Toppforskarar: - Vil halda fram med å publisera i Nature

- Ein publikasjon i Nature gir større utteljing og blir lagt meir merke til enn ein artikkel i eit meir spesialisert tidsskrift. Det seier forskar Henrik Svensen ved SFF-senteret Physics of Geological Processes i ein kommentar til oppfordringa frå bibliotekdirektør Jan-Erik Røed om heller å publisera i fritt tilgjengelege tidsskrift på verdsveven.

FØRETREKKJER NATURE : Forskarane Henrik Svensen og Sverre Planke ved SFF-senteret Physics of Geological Processes vil halda fram med å publisera i Nature .
Foto: Ola Sæther

Henrik Svensen og kollega Sverre Planke fekk rett før sommarferien hovudoppslaget i Nature og brei omtale både i norske og utanlandske aviser. I artikkelen presenterte dei teorien sin om at det var vulkanutbrot som førte til klimaendringar og massedød blant dyr og plantar. Svensen trur at dei gratis tidsskrifta på nett etter kvart kan konkurrera med dei store etablerte, som Nature og Science.

- Demokratisering av forsking

- Det kan føra til ei demokratisering av forsking og betre tilgang, særleg for forskarar i land eller på universitet med dårlig økonomi. Det er jo også litt merkeleg at forskarar må betala for å publisera i tidsskrift som har store inntekter på sal av dei same artiklane, synest han. Trass i dette vil både han og andre forskarar halda fram med å publisera artiklar i Nature og andre prestisjefylte vitskaplege tidsskrift.

- Får lettare medieomtale

- Artiklane når ut til ein mykje større del av fagmiljøet og ikkje berre til ei lita gruppe av spesialistar slik at artikkelen og ideane som blir presenterte får større gjennomslag. Dessutan blir artiklane iNature og Science kvar veke leste av journalistar, og det gjer at det er lettare å få medieomtale og formidling utanfor fagmiljøet, slår han fast.

Han trur at det alltid vil finnast tidsskrift som det er vanskelegare å få publisert artiklar i og som fører til at det blir knytt større prestisje til ei publisering.

- Det er viktig å ha noko å strekkja seg etter, og når underskogen av tidsskrift blir større og større, blir det viktigare å skilja seg ut. Dei store tidsskrifta blir drivne på ein svært profesjonell måte. Publisering av ein artikkel kan skje fort, sjølv med ei omfattande fagfellevurdering (peer review), har han registrert.

- Ei publisering i Nature er også det som tel mest i fleire typar evalueringar av forsking, legg han til.

Svensen har også sett nærare på dei fritt tilgjengelege vitskaplege tidsskrifta på nettet.

- Eg har sjekka tidskrifta i Open Access innan geologi, og det er nok ei stund til dei kan konkurrera i omfang med det som me har tilgang til via biblioteksidene ved UiO. Slik sett er ikkje Open Access noko godt alternativ for meg og andre geologar enno, er konklusjonen hans.

Heller ikkje medforfattaren og kollegaen hans, Sverre Planke har noko tru på desse tidsskrifta.

- Eg er ikkje overtydd om at gratis tidsskrift er vegen å gå for å få betre kvalitet og formidling av framtidige publikasjonar. Det kostar mykje tid og arbeid å få ferdig ein god publikasjon,og eg set stor pris på tidsskrift som hjelper til med dette, seier Planke til Uniforum.

Han listar opp fleire krav som det tidskriftet han vil publisera i, må oppfylla.

- Det som er viktig er at det held høg kvalitet, altså at det har ein god prosess for fagfellevurdering, gode korrekturlesarar, gode redaktørar, god grafisk design og gode web-løysingar. Dessutan er det viktig at eg når det faglege publikum som me forskarar skriv for, og at tidsskriftet samtidig kan hjelpa til med formidling av konklusjonar av arbeidet til eit større publikum, presiserer han.

- Nokon må betala

Han minner om at det også finst ei kostnadsside ved publisering av ein artikkel.

- Publisering krev arbeid som nokon må betala for - anten som arbeid av universitetstilsette, med andre ord betalt over lønnsbudsjettet til universitetet, eller arbeid av profesjonelle i tidsskrifta, finansiert over blant anna bibliotekbudsjettet til universitetet. Eg trur det ofte er best å bruka profesjonelle folk til slike oppgåver og at universitetstilsette heller brukar tida si på forsking og undervisning, meiner Planke.

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2004 12:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere