UiO-rektor sparka i gang Studentfestivalen

Presis klokka 1630 - ein akademisk halvtime etter planen - kunne rektor Arild Underdal i går klippa over snora og erklæra Studentfestivalen i Oslo for opna. "Let it be the best festival ever" var opningshelsinga hans til studentane.

KLIPTE OVER SNORA: Rektor Arild Underdal klipte over snora og erklærte Studentfestivalen for opna.
Foto: Martin Toft

- Då eg fortalde kona mi at eg skulle opna Studentfestivalen i Oslo, syntest ho slett ikkje at eg var rett mann til den oppgåva, fortalde Arild Underdal.

- "Det handlar jo om livet utanom studiane og det veit jo ikkje du noko om", var kommentaren ho gav meg, avslørte UiO-rektoren for dei rundt 100 studentane som hadde vågd seg inn i festivalteltet, trass i at temperaturen var enda høgare der enn utanfor. Underdal var nøgd med at arrangementet no også hadde blitt plassert på festivalkartet.

- Media har laga fleire reportasjar om festivalen og det vil seia at den blir rekna som viktig, konstaterte han.

- Likevel har eg funne få konserttilbod som tiltalar ein mann på mellom 50 og 60 år, la han til tørt.

Studentfestivalen i Oslo varer i tre veker og festivalteltet på campus på Blindern blir hovudsetet for arrangementet. Men også i Chateau Neuf, Teaterteltet og i Cafételtet på Blindern blir det både konsertar, teaterstykke og debattar under festivalen. I går kunne alle som ville, høyra på artistar som Equicez, Paperboys , Gatas Parlament, Samsaya, Tommy Tee og Winta på Amfiet på plenen bak Kjemibygningen. Og i kveld klokka 19 er det premiere på teaterstykket "Den gudsjammerlige komedie" i Teaterteltet.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2004 15:00 - Sist endra 10. des. 2008 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere