Europaminister: – Ukraina-krisa er den viktigaste testen EU har opplevd

– Russlands intervensjon i Ukraina er den viktigaste testen EU har hatt i heile si levetid. Det sa Europaminister Vidar Helgesen på ARENA-forelesinga på UiO i går.

LOVPRISTE EØS-AVTALEN: Europaminister Vidar Helgesen meinte EØS-avtalen har tent Noreg både økonomisk og politisk.

Foto: Ola Sæther

– Europa er no inne i den alvorlegaste krisa sidan den kalde krigen. Valet står mellom eit nullsumspel eller samspel. Ingen skal vera i tvil om kva me vil leggja vekt på, understreka Vidar Helgesen for ei stor forsamling med studentar og UiO-tilsette i Eilert Sundts hus. Etter hans meining har Europa fått ei heit politisk nøtt i fanget. Og for dei viktigaste aktørane i denne konflikten, Ukraina og Russland er det endå tøffare.

– Denne krisa bør likevel ikkje handsamast som eit bilateralt, men som eit multilateralt spørsmål. Og eg trur EU vil vera det viktigaste organet som kan ta eit diplomatisk initiativ i denne situasjonen, slo han fast.

Nei takk til ny folkerøysting

Høgremannen Vidar Helgesen ville likevel ikkje ha noka ny folkerøysting om Noreg skal melda seg inn EU no.

– Dei som krev det, er i alle fall dømde til å tapa den folkerøystinga.  Mitt råd vil vera at dei begynner i ein heilt annan ende, meinte han. EØS-avtalen tykte han hadde vore til stor fordel for Noreg sidan den begynte å fungera i 1994.

– Den gongen hugsar eg at me gjekk med jakkemerke med teksten «EØS: lysten er stor og evnen er liten». I dag må eg seia at me har fått maksimalt ut av å vera med i den indre marknaden. 80 prosent av det me eksporterer, går til EU, og 60 prosent av de me importerer kjem derifrå. Og prinsippet om dei fire fridomane blir praktisert svært godt i Noreg. Det viser  fridomen som handlar om den frie arbeidsmarknaden. I Noreg bur det no 100 000 polakkar og 50 000 litauarar. I høve til folketalet er det Noreg som har utnytta denne fridomen best,  konstaterte han. – Ein gong i framtida kan det vera nordmenn som må ut av landet sitt for å få seg arbeid. For Noreg har denne fridomen vore ein stor fordel. For distrikta har også den frie marknaden hatt mykje å seia for busetjing og sysselsetjing, la han til.

– EU tar med våre innspel

Kritikken om at Noreg heile tida må sitja på gangen og berre godta alt EU vedtar, utan å ha nokon som helst påverknad, avviste han på det sterkaste. – Både når det gjeld EUs klimamelding og energimelding, har EU tatt inn ein god del av dei innspela me har kome med.  Etter at saka om ostetollen kom som ei stor overrasking frå den førre regjeringa, er det langt fleire som dukkar opp på møte i Stortingets Europautval.  Me trur difor me vil bli endå flinkare til å koma på bana før EU har vedtatt direktiva sine,  sa han.

– EU er modell for andre

Sjølv om EU har opplevd ei alvorleg finanskrise dei siste åra hadde han stor tru på at EU også vil koma til hektene igjen, også etter den krisa. – Alle EU-landa forstår at dei i lengda vil tena på å vera medlemar, men alle vil ikkje tena på det heile tida. Dei klarer å bli einige gjennom å arbeida seg gjennom konfliktar og konfrontasjonar. Difor ser også andre regionar i verda til Europa og EU som ein modell, trekte han fram.

Verdas nest eldste grunnlov

Vidar Helgesen lovpriste også den norske grunnlova, den nest eldste konstitusjonen i verda av dei som framleis er i bruk. – Den var inspirert av den europeiske opplysningstida og var langt før si tid når det gjaldt å verna individuelle rettar. Me skal likevel ikkje gløyma at 1814-prosessen var vanskeleg, og at me måtte slita nokre tiår med Sverige, før landet vårt blei heilt sjølvstendig.

.

 

 

Emneord: EU, Ukraina, Internasjonalisering, Russland Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2014 12:58 - Sist endra 5. mars 2014 13:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere