Russland kan bli stengt ute frå Horisont Europa

Dei 27 EU-landa og EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein kan koma til å skrinleggja alt forskingssamarbeid med russiske forskarar i Horisont Europa. Det står truleg på sakslista når universitetstoppane møter i Kunnskapsdepartementet i ettermiddag.

Eit EU-flagg vaiar i vinden

UTESTENGING: Ei utestenging av russiske forskingsinstitusjonar frå forskingssatsinga Horisont Europa kan vera eit nytt tiltak EU sett i verk som sanksjon mot Russland etter invasjonen i Ukraina. (Arkivfoto)

Foto: Paul-Erik Lillholm

I helga vedtok EU, USA,  Storbritannia, Canada  og Australia saman med mellom andre Noreg ei rekkje økonomiske sanksjonar mot Russland på grunn av invasjonen av nabolandet Ukraina.

Russiske fly blir også nekta å flyga over både EUs og Noregs luftrom. I tillegg blir også betalingssystemet Swift utilgjengeleg for minst 70 prosent av dei russiske bankane.

Møter Kunnskapsdepartementet

UiO-rektor Svein Stølen uttrykkjer overfor Uniforum at han meiner det er tydeleg at EU no vurderer å halda russiske forskarar og forskingsinstitusjonar utanfor det europeiske forskingssamarbeidet Horisont Europa. Forsking og akademisk samarbeid er eitt av punkta på saklista når norske universitetstoppar er kalla inn til møte med statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) i ettermiddag, slik Khrono meldte i går.

Kan kasta Russland ut av samarbeidet med Horisont Europa

UiO-rektoren peikar i eit innlegg, også publisert i Uniforum, på at den russiske invasjonen av Ukraina kan få fylgjer både for norsk forskingssamarbeid og studentutveksling med Russland.

I ein samtale med Uniforum utdjupar han det punktet og viser til at EU kan koma til å innføra reglar som gjer at russiske forskarar og forskingsinstitusjonar ikkje lenger kan få delta i den europeiske forskingssatsinga Horisont Europa.

I dag har UiO fleire forskarar med forskingsprosjekt i Russland.

 – Så langt har me ikkje fullt oversyn over kor mange det er, men me arbeidar med dette, seier han.  UiO er  i dagleg kontakt med UiO-studentar som er på utveksling på universitet i fleire delar av Russland. Så langt har dei ikkje bede om hjelp til å venda tilbake til Noreg. I Ukraina er det ingen UiO-studentar, men det er fleire studentar frå Ukraina på UiO.

– Viktig at me tar oss av dei

 – No er det viktig at me tar oss av dei og støttar dei i den situasjonen dei er i, Det kan vera mogleg at me får dei inn på ordiinære studieprogram, men då vil me samarbeida nært med norske styresmakter om forlenging av opphaldsløyve, seier Stølen.

For UiO-rektoren er det viktigaste no å uttrykkja at universitetet stiller opp for å hjelpa forskarar og studentar som er på flukt til Europa og har behov for ei trygg hamn.

 – Me må i fellesskap med andre universitet og styresmaktene våre finna ut korleis me kan bistå, seier han til Uniforum.

– Og universitet i universitetsalliansen The Guild ser også på moglegheita for virtuell undervisning for studentar som blir verande i Ukraina, legg han til.

Skal ikkje kunna gjennomføra betalingar med Russland

I går ettermiddag sende også universitetsdirektør Arne Benjaminsen ut ein epost til alle einingane ved UiO. Der går det mellom anna fram at når betalingssystemet SWIFT no vert stengt  ned som eit sanksjonstiltak, vil  det ikkje lenger kunna gjennomførast banktransaksjonar med Russland. "Bestilling av varer, tjenester eller andre disposisjoner som medfører økonomiske forpliktelser med Russland skal derfor ikke gjennomføres", står det i meldinga frå universitetsdirektøren.

Han ber også alle einingar om å fylgja opp alle studentar frå Ukraina og andre land som er involverte i konflikten. Men om studentar skal bli verande lenger i Noreg på grunn av krigen, er det ei sak som universiteta tar opp med styresmaktene, går det fram av meldinga. " Når det gjelder spørsmål om opphold, visum, finansiering av livsopphold for studenter og ansatte som er på tidsavgrensede opphold tas det et samlet initiativ fra universitetene mot myndighetene". 

I ettermiddag skal leiarar frå norske universitet og høgskular i møte med Kunnskapsdepartementet for å drøfta kva som vidare skal skje med forsking og akademisk samarbeid med Russland i tida framover.  

• Les melr om Ukraina og Russland i Uniforum: 

Universitetet i Tromsø fratok Sergei Lavrov æresdoktoratet

DEBATT: Universitetets ansvar

UiT-styret holder ekstraordinært møte om Lavrovs æresdoktorat

UiO heiser Ukrainas flagg

– Russland er blitt et klassisk diktatur

LEIAR: Ein maktsjuk mann som set verdsfreden i fare

Anniken Huitfeldt: –  Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

Hva vil en krig i Ukraina få å si for Norge?

– Noreg må stå fast på folkeretten

Gahr Støre fryktar dei store landa vil ta seg meir til rette

Norske studenter fordømmer russisk invasjon og innblanding i Ukraina

Europaminister: Ukraina-krisa er den viktigaste testen EU har opplevd

Emneord: Russland og Ukraina Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2022 09:16 - Sist endra 1. juni 2022 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere