Leiarkommentar: UiO-leiinga bør lytta til Ingunn Bjørnsdottir

Kravet til Ingunn Bjørnsdottir om at det blir gjennomført ein rotårsaksanalyse, bør universitetsleiinga vera rause nok til å seia ja til. Om det kan hindra at ein annan tilsett ved UiO kjem til å oppleva det same som henne, er det ein god nok grunn for UiO til å setja i gang eit slikt arbeid, meiner Uniforums leiarskribent.

OVERLEVDE KNIVANGREP: Ingunn Bjørnsdottir fekk store skader etter vald frå student.  – Og då er det viktig at akkurat denne hendinga blir godt analysert for å finna ut kvar det gjekk gale, og kva som er mogleg å læra av den, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I august 2023 blei førsteamanuensis Ingunn Bjørnsdottir ved Farmasøytisk institutt angripen med kniv av ein student. Ho blei stukken både i brystet og i buken, og om ikkje kollegaen hennar Mia Heimdal hadde gripe inn og forsøkt å stansa knivstikkaren, ville Ingunn Bjørnsdottir truleg ikkje overlevd. Farmasistudenten blei til slutt dømt til både fengsel og forvaring i to rettsinstansar.

Ingunn Bjørnsdottir er tilbake på jobb igjen og har begynt å publisera og rettleia studentar. Fysisk går det ganske greitt, men ho kjenner framleis på dei psykiske ettervirkningane.

Kanskje kan ein slik analyse vera med på å hindra at noko slikt skal skje igjen

I september i fjor var ho i møte med både UiO-rektor Ragnhild Hennum og dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Då bad ho dei om å setja i verk ein rotårsaksanalyse. Formålet ville vera å gå gjennom denne hendinga frå studenten begynte på UiO og til han gjekk til åtak på henne med kniv. Sjølv trur ho at både Farmasøytisk institutt og UiO kan læra mykje av denne saka. Kanskje kan ein slik analyse vera med på å hindra at noko slikt skal skje igjen.

Som Uniforum melde i ein artikkel frå 16. mars, har ho framleis ikkje fått svar frå Universitetet i Oslo. Til Uniforum svarar derimot rektor Ragnhild Hennum at UiO ikkje planlegg fleire analysar av denne hendinga. Ifylgje svaret frå Hennum har UiO gjort alt UiO som arbeidsgjevar har moglegheit til. Ho skriv også: «Hendelsen og oppfølgingen har vært gjennomgått og evaluert, i tråd med UiOs rutiner ved hendelser. En sentral del av dette arbeidet innebærer å identifisere forbedringspunkter og -tiltak, noe som også er gjort etter denne konkrete hendelsen. Per nå er det ikke planlagt ytterligere analyser.»

Samtidig vil det visa at UiO set pris på Ingunn Bjørnsdottir som både forskar og undervisar 

Ingunn Bjørnsdottir er den første UiO-tilsette som nesten har mista livet etter å ha blitt angripen av ein student medan ho utførte jobben sin. Kravet hennar om at det blir gjennomført ein rotårsaksanalyse, bør derfor universitetsleiinga vera rause nok til å seia ja til. Om det kan hindra at ein annan tilsett ved UiO kjem til å oppleva det same som Ingunn Bjørnsdottir, er det ein god nok grunn for UiO til å setja i gang eit slikt arbeid. 

Samtidig vil det visa at UiO set pris på Ingunn Bjørnsdottir som både forskar og undervisar og ser den enorme påkjenninga ho har vore utsett for. Om det ikkje er mogleg, bør i alle fall UiO-leiinga koma med ei betre forklaring enn den dei har presentert så langt. 

For mange tilsette på UiO kan det også vera ein demonstrasjon av at UiO tar slike hendingar på alvor, og vil gjera det som er mogleg for at noko slikt ikkje skal gjenta seg. Og då er det viktig at akkurat denne hendinga blir godt analysert for å finna ut kvar det gjekk gale, og kva som er mogleg å læra av den. UiO-leiinga bør lytta til Ingunn Bjørnsdottir og setja i verk ein slik rotårsaksanalyse.

Emneord: Arbeidsforhold, farmasi, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 26. mars 2026 04:30 - Sist endra 26. mars 2026 11:02

Logg inn for å kommentere