LEIAR: Uheldig for universitetsdemokratiet

I ytste konsekvens vil det seia at dei teknisk-administrative tilsette ikkje lenger har ein eigen representant i Universitetsstyret.  Det er uheldig  for universitetsdemokratiet.

Universitetsbygningar i sentrum

IKKJE NOKON FORDEL: Det er ikkje akkurat nokon fordel for universitetsdemokratiet når universitetsstyre-representantar får tilbod frå universitetsleiinga om kremjobbar medan dei framleis sit i Universitetet i Oslos høgaste organ, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Foto: Martin Toft

Det var i august i fjor Uniforum først skreiv om universitetsstyrerepresentant Marianne Midthus Østbys jobbskifte frå å vera nestleiar i NTL på heiltid til å bli seksjonssjef under personaldirektøren. I førre veke fortalde  me også om den tidlegare studentrepresentanten i Universitetsstyret, Karl Oskar Lie Bjerke som før han var ferdig med valperioden sin også hadde fått tilbod om  ei ikkje utlyst stilling som kommunikasjonsrådgjevar for universitetsleiinga.

Å sitja i Universitetsstyret skal ikkje vera ein karriereveg mot toppstillingar på UiO

Det er ikkje akkurat nokon fordel for universitetsdemokratiet når universitetsstyrerepresentantar får tilbod frå universitetsleiinga om kremjobbar medan dei framleis sit i Universitetet i Oslos høgaste organ. Å sitja i Universitetsstyret skal ikkje vera ein karriereveg mot toppstillingar på UiO, men eit verv ein har for å gjera ein viktig innsats for dei som har valt deg til det vervet.

Av desse to sakene er det mest graverande det hamskiftet Marianne Midthus Østby har gjort. Ho var både sitjande representant for dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret og nestleiar for NTL då veljarane hennar gav henne ny tillit og valde henne som deira representant. Men eitt år inn i den andre valperioden takka seniorrådgjevaren ved Det medisinske fakultetet ja til ei ikkje-utlyst stilling som seksjonssjef i Personalavdelinga ved UiO. Ei av oppgåvene hennar var å vera leiar for forhandlingsutvalet i UiO sentralt (LOS) under dei lokale lønnsforhandlingane. Dessutan må ho som arbeidsgjevarrepresentant av og til delta på IDF-møta mellom UiO-leiinga og fagforeiningane. Samtidig er ho også med i Universitetsstyrets tilsetjingsutval.  Å seia at Marianne Midthus Østby  møter seg sjølv i døra er å underdriva.  At ho møter seg sjølv i ei svingdør som aldri stansar, er langt nærare sanninga. 

Men det er også noko som heiter skjønn

Før ho blei vald inn i Universitetstyret den første gongen var ho klar på at leiarar ikkje burde bli valde som representantar i Universitetsstyret. Då var innspelet retta mot motkandidaten Ole Martin Nodenes frå Parat som akkurat då hadde fått ei leiarstilling på  UiO. Etter at ho sjølv har fått ei leiarstilling, er ho ikkje like kritisk til det. Overfor Uniforum vedgår Østby at ho ikkje ville ha stilt som kandidat til Universitetsstyret om ho hadde vore leiar på valtidspunktet.  Konklusjonen hennar blei at ho takka ja til begge delar. NTL-leiar Natalia Zubillaga synest det kan bli problematisk dersom folk oppfattar det slik at leiinga knyter til seg medlemar av UiOs øvste organ. Rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen har forklart i Uniforum at tilsetjingane er gjort etter regelverket. Men det er også noko som heiter skjønn. Og det er vanskeleg å forstå at ikkje UiOs toppleiarar ser at det vil vera på sin plass i desse sakene.

Dermed risikerer dei ho representerer i Universitetsstyret å møta henne som representant for arbeidsgjevaren både i personalsaker og i lønnsforhandlingar

Jussprofessor Hans Petter Graver seier til Uniforum at dette er ein svært uheldig praksis.  "Det går på styrets og styremedlemmenes evne til å ta selvstendig stilling til saker, at de ikke står i noen form for avhengighetsforhold til administrasjonen."

Biologiprofessor Kristian Gundersen tar endå sterkare i og meiner at om universitetsleiinga «ikke skjønner at dette kan oppfattes enten som nepotisme eller korrupsjon, så mangler de bakkekontakt». Etter hans oppfatning skal ein ikkje gi jobbtilbod til medlemar av eit kontrollorgan som universitetstyret.Det gjer han heilt klart overfor Uniforum.

Dette gjeld sjølvsagt både for den tidlegare studentrepresentanten i Universitetsstyret og for dagens representant for dei teknisk-administrative tilsette. Men medan studentane har fått ein ny studentrepresentant inn i styret etter at den eitt år lange valperioden var over, har dei teknisk-administrative tilsette fått ein representant som til dagleg er ein del av arbeidsgjevarsida i Personalavdelinga.  Dermed risikerer dei ho representerer i Universitetsstyret å møta henne som representant for arbeidsgjevaren både i personalsaker og i lønnsforhandlingar.I ytste konsekvens vil det seia at dei teknisk-administrative tilsette ikkje lenger har ein eigen representant i Universitetsstyret.Det er uheldig  for universitetsdemokratiet.

 

 

 

 

 

 

Emneord: universitetsdemokrati, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 23. jan. 2023 04:30 - Sist endra 23. jan. 2023 14:42

Logg inn for å kommentere