UB-sjef: - Ta publiseringsretten tilbake!

- Alle norske universitet og høgskular må slutta seg til arbeidet med å fremja publisering av forskingsartiklar i fritt tilgjengelege elektroniske tidsskrift på verdsveven. På den måten kan forskarane ta retten til publisering tilbake frå forlaga, meiner bibliotekdirektør Jan Erik Røed ved Universitetsbiblioteket.

OPNE KJELDER: - Forskarane bør publisera forskingsresultata sine i vitskaplege tidsskrift som blir gitt ut på opne kjelder på Internett, meiner bibliotekdirektør Jan Erik Røed.
Foto: Ola Sæther

- Dette er ei sak som Universitets- og høgskulerådet no grip tak i, seier Røed.

Det er dei store kostnadane med å kjøpa abonnement på dei
elektroniske versjonane av vitskaplege tidsskrift som Nature, Science og Lancet, som har fått Jan Erik Røed og direktørar for andre universitetsbibliotek både i Noreg og i andre land til å arbeida for andre løysingar.

- Det er grunnen til at me har kome fram til at me vil be forskarar og forskingsinstitusjonar om å ta i bruk dei frie og uavhengige vitskaplege tidsskrifta på nettet, som er opne for alle. Også der blir alle dei vitskaplege artiklane utsette for ein fagfellevurdering eller peer review før dei blir publiserte, understrekar han.

For dyrt

Røed synest at abonnementa på dei mest prestisjefylte vitskaplege tidsskrifta i dag kostar meir enn det smakar. Han illustrerer det med tal som viser at medan berre åtte prosent av mediekjøpa i 2001 galdt elektroniske tidsskrift, utgjorde utgiftene til kjøp av lisensar og abonnement på elektroniske tidsskrift heile 40 prosent av eit samla budsjett til mediekjøp på 45 millionar kroner i 2003.

- Diverre viser det seg at når me kjøper eit abonnement på t.d. Nature, så går det ikkje an å berre avgrensa seg til det tidsskriftet, nei me må også betala for alle dei andre og langt mindre viktige tidsskrifta som dette forlaget gir ut, fortel han oppgitt til Uniforum. Han er dessutan uroa over at dei vitskaplege tidskrifta kjem i hendene på færre og færre forlag.

- Det vil seia at dei blir meir og meir monopolistiske og er lite villige til å sleppa andre tidsskrift til, slår han fast.

- Betaler to gonger for forskinga

- Problemet er at budsjetta våre ikkje lenger toler så høge utgifter til tidsskriftsabonnement. Sidan forskarane ofte gir frå seg retten til å publisera forskingsresultata sine til eitt eller to vitskaplege tidsskrift må universiteta og høgskulane betala for forskinga to gonger.

- Først finansierer dei forskinga, men for å få tilgang til resultatet av denne forskinga, må dei teikna eit dyrt abonnement på eit tidsskrift, forklarar Røed.

Nye tidsskrift

Dette har ført til at fleire og fleire vitskaplege tidsskrift kjem ut på opne kjelder. Universitetet i Lund har oppretta ein fullstendig oversikt over desse tidsskriftene på ein nettportal som dei kallar for DOAJ eller Direct Open Access Journals.

- Dette er tidsskrift som blir utgjevne av organisasjonar som ikkje er ute etter forteneste. I staden for å abonnera må kvar institusjon kjøpa ein lisens for å få høve til å publisera i desse vitskaplege tidsskrifta. Ein lisens vil gjelda for alle forskarar ved ein institusjon, understrekar han. Universitetsbiblioteket i Oslo har kjøpt lisens for publisering i BiomedCentral.

- Ei anna løysing er at forskarane deponerer arbeida sine i institusjonelle elektroniske arkiv. Det er grunnen til at me har oppretta det elektroniske arkivet DUO, som er knytt saman med arkiva til alle andre institusjonar som brukar same standard. Difor brukar me den same søkemotoren Oaister, fortel han.

- I Nederland har regjeringa bestemt at alle forskingsresultat skal publiserast i eit felles sentralt elektronisk arkiv, fortel han.

- Forskingsrådet bør stilla krav til alle forskingsprosjekt som dei gir pengar til, om at forskingsresultata skal vera tilgjengelege i såkalla Open Access-tidsskrift eller -arkiv på nettet, meiner Røed, som trur det vanskelegaste blir å endra åtferda til forskarane.

- Mange av dei gir frå seg retten til å publisera i eigne arkiv til forlaget som gir ut det vitskaplege tidsskriftet. No er forskarane på veg til å ta tilbake denne retten, konstaterer han.

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft
Publisert 18. aug. 2004 13:01 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere