Fag kan bli nedlagde

Fag ved UiO som ikkje produserer gode nok forskingsresultat, bør kunne leggjast ned sjølv om faget har studentar. Det går fram av eit notat frå prosjektgruppa som utarbeider ein ny strategisk plan for UiO. Prosjektleiar er Olaug Kristine Bringager .

MEIR STYRING: - Den nye strategiske planen blir meir eit styringsdokument enn tidlegare, seier prosjektleiar Olaug Kristine Bringager.
Foto: Ola Sæther

- Me tilrår at UiO held fram med målsetjinga frå Langtidsplanen (1999-2004) om å vera eit forskingsuniversitet av høg internasjonal standard. Derimot synest me at UiO bør flytta fokus når det gjeld hovudmål for å utdanna kandidatar som er attraktive for arbeidsmarknaden både nasjonalt og internasjonalt, seier prosjektleiar Olaug Kristine Bringager til Uniforum.

Ho leier ei gruppe som sett saman av blant andre dei tidlegare dekanane Even Hovdhaugen, Knut Kaasen og Borghild Roald. Denne gruppa går inn for å prioritera undervisninga på master- og doktorgradsnivå. I tillegg meiner dei at det må fokuserast mykje meir på kva som skal vera universitetet sitt svar på samfunnsoppdraget.

Dei oppgåvene som UiO vel å ta på seg for samfunnet bør vera fokuserte og med kvalitet. UiO bør skjera difor skjera ned på verksemd med diffus referanse til eit samfunnsoppdrag, heiter det i diskusjonsnotatet, som er sendt til alle dekanane ved UiO.

Det blir no henta innspel til vidare arbeid både gjennom dialogmøte med alle fakulteta og i møte med studie- og forskingskomiteen. Før forslaget til strategisk plan (2005-2009) skal vedtakast av Universitetsstyret i november, vil eit utkast til plan bli sendt ut på formell høyring.

- Eit styringsdokument

- Denne gongen står me godt rusta til å laga ein god strategisk plan fordi me i stor grad kan byggja på den eksterne evalueringa av UiO og på intensjonane i den førre langtidsplanen. Denne gongen ynskjer universitetsleiinga i mykje større grad enn tidlegare eit styringsdokument med klar retning og mindre heildekkande.

- Difor vil faglege prioriteringar bli eit tema som vil stå mykje meir sentralt denne gongen enn tidlegare. Når det gjeld forsking hjelper det med eksterne drivarar som til dømes etableringa av senter for framifrå forsking, konstaterer Bringager.

- Internasjonaliseringa, blant anna EUs sterke vektlegging av forsking og utdanning vil også bli eit meir sentralt tema, legg ho til.

Må definera forskingsuniversitet

Prosjektgruppa vil altså stå fast på målet om at UiO skal vera eit forskingsuniversitet av høg internasjonal standard.

- Sist gong var det ikkje noko diskusjon om dette målet. Den diskusjonen vil derimot koma no. For det er naudsynt å få svar på kva det tyder å vera forskingsuniversitet i høve til det norske landskapet og kva det tyder internt på universitetet, meiner ho.

I notatet blir det peika på at som forskingsuniversitet vil UiOs forskingsverksemd bli prega av meir og betre forsking av betre kvalitet, fleire spisskompetansemiljø, stor fagleg breidde, sterke eksterne relasjonar og gode partnarskap. Dessutan må det innførast ein forskingsstrategi med medviten bruk av verkemiddel og ressursar til forskingsleiing, administrativt støtteapparat og til rekruttering.

Når det gjeld utdanning skal det vera tett samspel mellom forsking og undervisning på alle nivå, men meir av undervisningskapasiteten skal utnyttast på høgare nivå. Auka grad av internasjonalisering og studentutveksling med sterke forskingsuniversitet er naudsynt, går det fram av notatet. UiO skal også vera svært aktiv i formidling av forskingsresultat.

- Trur du ikkje dei tilsette og studentane kjem til å protestera når de går inn for å leggja ned fag?

- Planen vil ikkje peika ut kva fagområde som skal prioriterast ned. Fagdimensjonering har i mange år vore eit tema. No er det på tide at det blir ein realitet, meiner Bringager. Styringsgruppa for Strategisk plan blir leia av rektor Arild Underdal.

Desse personane sit i prosjektgruppa for Strategisk plan:
Olaug Kristine Bringager (prosjektleiar)
Even Hovdhaugen (HF)
Knut Kaasen (JUR)
Borghild Roald (MED)
Elisabeth Halsen (pers.dir)
Ann Elisabeth Wedø( fak.dir. ved OD)
Arne Laukholm (IT-direktør)
Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2004 16:39 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere