LEIAR: Viktig å få afrikanske universitet opp på eit høgt nivå

Å byggja opp forskingsuniversitet i Afrika krev at dei tilsette og studentane får full akademisk fridom. Det må dei europeiske universiteta i alliansen «The Guild» vera krystallklare på når dei no utvidar samarbeidet med afrikanske universitet.

DIGITALT MØTE: Den 22. november hadde europeiske universitetsleiarar i The Guild eit digitalt møte med representantar for den afrikanske universitetsorganisasjonen ARUA. 

Foto: Skjermdump frå zoom

Universitetet i Oslo har gjennom forskingsnettverket «The Guild» tatt initiativet til å investera i samarbeid med og utvikling av universitet i Afrika. Det blir gjort saman med organisasjonen for afrikanske forskingsuniversitet (ARUA). Målet er at i løpet av 20 år skal det vera minst 20 afrikanske universitet som held eit høgt europeisk akademisk nivå.

Æra for initiativet gir UiO-rektor Svein Stølen til pedagogikkprofesssor Peter Maassen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet. No er det også med i strategien til The Guild, og i november var det nettverket i eit digitalt møte med rektorar frå universitet som er med i organisasjonen for afrikanske forskingsuniversitet (ARUA). Dei blei einige om å halda fram med dette samarbeidet som er viktig for utvikling av både høgare utdanning, forsking og demokratiske styreformer i afrikanske land.

Etableringa av samarbeidet mellom The Guild og ARUA kan difor vera med på å snu denne hjerneflukta

I mange tiår har hjerneflukt vore eit stort problem for afrikanske land. Dei flinkaste studentane får stipend for å studera ved eit universitet i Nord-Amerika, Europa, Asia eller i Oseania. Nokre av dei, men truleg altfor få, vender tilbake etter avslutta master- eller doktorgradsutdanning. Grunnen er openberr; det manglar akademiske stillingar for dei i heimlandet. Ein annan grunn kan vera manglande akademisk fridom i landet dei kjem frå. Då vil mange heller halda fram med å jobba på eit universitet i utlandet der dei kan nyta full akademisk fridom.

Etableringa av samarbeidet mellom The Guild og ARUA kan difor vera med på å snu denne hjerneflukta, Å byggja opp forskingsuniversitetet i Afrika krev at alle dei tilsette og studentane får full akademisk fridom, og sjølvsagt også får stå fritt til å kritisera makthavarane i landet. Det må alle partar i samarbeidet vera krystallklare på. Det går ikkje an å gå inn i eit slikt samarbeid og gå på akkord med prinsippa om akademisk fridom og akademisk ytringsfridom. Uansett helsar me initiativet velkommen og ber også alle dei europeiske universiteta som er med i The Guild om å fylgja opp samarbeidet og støtta både vitskaplege tilsette og studentar, også når frontane mot makthavarane i nokre tilfelle kan bli svært harde.

Universitetet i Oslo har gjennom åra også gitt mange studentar frå Afrika høgare utdanning. I dag er det mange frå afrikanske land som har ein doktorgrad frå Universitetet i Oslo.

Ein av dei er Tawana Kupe frå Zimbabwe som i dag er rektor ved Universitetet i Pretoria i Sør-Afrika. I 2019 var han på besøk hos det gamle universitetet sitt Universitetet i Oslo for å finna ut om det var interesse for eit akademisk samarbeid med det universitetet han no var blitt rektor for. Då Uniforum snakka med han, talte han varmt for opphaldet han hadde hatt, og også opplevingar som til dømes Vinter-OL Lillehammer i 1994. Også andre personar som seinare er blitt svært kjente, har hatt kortare forskingsopphald på Universitetet i Oslo. Ein av dei var Liu Xiabo som i 2010 blei tildelt Nobels fredspris.

Håpet vårt er at den vesle spiren til akademisk samarbeid med dei afrikanske universiteta veks seg stor

Akademisk samarbeid og utveksling har truleg vore medverkande til at Kina er blitt ei akademisk stormakt. Men framleis manglar landet både den akademiske fridomen  og den akademiske ytringsfridomen som er heilt nødvendig for at landet skal kunna nå opp til den akademiske sigerspallen.

Håpet vårt er at den vesle spiren til akademisk samarbeid med dei afrikanske universiteta veks seg stor og at den heile tida inkluderer både akademisk fridom og akademisk ytringsfridom som krav for å kunna inngå ein slik avtale. Om ein slik avtale blir vellykka, kan afrikanske universitet ein dag kanskje også få eit betre ord på seg enn kinesiske universitet som i dag må drivast med ei klar avgrensing av både den akademiske fridomen og den akademiske ytringsfridomen.

Nettopp derfor er det viktig at det er europeiske universitet som no ynskjer å hjelpa søsteruniversiteta sine i Afrika opp og fram. Dermed vil Europas universitet heller bli ein modell for Afrikas universitet enn universiteta i Kina. Det vil vera veldig positivt for den akademiske fridomen både i Afrika og resten av verda.

Emneord: Akademisk frihet, Akademisk fridom Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 11. feb. 2022 04:30 - Sist endra 11. feb. 2022 10:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere