Juryen grunngjev avgjerda med å gi prisen til Seeberg og Krokan med at forskinga deira har hatt mykje å seia for forståinga av aldring og utvikling av kreft og kroniske sjukdomar. Det blir peika på at DNA-reparasjon er ein av dei viktigaste mekanismane kroppen har for å verna seg mot mutasjonar som er skjedd på grunn av ytre faktorar.
- Godt val å dela prisen
- Eg har drive med forsking i mange år og veit godt korleis utveljinga av priskandidatane går føre seg. Krokan og eg har halde på med ting som har mykje med kvarandre å gjera og som komiteen meiner har hatt mykje å seia internasjonalt på denne fronten. Difor synest eg det var eit godt val av juryen å dela prisen mellom oss.
- Eg ser det dessutan som ei prissetjing av eit viktig bidrag Noreg har gjort innanfor medisinsk forsking, slår han fast. Han vil likevel understreka at det er ikkje berre han åleine som skal ha æra for dette forskingsarbeidet.
- Det har vore ein gruppeinnsats der mange forskarar har vore involverte.Difor er det like mykje ein pris til heile gruppa som til meg som har vore i den heldige situasjonen å leia denne gruppa, understrekar han.
Gamle kjente
- Kjenner du og Hans E. Krokan kvarandre frå
før?
- Ja, det gjer me, og i 2003 hadde me ein viktig felles
publikasjon, som blei publisert i Nature. I den
publikasjonen var forskarane Per Arne Aas og Marit Otterlei
frå Krokans forskingsgruppe og forskaren Pål Falnes frå mi
gruppe svært sentrale i det arbeidet, peikar han på.
- Forskingsprosjekta våre er sett saman av bitar gjennom arbeid som me har halde på med i lang tid. Ein del av det me har gjort blir også rekna som fundamentalt innanfor dette feltet, legg han til.
- Kva skal du bruka ein halv million kroner til?
- Det skal eg tenkja enda meir over, seier han.
Anders Jahres pris for yngre forskarar på 400 000 kroner blir delt likt mellom professor Patrik Ernfors og dosent Claes M. Gustafsson ved Karolinska institutet i Stockholm. Ernfors mottar prisen for dei viktige studia han har gjort av vekstfaktorane til nervesystemet. Forskingsarbeidet hans forklarar også utviklinga av fleire nevrologiske sjukdomar. Gustafsson får prisen for dei viktige oppdagingane han har gjort av faktorar som kontrollerer genuttrykk.
Anders Jahres medisinske prisar blir delte ut i Universitets Aula den 8. oktober.
Logg inn for å kommentere