LEIAR: Språkleg redningsaksjon i grevens tid

Eliteforskarar som får seg arbeid i Noreg, må sjølvsagt få det same kravet om å læra seg norsk. Det er ei stakkarsleggjering av dei å meina at dei som fast tilsette ikkje vil klara å læra seg norsk på tre år.

VIL REDDA FAGSPRÅKET: Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har som ambisjon å redda norsk fagspråk. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Onsdag denne veka la forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe saman med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen fram ein handlingsplan for norsk fagspråk.

Det er på høg tid, for i dag er over 90 prosent av den vitskaplege publiseringa på norske institusjonar på engelsk. Til og med i humaniora er talet på forskingspublikasjonar på norsk gått ned frå 42 til 27 prosent frå 2011 til 2019.

Handlingsplanen skal føra til at formidling og forsking på norsk, det vil seia bokmål og nynorsk, blir meir attraktivt og meir meritterande i forskingsverda i Noreg enn det som er tilfellet i dag.  Dessutan vil regjeringa  gjera ei endring i universitets- og høgskulelova slik at det vil stå at undervisningsspråket ved norske institusjonar er norsk (bokmål og nynorsk) eller samisk. Berre viss særlege grunnar talar for det, skal det vera mogleg å undervisa på engelsk. 

Studentane skal gjennom ei føreslått endring i universitets- og høgskulelova frå og med 2024 få rett til å skriva bachelor- og masteroppgåver på norsk.  Derfor er det bra at regjeringa no vil føreslå at det i universitets- og høgskulelova skal stå svart på kvitt at undervisningsspråket er norsk det vil seia bokmål og nynorsk eller samisk. 

Me synest det er eit rimeleg krav, og vil vera eit gode

Forslaget som ser ut til å vekkja størst debatt, er kravet og tilbodet om at alle utan norskkunnskapar som blir tilsette i ein fast vitskapleg stilling på ein norsk institusjon, må læra seg norsk på B2-nivå i løpet av 3 år.  Me synest det er eit rimeleg krav, og vil vera eit gode både for personen det gjeld, for kollegaene, for studentane, for institusjonen og for samfunnet.

Når dei smartaste folka kjem til Noreg og får ein fast vitskapleg stilling, er det viktig for dei å kunna bli ein del av det norske samfunnet og kunna kommunisera med folk både på og utanfor institusjonen. Truleg har dei familie med barn, og då vil dei også ha kontakt med andre foreldre, barnehagetilsette eller med lærarar og andre foreldre på skulen.

Det ville heller ikkje ha vore særleg godt for arbeidsmiljøet

Mange av dei  det gjeld, har heller ikkje engelsk som morsmål, og er  kanskje dårlegare  til å snakka engelsk enn det mange norske forskarar er. Derfor er det også viktig for dei å læra seg norsk for å kunna kommunisera på like fot med andre vitskaplege tilsette og ikkje minst med studentane.  Om dei skulle ha halde fram med berre å bruka engelsk i alle samanhengar, ville det også ha  ført til at mange rutineoppgåver som dei vitskaplege tilsette må gjera på norsk, ville ha blitt overlatne  til norskspråklege. Det ville ha ført til meirarbeid for dei, og dermed mindre tid til forsking. Truleg ville det ikkje ha vore særleg positivt for UiO, universitetsdemokratiet og fagmiljøa om møte og anna skal gå føre seg på dårleg engelsk. Det ville heller ikkje ha vore særleg godt for arbeidsmiljøet.

Andre utanlandske arbeidstakarar i Noreg får krav om å læra seg norsk. Eliteforskarar som tar seg arbeid i Noreg, må sjølvsagt få det same kravet om å læra seg norsk. Det er ei stakkarsleggjering av dei å meina at dei som fast tilsette ikkje vil klara å læra seg norsk på tre år.

Forslaget om å gi alle doktor- og postdoktorstipendiatar utan norskkunnskapar tilbod om og krav om  gjennomføring av eit norskkurs på 15 studiepoeng i stipendiatperioden, synest me også er eit godt tiltak. Sjølv om dei ikkje skal bli verande i Noreg etterpå, vil dei på den måten ha lært seg endå meir om samfunnet og kulturen dei har vore ein del av.  

Det handlar om å verna norsk fagspråk på dei områda der det er truga av engelsk

I tillegg vil regjeringa styrkja termportalen i Bergen der dei samlar fagspråk i ulike fagområde. Det verkemiddelet er viktig og nyttig både for det norske samfunnet, for studentane og for forskarane sjølve.

I det store og det heile er tiltaka som blir lista opp i  handlingsplanen både gode og nødvendige. Det handlar om å verna norsk fagspråk på dei områda der det er truga av engelsk. Det vil ikkje seia at norsk forsking ikkje lenger skal halda fram med å bruka engelsk. Men det er nødvendig at all norsk forsking også blir formidla vidare i ein forståeleg norsk språkdrakt.

No er det viktig at handlingsplanen blir brukt av institusjonane og at dei føreslegne tiltaka kan redda norsk fagspråk og norsk som undervisningsspråk på institusjonane. For dette er ein språkleg redningsaksjon som kom i grevens tid.

 

 

 

Emneord: Språkpolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. juni 2023 04:30

Logg inn for å kommentere