Kronprinsparet markerte bryllaupsdagen på UiO

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit valde å tilbringa halve bryllaupsdagen på seminaret Fattigdom, konflikt og fredsbygging i Georg Sverdrups hus på Blindern. Dei nytta dessutan høvet til å dela ut 440 000 kroner frå Kronprinsparets Humanitære Fond til to av Kirkens Nødhjelps og Norsk Luthersk Misjonssambands prosjekt i Afrika.

VARM VELKOMST: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit blei tatt i mot av rektor Arild Underdal og styreleiar for kronprinsparets fond, Ann-Kristin Olsen, då dei kom til Blindern.
Foto: Ola Sæther

Kronprinsparet blei tatt imot utanfor Georg Sverdrups hus av rektor Arild Underdal onsdag 25. august. Også Henrik Syse frå Etikkprogrammet og Fredsforskingsinstituttet, Dan Banik frå Senter for utvikling og miljø og fylkesmann Ann-Kristin Olsen som er styreleiar for Kronprinsparets Humanitære Fond var med i velkomstkomiteen.

Kronprins Haakon heldt opningstalen der han minna om kor viktig det var ikkje å tapa engasjementet for dei fattige i andre delar av verda, trass i at du sjølv har det godt.

- Nyttar å hjelpa

- Kvar einaste person er like verdifull. Dessutan er alle menneske på ein eller annan måte vevde saman med kvarandre uavhengig av kvar dei bur. Sidan alle er verdsborgarar er det viktig at alle er engasjerte for å hjelpa kvarandre og ikkje bli apatiske. Nøkkeltemaet er korleis det er mogleg å få til ei endring i situasjonen til dei fattige. Me har ei plikt til å ta vare på dei fattige. Sjølv har eg treft mange flyktningar, og eg har sett at det nyttar å hjelpa dei, sa kronprins Haakon.

- Fin bryllaupsdag

Han gjorde det også klart at å delta på dette seminaret og dela ut pengar frå Kronprinsparets Humanitære Fond var ein fin måte å markera bryllaupsdagen på.

Og 440 000 kroner frå Kronprinsparets Humanitære Fond gjekk altså til Kirkens Nødhjelp og Norsk Luthersk Misjonssamband. Kirkens Nødhjelp får 200 000 kroner til eit prosjekt som går ut på å rehabilitera og gi utdanning til jenter som tidlegare var barnesoldatar i Republikken Kongo.

- Eg håpar at denne pengegåva fører til at aviser og kringkasting igjen fattar interesse for dei gamle konfliktane slik at dei ikkje blir gløymde, sa generalsekretær Atle Sommerfeldt i takketalen sin.

Norsk Luthersk Misjonssamband får 240 000 kroner til arbeidet med å behandla kvinner med store fødselsskader på grunn av sjukdomen fistula i Etiopia. Denne graviditetsrelaterte skaden oppstår hos unge kvinner som giftar seg tidleg og som frå barnsbein av må bera tunge bøtter med vatn på hovudet eller mange kilo med ved på ryggen. Mange av dei er ansvarlege for matlaginga både for eigen familie og for svigerforeldra.

- Sidan sjukdomen fører til at dei ikkje har kontroll over urinblæra, blir dei ofte utstøytte frå familien, fortalde sjefsgynekolog Mulu Muleta frå Yirga Alem Hospital Fistula Unit i Addis Abeba til ei lydhøyr forsamling.

Trefte tidlegare lærar

Kronprinsens tidlegare lærar, David Keen frå London School of Economics (LSE) heldt deretter eit foredrag om fattigdom, hungerkatastrofe og konflikt. Overfor NTB nektar kronprinsen for at han hadde vore med og plukka ut foredragshaldaren. Samtidig gir han klart uttrykk for at han absolutt ikkje hadde noko imot det.

Saman med dei andre forelesarane er David Keen blant dei som er inviterte til ein privat middag på Skaugum seinare på kvelden, onsdag 25. mai, melder NTB.

Emneord: Internasjonalisering, Kongelege besøk Av Martin Toft
Publisert 25. aug. 2004 17:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere