Anniken Huitfeldt: – Det gjeld å unngå at Russland får eit påskot til ein offensiv mot Ukraina

– Me forhandlar ikkje om Folkeretten og grunnleggjande kjørereglar. Støtta vår til Ukrainas suverenitet og territorielle integritet er utan vilkår, slo utanriksminister Anniken Huitfeldt fast då ho talte på Universitetet i Oslo i formiddag.

Ei kvinne står på ein talarstol

TRENG DIPLOMATIET: – Samtidig er det i tider med spenning me treng diplomatiet mest. I Ukraina gjeld det å gjera vegen fram til ein væpna konflikt så lang som mogleg, sa utanriksminister Anniken Huitfeldt i ein tale til studentane på Universitetet i Oslo i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var fullt av studentar, UiO-tilsette og  mediefolk då utanriksminister Anniken Huitfeldt kom til Eilert Sundts hus på  Blindern i dag for å tala om den tryggingspolitiske situasjonen i Europa.

Ukraina var hovudtemaet for foredraget hennar, like etter at ho hadde kunngjort i Stortinget at Noreg sender mellom 50 og 60 soldatar til Litauen som teikn på at dei støttar landet medan situasjonen er spent i nærområdet.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt var veldig glad for at det hadde kome så mange studentar for å  høyra på foredraget hennar. 

– Den siste gongen eg var i ei så stor forsamling, var då deg deltok på den tryggingspolitiske konferansen i München i 2020. Og nettopp på den konferansen i 2007, sa Russlands president Vladimir Putin noko som er utgangspunktet for denne talen. «Ingen  føler seg trygge lenger fordi ingen kan  gøyma seg bak Folkeretten». Talen var ein kritikk av USAs og Vestens utanriks- og forsvarspolitikk. No førebur eg meg til å dra til den tryggingspolitiske konferansen i München neste helg, 15 år etter, og no har Putin altså endra dette utsegnet frå kritikk til eit drygt trugsmål. Det utanrikspolitiske bakteppet er dystert, tykte ho.  

– Eigentleg bør me ikkje vera overraska

Anniken Huitfeld la ikkje skjul på at det ser mørkt ut.

– Europa er i ein alvorleg situasjon. Russlands styrkeoppbygging utanfor Ukraina er massiv. Over 150 000 soldatar står oppmarsjerte nær grensene og på den okkuperte Krimhalvøya.  Tungt materiell er brakt inn og fartøy frå Nordflåten, ikkje så langt frå grensa vår, har sett kursen mot Svartehavet.  Eit stor tal med reservistar er også sette i beredskap. Signala har vore der ei stund. I 2008 gjekk Russland inn i Georgia, og i 2014 gjekk  Russland  til åtak på Ukraina og har vore der sidan. Og cyber- og etterretningsoperasjonar er intensiverte. Eigentleg bør me ikkje vera overraska, resonnerte Anniken Huitfeldt seg fram til.

Etter hennar oppfatning, er dette også teikn på interne forhold i Russland som gir oss grunn til uro.

– I fleire år har dei grunnleggjande fridomane i demokratiet blitt pressa, aktivistar blir rettsforfylgde og menneskerettsorganisasjonar har blitt tvangsoppløyste. Russlands fremste opposisjonelle Aleksander Navalnyj blei forgifta med eit kjemisk middel. No sit han i fengsel. Grenser er ikkje lenger noko hinder. Me har sett tilsvarande drapsforsøk på russiske regimekritikarar i Storbritannia. Stenginga av Memorial som blei etablert for å minnast offera for Stalins verste handlingar er eit anna teikn, lista ho opp, før ho tok opp korleis det russiske regimet nyttar seg av historia.

– Når eg ser korleis historiefaget blir brukt som ein reiskap i eit politisk prosjekt, så vil eg som historikar utdanna herifrå, seia at uavhengig historieformidling er ein føresetnad for ein kritisk samfunnsdiskusjon. I vår tid ser me korleis historiefaget er blitt ein nyttig reiskap for autoritære leiarar. Fakta vert plukka ut reint anekdotisk for å styrkja ein eller annan hypotese. Då må respekten for uavhengig historieforsking og historisk metode styrkjast. Så, kjære studentar, historiefaget blir stadig viktigare, og då kjem eg gjerne tilbake for å snakka meir om ein annan gong, lova Anniken Huitfeldt. 

– Me har framleis kunnskap og institusjonelt minne

Som utanriksminister ante heller ikkje Anniken Hutifeldt kva Vladimir Putin har i tankane når det gjeld Ukraina.

– Kva president Putin vil gjera i  Ukraina i tida framover, veit ingen. Men me kan slå fast fylgjande: Forsøk på tvangsdiplomati der det er eit trugsmål om militærmakt som vert nytta som overtalingsmiddel, er tilbake i Europa. Det gjekk raskare enn me kunne ha førestelt oss. Å ta dette innover seg, tar litt tid. Millionar har vakse opp i fred på det europeiske kontinentet. Dei som kom før meg, faren min til dømes, hadde Den andre verdskrigen som felles referansepunkt. Eg har vakse opp i i ein periode då det var kald krig. Og eg starta å studera på Universitetet i Oslo i 1989. Den gongen gjekk det meste framover. No er det ikkje lenger slik, hadde ho innsett.

– Noreg skil seg likevel ut. Me har halde kunnskapen og merksemda vår i hevd. Me bygde ikkje ned Russlandsmiljøet etter 1989, så me har framleis kunnskap og institusjonelt minne. Eit godt kunnskapsmiljø her ved Universitetet i Oslo, har vor eit svært viktig  bidrag. Me kan basera oss på 70 år med erfaringar og me har nokre hovudprinsipp som har vist seg å  vera slitesterke, understreka utanriksministeren. 

– Riktig og viktig å gå inn i Tryggingsrådet i FN

Då viste ho til FN og internasjonal rettsorden.

– I januar var eg i New York der Noreg var leiar for Tryggingsrådet i FN. Det siste eg gjorde var å tillysa eit møte om situasjonen i Ukraina. Det måtte skje på vår vakt, for den som ville overta presidentklubba etter Noreg, det var Russland. Småstatar har ofte skygga unna når det blir bråk. Det var også Noregs refleks etter at me fekk sjølvstendet vårt i 1905. Me måtte halda oss unna det utanrikspolitiske spelet til stormaktene og ta ei nøytral haldning. Ettertida har vist oss at me får meir igjen for å bidra. Noko av det viktigaste me kan bidra til  eit forsvar for internasjonal rettsorden og  fred og tryggleik. Derfor var det ikkje berre viktig, men også riktig at Noreg gjekk inn i Tryggingsrådet i FN, slo Anniken Huitfeldt fast.

Så viste ho til korleis Hurdalsplattforma hadde satt ord på dette.

– Hurdalsplattforma  slår fast at fred og tryggleik sikrar me best gjennom føreseieleg internasjonalt samarbeid basert på Folkeretten og fredelege tvisteløysingar. Og me ynskjer ikkje alternativet. Det er den sterkaste sin rett, peika ho på. 

Anniken Huitfeldt kom også med eit sterkt forsvar for den norske NATO-medlemskapen.

– Samvirket med våre NATO-allierte er fundamentet for vår militære tryggleik. Tryggingspolitikken skal vera robust, balansert og den skal vera tydeleg. Ingen kan unngå press, heller ikkje Noreg. Me må hegna om og styrkja systema som førebyggjer press. Anten det  er FN, internasjonal rettsorden eller samarbeid med allierte og partnarar, sa ho.

– Like viktig som at me tar ansvar, er det at stormaktene gjer det. Når faste medlemer av Tryggingsrådet i FN meiner at militærkuppet i Myanmar var ei indrepolitisk sak, og dermed ikkje blir stemt over i Tryggingsrådet i FN, er det dessverre eit uttrykk for eit heilt anna syn på internasjonalt samarbeid enn det som er Noregs syn, konstaterte Anniken Huitfeldt. 

MIKROFONBERAR: Rektor Svein Stølen helsa utanriksminister Anniken Huitfeldt tilbake til sitt gamle universitet. Men han var også den som bar mikrofonen til dei som ville stilla spørsmål til utanriksministeren. Det største auditoriet i Eilert Sundts hus var heilt full under foredraget til utanriksministeren. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Avskrekking og å roa ned

Utanriksministeren gjekk litt lenger tilbake i historia for å forklara kvifor det er så viktig at landa står saman. 

– Folkeforbundet braut saman i mellomkrigstida fordi stormaktene slutta å bruka det. Me må bruka FN, sjølv om det kan vera ganske tungrodd. Og me må bidra til at land som USA, Russland og Kina gjer det same. Og eg er glad for at me no har ein presidentadministrasjon i USA som ser verdien av dette. Det andre er at me tar vare på både avskrekking og av å roa ned i forholdet vårt til Russland. Nokon meiner det er ein balansegang. Eg ser det annleis. For meg er det to pålar, fortalde ho.

Anniken Huitfeldt heldt fram med å snakka om tida før jernteppet fall i 1989.

– Før 1989 var det både spenning og avspenning. Det var pulsslaget i Den kalde krigen. No er dette tilbake. Det kan godt vera at me får behov for å leggja større vekt på avskrekking i periodar. Men det er ikkje ein balansegang der me må gjera det eine eller det andre.

I periodar med avskrekking, kan det vera endå større behov for å roa ned. Det er ei lang og velprøvd linje i norsk Russlandspolitikk. Me vaktar landet vårt i samarbeid med våre allierte. Noreg er NATOs auge og øyre i nord, og det militære nærveret vårt, vert prisa veldig høgt av våre allierte. Russland er vant til norske aktivitetar. Dei bidrar til stabilitet. Når me er til stades militært i nord, vert det også mindre behov for at dei allierte er der,  sa ho.

– Eit fredsbyggjande og tillitvekkjande tiltak

Anniken Huitfeldt viste til at både Noreg og Russland har sett positivt på den utstrekte kontakten på tvers av den felles grensa i nord.

– Me vil på alle måtar opptre som ein føreseieleg nabo. Me skjøttar også naboskapen med Russland og held alle kanalar opne austover. Barentssamarbeidet er eit døme på ei viktig plattform for samarbeid med Russland. Samarbeidet er eit tydeleg fredsbyggjande og tillitsvekkjande tiltak. Den konflikten me er inne i no, viser kor viktig dette arbeidet er, både for Noreg, og for Russland, meinte Huitfeldt.

– Då eg møtte Russlands utanriksminister Sergei Lavrov i Tromsø i fjor haust, så omtalte også han Barentssamarbeidet som godt. Geografien vår er konstant. Me vel ikkje naboane våre.  Me har ein nabo som har verdas største arsenal med atomvåpen. Deira største strategiske flåtebase ligg ti mil frå grensa vår. Nordflåtens base på Kola er isfri heile året, og er derfor svært viktig for dei. Eit hovudmål for dei er å forsvara denne bastionen med atomstyrkar med baser på  Kola, poengterte utanriksministeren. 

 

HEILT ANNAN MODELL: – Forsvarskonseptet vårt baserer seg på ein heilt annan modell. Me får allierte styrkar til Noreg når me treng det.  Det vil seia i krise eller i krig, sa utanriksminister Anniken Huitfeldt under talen om tryggingssituasjonen i Europa på UiO i dag. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Ho fylgde opp med å visa til den militære opprustinga til Russland i nordområda.

– Russland har dei siste åra bygd ut og modernisert sin militære styrke i nord med strategiske bombefly, med forsterka baser og flystriper i Arktis, ubåtar og høgmoderne missilsystem. Dei skal styrkja den russiske andreslagsevna. Dei øver oftare og i større  geografisk utstrekning. Me ser stadig meir komplekse mønster. Asymmetrien mellom russisk og norsk militærmakt er enorm. Me klarar oss ikkje åleine. Noreg er difor heilt avhengig av NATO. Alliansen har eksistert i 70 år, også i periodar som me opplever no. Etter at Russland okkuperte Krim i 2014, har det kollektive forsvaret med ein for alle, og alle for ein, igjen kome i forgrunnen i NATO. Tiltaka har heile tida vore reaktive, dei har heile tida kome etter russiske manøvrar, trekte ho fram, før ho vende tilbake til den nyare historia til Ukraina.  

– I 1994 bytte Ukraina bort sine atomvåpen mot folkerettslege garantiar for fred og tryggleik. Dei hadde altså atomvåpen under Sovjetunionen, men dei gav dei frå seg. Folkeretten handlar om å teikna kartet slik det er. Under freden me har hatt i Europa dei siste 30 åra, har hovudbiletet vore respekt for etablerte grenser i nærområda.  Då NATO i 2014 børsta støvet av det kollektive forsvaret, sende USA 600 soldatar til Baltikum og Polen. Tilsvarande auke etter Koreakrigen var 200 000 soldatar, fortalde ho.

–Viktig at me øver og trenar i fredstid

 Anniken Huitfeldt forsvarte også den norske forsvars- og basepolitikken.

– Her i Noreg har me ikkje allierte basar, me har ikkje bede om det heller, og det er spesielt for Noreg som NATO-land. Forsvarskonseptet vårt baserer seg på ein heilt annan modell. Me får allierte styrkar til Noreg når me treng det.  Det vil seia i krise eller i krig. Men for at det skal fungera med forsterkingar, er det viktig at me øver og trenar i fredstid. Førehandslagring, planar og infrastruktur er viktig. Og så må me vera klare. For dette kan ikkje improviserast når krisa er eit faktum. Då er det for seint. Derfor trenar og øver allierte meir med Noreg i dag enn for nokre år tilbake og under den kalde krigen. Dette er ikkje ei utholing av den norske basepolitikken, men ein føresetnad for den. Fordi me ikkje har basar, har me øvingar. Det blei  slått fast, då me gjekk inn i NATO i 1949, minna ho om.

I 1989 fall jernteppet i Europa, og Anniken Huitfeldt viste korleis det fekk konsekvensar for den militære infrastrukturen i Noreg.

– Etter den kalde krigen på 1990-talet og 2000-talet blei det meste av alliert infrastruktur i Noreg avvikla. Derfor er tilleggsavtalen om forsvarssamarbeid med USA, SDCA,(Suplementary Defense Cooperation Agreement)  så viktig. Den gjer det mogleg for amerikanarane å investera i tiltak som vil bidra til forsterking av Noreg, dersom me skulle trengja det. Me treng infrastruktur her for å kunna ta imot forsterkingar, noko denne avtalen skal bidra til. Samtidig skapar slike saker ei viss uro. Derfor har det vore viktig for oss å trekkja opp klare grenser, at norsk basepolitikk, atompolitikk og militære avgrensingar ligg heilt fast, understreka ho.

Så viste ho til den norske politikken frå 1957, som går ut på at ingen atomvåpen skal plasserast på  norsk jord. 

– Og øvinga Cold Response er eit godt døme på den opne politikken me fører. Den er ein del av ein tradisjon som går langt tilbake i tid, og me gjennomfører slike øvingar heilt ope. Det er internasjonale reglar for slike øvingar som er forankra i Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE), og dei held me oss strengt til til punkt og prikke. Slik opptrer me som ein føreseieleg nabo. Dette er ikkje noko nytt for Russland, dei veit kvar dei har oss,  peika ho på. 

– I tider med spenning treng me diplomatiet mest

Anniken Huitfeldt sjølv  sa at ho hadde ei både nøktern og realistisk haldning til om det var mogleg å få til ei fredeleg løysing.

– Då vert det kravd at Russland er villig til å velja ein fredeleg veg. Samtidig er det i tider med spenning me treng diplomatiet mest. I Ukraina gjeld det å gjera vegen fram til ein væpna konflikt så lang som mogleg. No gjeld det å unngå at Russland får eit påskot til å innleia ein offensiv mot Ukraina. Samtidig må me arbeida for å få til langsiktige ordningar som kan få ned spenninga og hindra misforståingar. Me forhandlar ikkje om Folkeretten og grunnleggjande kjørereglar. Støtta vår til Ukrainas suverenitet og territorielle integritet er utan vilkår, slo ho fast.

Slo tilbake mot Høgre-kritikk

I spørjerunden etter talen, viste Uniforum til korleis Noreg først var nølande i å gi støtte til dei baltiske landa då dei forsøkte å frigjera seg frå Sovjetunionen på byrjinga av 1990-talet.  I Aftenposten i dag kom Høgre-politikar Michael Tetschner saman med andre partifeller med kritikk mot at Noreg ikkje har gått ut med like sterk støtte til Ukraina som andre nordiske land har gjort. Uniforum ville gjerne vita kva kommentar utanriksministeren hadde til den kritikken.

– Eg meiner me heile tida har gitt god støtte til Baltikum. Når det gjeld Høgres kritikk av Arbeidarpartiets tryggingspolitikk, så har det vore eit grunnleggjande trekk heilt sidan 1949. Når eg snakkar med våre allierte får eg eit heilt anna inntrykk, og dei meiner at Noreg, også med Arbeidarpartiet i regjering, er ein trygg og god alliert som bidrar til NATO og kollektiv tryggleik på mange måtar, svara Anniken Huitfeldt.

FOTOSEANSE: Etter talen ville fleire ha eit bilete av seg sjølv saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt. Bak står UiO-rektor Svein Stølen.(Foto: Ola Gamst Sæther)

• Les meir om Ukraina i Uniforum: 

Hva vil en krig i Ukraina få i si for Norge?

– Noreg må stå fast på folkeretten

Gahr Støre fryktar dei store landa vil ta seg meir til rette

Europaminister: – Ukraina-krisa er den viktigaste testen EU har opplevd

Norske studenter fordømmer russisk invasjon og innblanding i Ukraina

– NATO kan også delta i humanitære aksjonar

Emneord: Ukraina, Russland, Politikk Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2022 19:10 - Sist endra 16. feb. 2022 09:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere