– Noreg må stå fast på folkeretten

– Om ikkje me som eit lite land står opp for folkeretten, vil me tapa på det. Dei sterkaste skal ikkje vinna fram fordi dei er dei sterkaste.Det understreka Noregs utanriksminister Ine Marie Eriksen då ho heldt ARENA-førelesinga på Universitetet i Oslo i går ettermiddag

­

VERDA GÅR RETT VEG: – Det er ikkje noko svart-kvitt-bilete. Mykje går i rett retning, Fattigdomen er redusert, fleire land avskaffar dødsstraff og det er mindre spebarndød enn før, sa utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide, då ho heldt ARENA-førelesinga i Eilert Sundts hus i går ettermiddag. 

Foto: Ola Sæther

Det brukte utanriksminister Ine Marie Eriksen som argument for at Noreg har støtta opp om restriksjonane som EU sette i verk mot Russland etter å tatt Krimhalvøya med makt i 2014.

– Russland braut folkeretten. Noreg slutta seg derfor til EUs restriktive tiltak mot Russland. Me står framleis fast på dette, trass i ulike meiningar i ulike land i EU, vedgjekk ho. Men Russland var ikkje det einaste landet ho trekte fram, der ho meinte at vernet om rettsstaten er i fare.

– Bryt med rettsstaten sine prinsipp

– Mange land i Europa bryt med rettsstaten sine prinsipp, det skjer både i Tyrkia, i Polen og i Ungarn. Det går ut over både pressefridomen og den personlege fridomen. No diskuterer EU om Ungarn også skal mista stemmeretten, slik som det er føreslått skal skje med Polen.  Dei brukar som argument at det handlar om den nasjonale suverenteten mot eliten. I Romania prøver styresmaktene å gjera alt dei kan for at korrupsjonsmistenkte politkarar skal unngå straff, trekte ho fram.

Så kom ho inn på ein roman av Dag Solstad.

– For 12 år sidan skapte Dag Solstad debatt om diplomaten Armand B. Hovedtemaet var at verda var blitt så komplisert at Solstads eigen generasjon var i ferd med å resignera. Men det har skjedd store endringar sidan den gongen, understreka Ine Marie Eriksen Søreide.

– Mykje går i rett retning

Etter hennar meining ser ikkje utviklinga i verda så negativ ut som det er mogleg å få inntrykk av.
­

– Det er ikkje noko svart-kvitt-bilete. Mykje går i rett retning, Fattigdomen er redusert, fleire land avskaffar dødsstraff og det er mindre spebarndød enn før. Men verdsordninga bygt på erfaringar etter to verdskrigar er i ferd med å endra seg. I 2014 blei eit europeisk land for første gong på 50 år okkupert av eit anna europeisk land. No er handelsavtalar i rørsle. Er verdifellesskapen som me byggjer vårt Europa på, truga? Er helsetilstanden i Europa i drift? spurte ho.

For utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide startar norsk utanrikspolitikk i Europa. Samtidig erfarer ho at norsk utanrikspolitikk også er norsk innanrikspolitikk. ­

– Det er tilfellet både når det gjeld klima, miljø og arbeidslivsspørsmål, slo ho fast.

Menneskerettane og folkeretten

Det er likevel alltid nokre prinsipp ho som norsk utanriksminister aldri gir slepp på.
­ – Det handlar om respekt for menneskerettane og folkeretten. Me må forplikta oss ut over våre eigeninteresser. Mange verdiar blir dei same trass i utskifting av makthavarane. Det er verdiar som skapar tillit til makthavarar og mellom kvarandre i eit samfunn. Dei handlar om kva som skjer i praksis, og dei bidrar til fredelege og velståande samfunn. Noreg har difor vore heldig med naboane sine, jmeinte den norske utanriksministeren.

– Noreg har klart seg bra

Ine Marie Eriksen Søreide kom også inn på den store flyktningestraumen til Europa i 2015.

– Det var den største migrasjonen i Europa sidan Den andre verdskrigen.  Noreg har klart seg ganske bra etterpå. I andre land brukar grupper denne migrasjonen som rot for framandfiendskap og innvandrarmotstand. Oppslutnaden om dette botnar i mangel på tillit til det demokratiske systemet. Nesten 40 prosent manglar tillit til nasjonale institusjonar viser meiningsmålingar, framheva ho.

– Noreg må koma med kritikk, uansett

Eriksen Søreide hadde registrert at det politiske landskapet er vorte meir ueinsarta og polarisert. ­

– Det endrar evna til dialog og viljen til å inngå kompromiss. Handel, klima og miljø har lykkast i å få til felles løysingar. No har USA vald å gå ut av FNs klimaavtale, forskjellige handelsavtalar og atomavtalen med Iran, trekte ho fram. ­– Noreg må koma med kritikk  uansett om det er allierte eller land som Noreg ikkje er allierte med som bryt reglar. Eit døme er Russlands forsøk på å hindra oppfyllinga av forbudet mot kjemiske våpen, peika ho på.

Sjølv om utanriksministeren kunne syna fram fleire døme på negativ utvikling i Europa, tykte ho altså ikkje at den politiske utviklinga i vår verdsdel berre er negativ.

– Kva kan Noreg gjera for å ta vare på verdifellesskapen i Europa? Det er vårt kontinent. Europas lagnad er vår lagnad. Me må ta stilling til verda slik den er og ikkje slik den skulle ha vore. No er det fort gjort å tenkja at me lagar rette linjer mot ein avgrunn. Slik er det ikkje, konkluderte ho med.

Besøkte området nær grenselinja i Ukraina

Samstundes hadde utanriksministeren observert med eigne auge grenselinja mellom Ukraina og området som opprørarar i Aust-Ukraina har kontroll over med støtte frå Russland.

– Eg var i Ukraina og såg grenselinja til det okkuperte området. Det er no 1,6 millionar internflyktningar i landet, og det er den mest minelagde delen av Europa, sa ho. Svaret på dette er at NATO har flytta styrkar heilt fram til Litauen.

– Me står i Litauen, men driv også med demokratiopplæring i Ukraina. NATO har ein stor europeisk del, og dei europeiske landa skal ta ein større del av ansvaret for tryggleiken vår. Det er viktig å ta vare på  tryggleiken saman. Om me ikkje hadde hatt ein felles verdifellesskap, ville me ikkje risikert soldatane våre sine liv, trekte ho fram.

– Har styrkt det forsvarspolitiske samarbeidet

Utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide peika også på at Noreg har inngått eit endå tettare forhold enn før med fire andre europeiske land.

– Me har styrkt det forsvarspolitiske samarbeidet med Tyskland, Frankrike, Nederland og Storbritannia. Interesse- og verdifellesskapen med desse landa er viktig. Det må matcha forsvarsfellesskapen. NATO og EU må utfylla kvarandre. Gjennom EØS-avtalen har me tilgang til ein heimemarknad på 500 millionar menneske. EØS-midlane som me betalar, er svært viktige for sivilsamfunnet i dei nye EU-landa. Og me kjem ikkje til å gå tilbake på vilkåra våre. Eitt av måla våre er å hindra at polariseringa slår røter i dei landa der me bidrar, sa Eriksen. Ho viste til at Noreg deler grunnleggjande mål for utviklingspolitikken sin med EU. – Når det gjeld klimapolitikk og Arktis, jobbar me tett med EU, fortalde ho.

I den rundt 30 minutt lange talen rakk utanriksministeren også å koma inn på Storbritannias veg ut av EU, Brexit.

– Brexit endrar ikkje Noregs forhold til EU, men kanskje ein del av rammevilkåra. Det er lærdomar av dette:  At det er vanskeleg å gå ut av Den indre marknaden utan at det får fylgjer for økonomien og at freds- og forsoningsarbeidet er svært viktig, slo ho fast.

– EU viser evne til å styrkja seg

Etter hennar meining har EU klart utfordringane i Europa svært bra.


– I utfordrande tider viser EU ei bemerkelsverdig evne til å styrkja seg. Oppslutninga om EU er den sterkaste på femti år. Me samarbeider med EU fordi me vil og fordi det er i vår interesse. Me kan ikkje resignera slik som ambassadør Armand B gjorde i Dag Solstad roman. Om me tenkjer framover, vil me sjå tilbake til 2018, og observera at folk tenkte at verda var så vanskeleg og kompleks at me ikkje kunne tenkja noko anna, spådde ho.

– Om dei får makt, gjer dei det gjennom kompromiss

Og Ine Marie Eriksen Søreide drog fram framveksten av nasjonalistiske og populistiske parti i Europa, men ho såg likevel ei endring samanlikna med tidlegare tider.

– Me ser idear som me trudde var på historia sin kyrkjegard, dukkar opp igjen. Men dei gjer det med ord og ikkje med våpen. Om dei får makt, gjer dei det gjennom kompromiss.  Me må vera førebudde på at optimale løysingar ikkje alltid går, men av og til må me inngå dei nest beste løysingane. Også det ikkje å velja vil ha konsekvensar. Auka strategisk tolmod må til. Me må gi kritikk og tola å få kritikk. Det kan ta lenger tid enn me vil ha.  Me må vita at historia blir påverka av politiske val som me tar. Klarer me det? Dette er erfaringa som Europa har klart før og kome ut av det. NATO var der då Salazar var diktator i Portugal, men også då landet blei demokratisk. Eit dusin kuppforsøk har skjedd i NATO-land sidan 1949. I dag er mange av dei dei viktigaste landa i EU og NATO, konstaterte ho.

Brexit tar tid også i norsk UD

Det er likevel Storbritannias veg ut av EU som skapar mest arbeid for staben til utanriksministeren akkurat no.

– Få ting tar meir tid. Difor har me oppretta eit departementalt utval som me kallar for Brexit task force. Me må førebu oss på alle moglege scenario. Anten det blir eller ikkje blir ein avtale. Borgarrettane til britar i Noreg og norske borgarrettar i Storbritannia er det svært viktig å ta opp. Storbritannia er ein av Noregs viktigaste handelspartnarar.  Det meste av forholdet mellom våre to land må me sjå gjennom på nytt. Derfor må me gå inn i alle juridiske avtalar mellom Noreg og Storbritannia langt tilbake i tid, fortalde ho.  

– Bør Storbritannia bli med i EØS og i EFTA? Senterpartiet er alltid for EØS, viss Storbritannia blir med. Om Storbritannia blei med, så ville det landet ha ein økonomi som er mykje større enn dei andre landa sin økonomi. Landet har også ein meir tenestebasert økonomi. Det ville ha vore store interessemotsetningar mellom Storbritannia og dei andre EØS-landa. Så å få Storbritannia med i EØS er ikkje ei så enkel løysing, når me legg den under lupa, konkluderte utanriksministeren.

 

– Vil delta i Pesco om det er formålstenleg

Frå salen fekk utanriksministeren spørsmål om det ville vera aktuelt for Noreg å bli med i EUs forsvarssamarbeid Pesco, dersom EU ville opna for land utanfor unionen å bli med.

– Noreg vil delta dersom det er formålstenleg og mogleg for tredjeland å vera med.  Det er bra å styrkja tryggleiken og forsvarssamarbeidet i Europa. Men det er ikkje bra, viss det blir duplisering, med ulike kommandosentralar. No er det eit godt samarbeid mellom EU og NATO. Dei må ikkje ha eigne ambisjonar om å ha parallelle strukturar, meinte ho.

– Må ha respekt for det veljarane seier i val

Ine Marie Eriksen Søreide måtte også svara på eit spørsmål om korleis ho såg på resultatet av Riksdagsvalet i Sverige.
 
 – I Sverige må dei ha respekt for det som veljarane seier i val. Også mykje av debatten er knytt til innvandring og integrering. Me må vera førebudde på at det kan endra diskusjonen i Sverige. Når Sverigedemokratane er blitt Sveriges tredje største parti, fører det til endringar i andre parti i korleis dei diskuterer, trudde ho.

– Eit privilegium

Ein av studentane i statsvitskap ville gjerne vita korleis ho likte jobben som utanriksminister.

– Det er eit privilegium å ha ein slik jobb og eit enormt ansvar. På eit fellesmøte for alle i Utanriksdepartementet, både dei som er utstasjonerte i andre land og dei som jobbar i Oslo, kom det fram ein klar konklusjon: Foreign ministeries matter, foreign ministers don´t. Det må vera ei fin avslutning av ein utanriksminister, tykte Ine Marie Eriksen Søreide.

Og utanfor Eilert Sundts hus brukte fleire ytringsfridomen sin til å demonstrera mot utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide med store plakatar som gjorde det klart at dei ville vita kvifor norske våpen hamnar hos islamistar. 

NORSKE VÅPEN: Demonstrantane ville gjerne vita av utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide kvifor norske våpen hamnar hos islamistar i Midtausten. Foto:Ola Sæther

 

Emneord: EU, NATO, Europa, Russland, Tyrkia, ARENA Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2018 01:00 - Sist endra 12. sep. 2018 01:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere