har også sett inn ei juridisk krigføring på ein annan front.

 – Landet har tillegg levert inn ei melding til Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg fordi det meiner Russland har brote forbodet mot å lata sjukehus og andre sivile bygningar bli mål under ein krig.

Stian Øby Johansen viste til at det ikkje finst nokon samla "sanksjonsrett". Han peika på at sanksjonar i staden for må  vurderast opp mot ei rekkje regelsett, litt avhengig av kva sanksjonane går ut på. 

– Men alle demokratiske land har innført sanksjonar mot Russland på grunn av brotet på folkeretten. Dette er meir auge for auge, tann for tann eller vikingjuss, konkluderte han med.

Litauen melde inn sak for Ukraina

Førsteamanuensis Sofie Høgestøl  ved Nordisk institutt for sjørett viste til det paradokset at Ukraina ikkje er blant landa som har skrive under på avtalen om Den internasjonale straffedomstolen, men likevel vil ta opp ei sak i domstolen.

LIEIARANSVAR: – Den internasjonale straffedomstolen pleier berre å straffeforfylgja dei som har hatt eit leiaransvar, understreka  førsteamanusensis Sofie Høgestøl på Nordisk institutt for sjørett ved UiO.  (Foto: Ola Gamst Sæther).

– Om Ukraina hadde meldt inn denne saka sjølv, ville det tatt lang tid før dommarpanelet hadde avgjort om den kunne bli tatt opp. Litauen tilbaud seg å melda saka til Ukraina inn for Den internasjonale straffedomstolen, og derfor blei det allereie dagen etter avgjort at den kunne handsamast der. Det kunne forresten også Noreg ha gjort, kommenterte ho.

– Det er grunnen til at hovudklagaren til Den internasjonale straffedomstolen  Karim Asad Khan har sagt at dei no vil undersøkja påstandane om folkemord i dei  austlege regionane Luhansk og Donetsk og situasjonen i andre delar av Ukrainas terriorium sidan 2013. Det dei kan etterforska, er om det har skjedd krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta eller folkemord. Eit siste punkt; aggresjonsbrotsverk blei tatt inn i 2018, men er enno ikkje formelt godkjent av FNs Tryggingsråd. Det skjer heller ikkje så lenge Russland sit der, var ho sikker på. 

Så er spørsmålet kven som kan straffast for moglege brotsverk.

– Eigentleg kan alle personar som er over 18 år og som er delaktig i eit brotsverk på territoriet til Ukraina bli straffa. Men Den internasjonale straffedomstolen pleier berre å straffeforfylgja dei som har hatt eit leiaransvar, understreka Sofie Høgestøl.

– Ein folkerettsstridig invasjon

Professor Geir Ulfstein ved Pluricourts – Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet deltok i debatten på videolink frå USA. Han meinte det var viktig å argumentera med folkeretten overfor både Ukraina og Russland i denne krigen.

– Det er klart at dette er ein folkerettsstridig invasjon. Samtidig brukar Russland folkerettsleg argumentasjon for å ha handla slik dei har gjort. Derfor har også forhandlingane mellom dei to partane folkeretten som bakgrunn. Verken Russlands annektering av Krim eller støtte til separatistane i Luhansk og Donetsk i 2014, hadde legitimitet. Heller ikkje folkerøystinga på Krim midt under den militære okkupasjonen hadde det, slo han fast.

– Anerkjenning av utbrytarar er også eit brot på fokeretten, la han til.

Geir Ulfstein tok også opp innhaldet i Budapest-memorandumet.

– Der godtok Russland Ukraina som eit sjølvstendig land. I Minsk 1- og i Minsk 2-avtalane forplikta Russland seg til å trekkja styrkane sine ut av Luhansk og Donetsk-regionane. Russland hadde inga folkerettsleg grunngjeving for å ha dei der, sa han.

Folkerettseksperten Geir Ulfstein meinte også at det var viktig å argumentera med folkeretten, ikkje minst krigens folkerett under krigen i Ukraiina.

– Dei krigande har rett til å gå til åtak på militære mål. Om det kan få sivile konsekvensar, skal dei heller ikkje gå til åtak på militære mål, understreka han.

 Ulfstein kom også inn på om det var tillate for andre land å gi våpenhjelp til Ukraina.

– Her er det viktig å skilja mellom nøytrale statar og stridande statar. Å gi våpen er ikkje eit brot på nøytraliteten i seg sjølv. Men det gir rett til motparten å hindra leveransar, men utan å gå til åtak på landet som gir våpen., sa han.

Første flyktningar frå land med visumfri status

Den største konsekvensen av krigen for nabolanda så langt har vore dei over 1,2 millionar flyktningane frå Ukraina, som så langt er registrerte av FNs høgskommisær for flyktningar.  Polen har tatt imot flest, men også Slovakia, Ungarn og Romania har tatt imot mange.

MELLOMBELS VERN: – EU har innført felles rett til opphald for flyktningar og melombels vern for alle flyktningar frå Ukraina, fortalde professor Maja Janmyr ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Professor Maja Janmyr ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi viste til at i Polen fekk 90 prosent av flyktningane hjelp frå ukrainarar som bur i Polen.

– Dette er første gong eit naboland til EU med visumfri status er i krig og det kjem flyktningar derifrå. Dette kjem inn under Flyktningkonvensjonens art. 1 (A) som forpliktar til internasjonalt samarbeid. EU har innført felles rett til opphald for flyktningar og melombels vern for alle flyktningar frå Ukraina, fortalde ho.

– Kan håpa på kandidatstatus i EU

Ukraina har nyleg sendt inn ein søknad om å bli EU-medlem. Men Stian Øby Johansen trudde det ville ta lang tid før det kan bli ein realitet.

– Det er nokre krav til å bli medlem som omfattar både demokrati og menneskerettar. For det er ikkje nok med politisk vilje. Dei juridiske og andre krava kan ikkje Ukraina oppfylla over natta. Landet kan berre håpa på kandidatstatus no. Vanlegvis tar det mellom fem og ti år for eit land å bli EU-medlem, forklarte han.

Geir Ulfstein fekk spørsmål om korleis han såg på framtida til Russland i FNs Tryggingsråd.

– Det er inga stor stemning for å fjerna Russland frå Tryggingsrådet, slo han fast.

(Stian Øby Johansens uttale om sanksjonsrett er korrigert 18.03.2022 klokka 12:58)

• Les meir om Ukraina og Russland i Uniforum: 

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime

Suspenderer akademisk samarbeid med Russland

Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

DEBATT: Universitetets ansvar

UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat

UiO heiser Ukrainas flagg

– Russland er blitt et klassisk diktatur

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

Emneord: Ukraina Russland, Jus Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2022 17:07 - Sist endra 1. juni 2022 14:00

Journalisten har misforstått følgende:"Stian Øby Johansen viste til at spørsmålet om sanksjonar står det ikkje noko om i folkeretten."

Poenget jeg prøvde å få frem var at sanksjoner som begrep og fenomen favner om en rekke forskjellige folkerettslige spørsmål. Det finnes ingen samlet "sanksjonsrett". Sanksjoner må istedenfor vurderes opp mot en rekker regelsett, litt avhengig av hva sanksjonene går ut på. For eksempel reglene om mottiltak (øye for øye, tann for tann), menneskerettigheter, og immunitetsregler. For å nevne noe.

Stian Øby Johansen - 4. mars 2022 17:15

Den setninga som Stian Øby Johansen nemner er no korrigert,  

Martin Toft - 18. mars 2022 13:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere