LEIAR: UiO viser at verda er større enn Noreg

Oslo Peace Days viser korleis det står til på freds- og menneskerettsområdet og på ytrings- og journalistikkfeltet i verda i dag.

Tre menn og ei kvinne står på eit hustak i Oslo

FREDSDAGAR I OSLO: Då Oslo Peace Days gjekk av stabelen i 2019, blei Domus Media lyssett på denne måten. I dag begynner fredsdagane som varer fram til og med laurdag 11. desember  (Arkivfoto: Terje Heiestad/UiO) 

Foto: Terje Heiestad/UiO

I dag begynner Oslo Peace Days, eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Fredsforskingsinstituttet (Prio), Oslo kommune, Nobels fredssenter og Nobelinstituttet. Det begynner med utdeling av UiOs menneskerettspris til Jens Gitlesen for å ha kjempa for menneskerettane til dei utviklingshemma i Noreg.  Høgdepunktet under veka er utdelinga av Nobels fredspris fredag 10. desember  til redaktørane Maria Ressa frå Filippinane og Dmitrij Andrejevitsj Muratov frå Russland. Siste post på programmet er eit seminar om mattryggleik med fjorårets fredsprisvinnar Verdas matvareprogram og leiaren David Beasley laurdag 11. desember. 

På denne måten får Universitetet i Oslo og samarbeidspartnarane sett internasjonale spørsmål på dagsordenen

Arrangementa spenner over alt frå avskaffing av dødsstraff til vern av aktivistar i autoritære land til korleis det er for ein person som har rømt frå krig og konflikt å leva i eit land med fred. 

På denne måten får Universitetet i Oslo og samarbeidspartnarane sett internasjonale spørsmål på dagsordenen. 

Samanlikna med dei aller fleste land i verda står det veldig bra til i Noreg. Nettopp derfor må me gjera det me kan for at folk i andre land også kan få oppleva fred, rettferd og ei fri meiningsutveksling der ingen risikerer å bli drepen på grunn av ytringane sine. 

Det er eit trugsmål som dei to vinnarane av Nobels fredspris for 2021 Maria Ressa og Dmitrij Andrejevitsj Muratov lever under kvar einaste dag i jobben sin. Medan Maria Ressa har blitt møtt av sin eigen president Rodrigo Duterte med orda om at han eigenhendig kan tenkja seg å ta livet av henne, har Dmitrij Andrejevitsj Muratov opplevd at seks av journalistane i avisa han er redaktør for, Novaja Gazeta, er blitt drepne. Den aller mest kjente av dei var Anna Politkovskaja, som hadde spesialisert seg på krigen Russland førte i Tsjetsjenia.  

Eit seminar handlar derfor om media og demokrati. Korleis er det å driva journalistikk i land med autoritære regime og korleis brukar protestrørsler i Russland alternative metodar for å nå ut med bodskapen sin. Her skal både UiO-professor og Russland-ekspert Geir Flikke delta saman med blant andre professor Cristina Archetti frå Institutt for media og kommunikasjon og utanriksreporter Gro Holm i NRK.

Eit anna seminar handlar om korleis det er å jobba som forskar, lege eller journalist i autoritære land eller i land i konflikt. Der vil både utanriksreporter Bernt Skjærstad, tidlegare leiar for Legar utan grenser Morten Rostrup og medisinprofessor Espen Bjertness frå UiO fortelja om sine erfaringar.

Oslo Peace Days  viser oss at samanlikna med dei problema fredsaktivistar, journalistar, politiske dissidentar og menneskerettsforkjemparar har i andre land, vert høge straumprisar og politikarar som skaffar seg pendlarbustader utan å ha rett til det, mindre alvorlege saker.

Norsk senter for menneskerettar på UiO står bak eit anna aktuelt  tema under Oslo Peace Days. Det handlar om næringslivet og korleis det arbeider for at alle selskap skal respektera menneskerettane. Spørsmålet initiativtakarane no stiller seg, er korleis dei skal hindra at selskapa brukar det faktum at dei har skrive under på ein slik menneskerettskontrakt som ei form for kvitvasking av eiga framferd. 

Under Oslo Peace Days blir det også markering av 50-årsjubileet for utdelinga av Nobels fredspris til den tidlegare tyske forbundskanslaren Willy Brandt. I 1971 fekk han prisen for avspenningspolitikken han dreiv overfor Aust-Europa under Den kalde krigen. Han er også kjent fordi han på vegner av det dåverande Vest-Tyskland knelte i Warszawa og bad alle jødar om tilgjeving for massakrane i Warszawa-ghettoen og massedrapa på seks millionar jødar i konsentrasjonsleirane under Den andre verdskrigen,

Dei vil oppleva at dei får innsikt i ny kunnskap

Det står stor respekt av at UiO og rektor Svein Stølen saman med Oslo kommune, Prio og Nobelinstituttet  har tatt initiativet til Oslo Peace Days. Det er også godt å sjå at forskarar frå UiO deltar og spelar viktige roller på desse arrangementa. Oslo Peace Days er eit viktig tiltak for å visa fram korleis det står til på freds- og menneskerettsområdet og på ytrings- og journalistikkfeltet i verda i dag. Slik viser UiO og samarbeidspartnarane at verda er langt større enn Noreg.

Me oppfordrar alle til å få med seg desse arrangementa., slik at dette initiativet blir ein fast tradisjon.

 

 

 

Emneord: Menneskerettar. Akademisk frihet, Likestilling Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 6. des. 2021 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere