I dag avgjer regjeringa om Noreg skal stansa alt internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid med Russland på grunn av invasjonen av Ukraina. Frå før er det klart at regjeringa vil suspendera alt akademisk samarbeid med russiske partnarar. Samtidig vil regjeringa verna forskar-til -forskar-samarbeidet.
– Vil bli behov for ein dugnad
Universitetet i Oslo har fleire studentar frå Ukraina. No førebur universitetet seg på å gjera seg klar til å ta på seg det ekstra arbeidet konsekvensane av Ukraina-konflikten vil gi.
– Det er grunnen til at UiO no har sett av 10 millionar kroner som skal møta denne situasjonen, fortel rektor Svein Stølen til Uniforum. Han kom først med det nyhendet då han opna seminaret Krig i Europa i regi av Partnarforum i går ettermiddag.
– Det vil bli behov for ein dugnad for å kunna ta imot studentar og akademikarar frå Ukraina. Me vil gjera dette for å ta vårt ansvar. Og det er viktig å få gjort dette no, og derfor har eg som rektor tatt denne avgjerda. Det er heilt innanfor mandatet til rektor. Universitetsstyret vil bli nærare orientert på møtet tysdag 8. mars, og eg reknar med at dei stiller seg fullt og heilt bak dette, seier Svein Stølen.
Vurderer nye tiltak i dag
Regjeringa skal altså vurdera nye tiltak innan universitets- og høgskulesektoren på regjeringskonferansen i dag torsdag 3. mars, skreiv Universitetsavisa tysdag kveld. Det som kan bli vurdert er reaksjonar mot Russland i forskingsprogram og andre internasjonale fora. Dei vil også søkja råd hos regjeringskollegaer i EU.
– Så er me også svært opptatt av situasjonen til studentane oppi dette, sa statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel til avisa. Per i dag finst det om lag 680 russiske og 235 ukrainske studentar ved norske høgare utdanningsinstitusjonar, melder Universitetsavisa.
– Kan koma mange ukrainske flyktningar
Statssekretæren ser ikkje bort frå at det vil vera naudsynt å forlengja opphaldsløyva til dei studentane som måtte ynskja det og kunna bidra økonomisk til utsette studentar.
– Det er noko som vil bli vurdert. Me må elles ta høgd for at det kan koma mange ukrainske flyktningar hit til landet i tida som kjem. Dette vil bli gjort gjenstand for ei samla vurdering, sa Oddmund Løkensgard Hoel til avisa.
• Les melr om Ukraina og Russland i Uniforum:
Tidlegare forsvarssjef: – Truleg er dette byrjinga på slutten av Putins regime
Suspenderer akademisk samarbeid med Russland
Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa
Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet
UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat
– Russland er blitt et klassisk diktatur
LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare
Anniken Huitfeldt: – Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina
Hva vil en krig i Ukraina få å si for Norge?
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere