UiO-studentar får studera i Mexico

Universitetet i Oslo har for første gong skrive under ein avtale om studentutveksling med eit universitet i Mexico. Avtalen mellom Universitetet i Xalapa i delstaten Veracruz og UiO blei underskriven i sommar. Det vil seia at studentar på Latin-Amerikaprogrammet ved HF kan ta eitt eller to semester ved det universitetet.

AVTALE: Rektor Victor Arredondo ved Universitetet i Xalapa i Mexico har nettopp underskrive avtalen med UiO. Han er omkransa av Juan Pellicer og Solveig Aas frå UiO. (Foto: Universitetet i Xalapa)

- Universitetet er eit av Mexicos beste og har eit svært profesjonelt mottaksapparat for utanlandske studentar. Difor vil me oppfordra studentar som ikkje har særleg stor reiseerfaring å søkja seg dit, seier førsteamanuensis Juan Pellicer ved Seksjon for spansk. Internasjonal rådgjevar Trine Kvernmo ved HF og rådgjevar Solveig Aas ved Seksjon for internasjonale program kan skriva under på det.

- Ekte entusiasme
Dei tre drog saman til Mexico, og då dei kom til Universitetet i Xalapa (Universidad Veracruzana), var universitetsleiinga allereie klar til å skriva under avtalen.

- Både rektor ved universitetet, Victor A. Arredondo og dei andre me trefte, viste ekte entusiasme og glede over at UiO og universitetet deira skulle inngå ein avtale om studentutveksling, synest Kvernmo og Aas.

Universitetet tilbyd studentane ein lang rad med studietilbod. - Dei kan studera både latinamerikansk litteratur, historie, antropologi, statsvitskap og arkeologi. Og alle studia kan dei integrera i ein bachelorgrad frå Universitetet i Oslo, minner Pellicer om.

Nye avtalar snart klare

Under opphaldet i Mexico besøkte dei også verdas største universitet, Nasjonaluniversitet i Mexico (UNAM) og Det metropolitanske universitetet (UAM) i Mexico by i tillegg til eit privat universitet; Amerika-universitetet (Universidad de las Americas)i Cholula like ved Puebla.

- I løpet av haustsemesteret reknar me med at me vil ha i hamn avtalar om studentutveksling med desse universiteta også, seier Solveig Aas. Den stadfesta avtalen med Universitetet i Xalapa og dei moglege avtalane med dei andre universiteta inneber sjølvsagt også at meksikanske studentar kan koma til Universitetet i Oslo.

- Dei meksikanske universiteta deler ut stipend til studentar som til dømes vil dra til Universitetet i Oslo. Diverre kjem dei ikkje inn under ordningane til verken stipendprogrammet eller kvoteprogrammet til NORAD, seier Aas.

Både Pellicer og Aas vil gjerne understreka at det i første omgang berre er studentar ved programmet for Latin-Amerikastudiar ved HF, som vil få høve til å nytta seg av denne utvekslingsavtalen. Om andre fag på HF ynskjer å senda studentar til Mexico må dei ta kontakt med internasjonal rådgjevar Trine Kvernmo.

- Dersom andre fakultet også ynskjer å senda studentar til Mexico, må dei ta kontakt med Seksjon for internasjonale program for å høyra kva som er mogleg å få til, understrekar Kvernmo og Aas. Avtalen opnar også for utveksling av doktorgradskandidatar og forskingssamarbeid.

Emneord: Studentsaker, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 17. aug. 2004 09:11 - Sist endra 10. des. 2008 16:05

Logg inn for å kommentere