I ein kronikk i Aftenposten onsdag 29. april d.å. åtvarar jussprofessor Hans Petter Graver mot regjeringa si satsing på å få innført totalforsvar i alle delar av samfunnet, både frå militærøvingar, offentlege verksemder, næringslivet, privat sektor og sivilsamfunnet.
Denne tenkinga meiner han står i kontrast til verdiar som handlar om å vera opne, visa tillit og praktisera mangfald og demokrati. Han er spesielt rysta over Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hk-dir) fylgjer dette opp i ei høyring til «Veileder til personalsikkerhet i UH-sektoren». Han peikar på at nettopp i universitets- og høgskulesektoren har samarbeid og utveksling av idear svært mykje å seia. Derfor meiner han at hemmeleghald, kontroll, konformitet og lydnad drep vitskapen. Der er ikkje bra verken for beredskapen eller forsvarsevna, peikar han på.
Det er antidemokratisk å innføra slike reglar i eit ope akademia som i Noreg og i andre demokratiske land.
Me har lese gjennom rettleiaren, og me støttar fullt og heilt opp om synspunktet til jussprofessor Hans Petter Graver. Det er antidemokratisk å innføra slike reglar i eit ope akademia som i Noreg og i andre demokratiske land. Om dei som står bak skrivet ynskjer å sjå korleis det går med land som har gjort det i større eller mindre grad, kan dei gå til anten Tyrkia, Ungarn under Viktor Orban eller til dagens politikk overfor akademia i Donald Trumps USA.
Eit akademia som er prega av mistillit og ugrunna mistankar om at tilsette kan utgjera ein tryggingsrisiko, vil ikkje fremja god og nyfikendriven forsking. Då vil norsk akademia liggja med broten rygg og berre repetera det dei har gjort før og ikkje vera open for å prøva ut nye idear og driva med nyskaping i samarbeid med forskarar på tvers av landegrenser og ideologiar.
I skrivet gjentar Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse det som står i Universitets- og høgskulelova: Universitet og høgskular skal vera opne og internasjonale og dei skal verna om akademisk fridom og mangfald. Dei har særskilde samfunnsoppdrag som skal takast vare på, og der både akademisk fridom og internasjonal kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling står sentralt. Vidare står det at dei skal tilsetja den best kvalifiserte, samtidig som dei skal vera ansvarlege arbeidsgjevarar. Derfor skal menneska føla seg godt ivaretekne, og oppleva seg trygge i møte med dei personalmessige sikkerheitstiltaka, står det i skrivet frå direktoratet.
Men det er ikkje oppgåva til dei vanlege vitskaplege eller administrative tilsette på institusjonane å avsløra dette
Den første delen av det skrivet er me sjølvsagt einige i. Men når det gjeld personalmessige sikkerheitstiltak, som direktoratet fokuserer så sterkt på, så har Noreg andre statsapparat som kan ta seg av slike spørsmål. Det handlar om både Politiets sikkerheitsteneste, Nasjonal sikkerheitsmyndighet med Deksa og Etterretningstenesta. I den årlege rapporten dei lagar om nasjonal risikovurdering i Noreg, går det klart fram at dei også har godt oversyn over det som går føre seg i universitets- og høgskulesektoren. Dei har til dømes avslørt ein forskar som tilsynelatande skulle vera frå Brasil, men som var russisk spion og som hadde fått innpass i eit forskingssenter på UiT Noregs arktiske universitet. Det finst andre tilfelle frå andre institusjonar der det har vore nokre få forskarar som har gått i andre land sitt ærend.
Men det er ikkje oppgåva til dei vanlege vitskaplege eller administrative tilsette på institusjonane å avsløra dette. Då endar me opp med å bli fiendar av dei verdiane me kjempar for kvar dag: ytringsfridom, akademisk fridom, tillit, demokrati og det å vera opne.
For ei slik utvikling kan føra til at tillit blir skifta ut med mistillit i akademia
Rådet vårt i denne høyringa er at rettleiaren frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse må leggjast tilbake i skuffa, og aldri bli tatt i bruk. Hans Petter Graver åtvarar mot at det i motsett fall kan gå mot den same utviklinga som under pandemien. Den viste, ifylgje Graver, kor langt styresmakter og folk var villige til å gå når frykta breier seg. Han åtvarar mot å gjera den same feilen ein gong til. Den åtvaringa støttar me han i. For ei slik utvikling kan føra til at tillit blir skifta ut med mistillit i akademia. Det vil ingen vera tent med. Dette er eit rettleiing om sikkerheit på feil plass på feil tid.
Logg inn for å kommentere