Homoseksualitet provoserte partileiar

Over 300 personar møtte fram for å møta den pakistanske partileiaren Quasi Hussain Ahmad i Helga Engs hus i går. Møtet var roleg heilt til det blei stilt spørsmål om kva han synest om at partiet hans på nettsidene sine går inn for å avretta dei som blir kjende skuldige i homofil praksis. Han blånekta for at det kunne stemma og nekta å svara på spørsmålet.

VELKOMEN: Den pakistanske partileiaren Qazi Hussain Ahmad blir ynskt hjarteleg velkomen til Blindern av representantar for Muslimsk Studentsamfunn.
Foto: Ola Sæther

Midtausten-kjennar Lars Gule, som også er generalsekretær i Human-Etisk Forbund , kunne derimot stadfesta at det var tilfelle. Også Verdens Gangs norsk-pakistanske journalist har vore inne på heimesidene til partiet, og i dagens utgåve av avisa kan han visa til at det er rett at partiet går inn for å avretta folk som er skuldige i homofile handlingar.

Før folk i salen kunne stilla skriftelege spørsmål til leiaren for det største religiøse partiet i Pakistan, heldt han ei preike der han viste til korleis jorda blei skapt gjennom mange millionar år og tilrettelagt av Gud (Allah) på best mogleg måte før menneska blei skapte.

I talen sin gjekk han klart imot eit skilje mellom religion og stat, og han meinte at å skilja religion frå stat var ein av dei store tabbane som Vesten hadde gjort. Han gjorde det også klart at han var imot all terrorisme, inkludert statsterrorisme. Han meinte at det alltid ville gå utover uskuldige. Derimot forsvarte han heilag krig eller Jihad mot eit undertrykkande regime eller mot ein okkupant. Difor støtte han palestinarane sin kamp mot den israelske okkupasjonen, men han uttrykte ikkje direkte støtte til sjølvmordsaksjonar. Den pakistanske partileiaren oppfordra folk i Noreg til å protestera mot USAs bombing av den heilage byen Najaf i Irak.

Når det gjaldt Taliban, tok han sterk avstand frå forbodet deira mot å lata kvinner utdanna seg. Men han svarte ikkje direkte på spørsmålet om han støtta Talibans straffemetodar som steining, avkutting av hender og piskeslag for kriminelle brotsverk.

- Eg får alltid desse spørsmåla, og eg synest at det er ei overdriving å leggja så stor vekt på dette, sa han utan at han gjekk nærare inn på dette temaet. Det blei også spurt kva han meinte om ekteskap mellom muslimar og ikkje-muslimar.

- Muslimske menn kan gifta seg med både kristne og jødiske kvinner, men det vil føra til ein del problem fordi mannen gjerne vil oppdra barna sine som gode muslimar, slo han fast.

Dessutan understreka han at kvinner og menn har like rettar, men at dei spelar forskjellige roller.

Forsamlinga bestod både av menn og kvinner, kristne og muslimar, men også av ikkje-truande. Norsk-pakistanarane dominerte, men det var også etniske nordmenn og folk frå andre land til stades på møtet.

Emneord: Pakistan, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2004 09:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere