Colombianske studentar vann fram med krav om å styrkja høgare utdanning

Sidan 11. oktober har  studentar protestert og aksjonert for å betra forholda for både studentane og universiteta i Colombia. Regjeringa gjekk nyleg med på å underskriva ein avtale om å styrkja høgare utdanning.

VANN FRAM: Studentleiarane Sara Klinger og Omar A. Gómez Orduz er godt nøgde med at studentorganisasjonen ACEU vann fram med kravet om å styrkja høgare utdanning i Colombia. Studentane har aksjonert sidan 11. oktober i fjor.

Foto: Ola Sæther

I Colombia har studentar over heile landet mobilisert for å hindra privatisering og for å stansa underfinansieringa av offentleg høgare utdanning i landet. Protestaksjonane starta den 11. oktober i fjor, og dei er enno ikkje avslutta. Det er den colombianske studentorganisasjonen ACEU (Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios)  som står bak protestane.

For kort tid sidan besøkte studentleiarane Omar A. Gómez Orduz og Sara Isabel Klinger Muñoz både Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim og hovudkvarteret til Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) i Oslo. Omar A. Gómez Orduz er leiar for ACEU, medan Sara Isabel Klinger Muñoz er talsperson for  UNEES (Unión Nacional de Estudiantes de Educación Superior), som er den nye organisasjonen for alle dei samanslåtte studentorganisasjonane i Colombia.

– Forsvarar retten til høgare utdanning

Dei fortel om brei støtte både frå universitetslærarane og andre tilsette på universiteta.

– Me forsvarar retten til høgare utdanning i Colombia. Systemet skil seg svært ut frå korleis forholda er her i Noreg. Der er høgare utdanning sterkt knytt til dei økonomiske prinsippa til nyliberalismen. Det har ført til at universiteta har gått inn i ei djup krise. På den eine sida har det vore mangel på økonomiske ressursar frå staten til drifta av universiteta. Samtidig har mykje av utdanninga blitt overtatt av private, som går inn i høgare utdanning for å skaffa seg profitt. Dessutan er det ei forfylging av annleistenkjande, brot på menneskerettane og på den akademiske fridomen til dei vitskaplege tilsette på universiteta, fortel Omar A. Gòmez Orduz til Uniforum.

FORFYLGING: – Det er ei forfylging av annleistenkjande, brot på menneskerettane og på den akademiske fridomen til dei vitskaplege tilsette på universiteta, fortel Omar A. Gòmez Orduz om Colombia. Han representerer studentorganisasjonen ACEU.  (Foto: Ola Sæther)

– Stort framsteg

Han omtatalar studentmobiliseringa som den største dei nokon gong har hatt i heimlandet.

 – Derfor ha me også klart å oppnå avtalar med regjeringa om at dei skal styrkja høgare utdanning i landet vårt. Det er nettopp det me har kjempa for gjennom denne lange tida. Me har ikkje klart å få innfridd alle krava våre enno, men det me har oppnådd er likevel eit stort framsteg i Colombias historie, synest han.

Så lenge studentaksjonane har gått føre seg har det ikkje vore tradisjonelle førelesingar på universiteta. Dei har heller ikkje tatt eksamen i den perioden protestaksjonane har gått føre seg, altså heilt sidan 11. oktober. Sara Isabel Klinger Muñoz understrekar at studentane likevel har vore minst like aktive som dei er når dei studerer.

Studentaktivitetar på universitetsområda

All planlegging av demonstrasjonar og møte har gått føre seg på universiteta. Regjeringa ville gjerne ha kansellert semesteret og stengt universiteta for studentane, men det kunne den ikkje. Studentane og studentleiarane har hatt daglege samlingar både for å mobilisera folk til å delta i aksjonar og for at dei skal delta på politiske møte. Derfor hadde me også studentleirar midt på universitetsområdet. I Bogotá har me også hatt demonstrasjonar i den store parken Caldas, fortel ho.

Også studentar frå resten av Colombia har deltatt.

– Meir enn 1000 studentar gjekk til fots frå regionane sine til hovudstaden Bogotá. Me hadde også samlingar der me delte mat med kvarandre. Desse aksjonane fører samtidig til at studentane blir meir medvitne om dei sosiale forholda i sitt eige land. Dei styrkjer også tilliten mellom studentane, seier Sara Klinger til Uniforum.

STYRKJER TILLITEN: – Desse aksjonane fører samtidig til at studentane blir meir medvitne om dei sosiale forholda i sitt eige land. Dei styrkjer også tilliten mellom studentane, seier Sara Isabel Klinger Muñoz i studentorganisasjonen UNEES i Colombia (Foto: Ola Sæther)

 

– Studentane hadde dei beste forslaga til løysing

Begge opplever at studentane får støtte frå mange sektorar av det colombianske samfunnet.

– Me har oppnådd ei enorm støtte frå resten av samfunnet, og det er ein av dei viktigaste faktorane i den sigeren me har fått. Opinionen har verkeleg fått sett og forstått kor viktig høgare utdanning er for at heile samfunnet skal endrast for at det skal bli demokratisk og sosialt rettferdig. Og dessutan fekk me også fram at dei forslaga regjeringa kom med for å løysa krisa  på universiteta ikkje var gode nok. Derimot var dei forslaga som me studentar la fram dei mest hardføre og mest solide løysingar på krisa, fortel Gómez Orduz.

Fekk støtte frå Roger Waters

Han er svært nøgd med at dei også fekk støtte frå internasjonalt kjende personar.

– Nesten alle dei viktigaste partane i det colombianske samfunnet stod fram og støtta krava våre. Også Roger Waters, den kjente musikaren frå Pink Floyd gjekk offentleg ut og gav støtte til oss under konsertane sine. Det var viktig for at me klarte å få medhald i krava våre, fortel han til Uniforum.

Regjeringa skreiv under avtale mot sin vilje

Etter hans meining viser resultatet at studentorganisasjonen ACEU kan pressa regjeringa til forhandlingsbordet gjennom aksjonane sine.

– Regjeringa måtte i første omgang vedgå at det var ei krise på universiteta. Det var ein  politisk triumf for oss. Den vedgjekk at staten har underfinansiert eller late vera å finansiera fleire av studia på universiteta. Den måtte også vedgå at privatiseringa hadde medverka til dette Til slutt måtte dei imot sin vilje, skriva under ein avtale om å styrkja høgare utdanning i Colombia. Tidlegare hadde dei støtta privatisering og at det var mogleg for private å skaffa seg profitt på høgare utdanning. Dei forstod at me hadde rett, og regjeringa følte seg tvungen til å måtta akseptera det, seier han godt nøgd.

Fakta om ACEU:

- Den colombianske studentorganisasjonen (Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios)

- starta i 1998

- fekk tildelt Studentane sin internasjonale fredpris i Trondheim i 2005

- har leidd protestar mot privatisering og underfinansiering av offenleg høgare utdanning i Colombia sidan 11. oktober.

- regjeringa har innfridd kravet om å styrkja høgare utdanning

- det langsiktige kravet er gratis høgare utdanning i Colombia

- har no danna den felles studentrørsla UNEES (Unión Nacional de Estudiantes de Educación Superior)

(Kjelder: ACEU og UNEES)

Vil krevja gratis høgare utdanning

Men forhandlingane med regjeringa held likevel fram.

– Akkurat no forhandlar me om å få til ei rekkje reformer når det gjeld å endra lover som kan gjera det lettare å forandra utdanningsstrukturane i Colombia.

– Så no er det mogleg at studentane og universitetslærarane vender tilbake til ein vanleg studiekvardag på universiteta?

Akkurat no har me sommarferie. Men den er blitt litt lenger enn tenkt, på grunn av studentstreiken. Førelesingane vil koma i gang igjen, men me kjem likevel til å halda fram med protestane våre. Me vil krevja at på lengre sikt skal all høgare utdanning i Colombia vera gratis, seier Sara Isabel Klinger Muñoz til Uniforum.

Dei har også fått støtte for protestaksjonane sine frå studentar i andre land.

– Det har kome ein resolusjon frå Den latinamerikanske og karibiske studentorganisasjonen. Me har også fått støtte frå Noreg som tok opp ein video, fortel dei to.

– Nei til militær innblanding frå USA i Venezuela

No er Sara Klinger og Omar A. Gómez Orduz opptatt av den spente situasjonen i nabolandet Venezuela.

– Som studentorganisasjon nektar me å venda tilbake til krigshandlingane i Colombia. Me vil også ha støtte til latinamerikanske initiativ og går inn for ei linje der me seier nei til all militær innblanding frå USA i Venezuela med hjelp frå Colombias president. Me vil først og fremst be det internasjonale samfunnet støtta forsvaret for freden og forsvaret for liv i Venezuela, ikkje at dei nødvendigvis skal støtta eller ikkje støtta Maduro. Det er viktig at suvereniteten til Venezuela blir respektert og at landet sjølv får løyst problema sine, seier Klinger Muñoz.

Og Omar A. Gómez Orduz nikkar og fylgjer opp.

– 70 år med krig

– Me er eit land som har opplevd nesten 70 år med krig, og framleis har me væpna konfliktar i delar av landet. Me veit godt kva tragedie ein krig er for folk med offer, sorg og liding. Derfor appellerer me til alle i verda som talar fredens sak om å løysa konfliktane sine på ein demokratisk måte. Me tillèt ingen militær intervensjon. Me tillét ikkje at dei unge skal dra tilbake til krigen for ein konflikt som det vil vera mogleg å løysa på fredeleg og demokratisk vis, meiner han.

No drar Sara Isabel Klinger Muñoz og Omar A. Gómez Orduz vidare til andre land i Europa for å snakka med colombianske studentar som har bakgrunn frå studentorganisasjonen ACEU.

– Har same krav som SAIH

I Noreg har Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) vore vertskap for dei colombianske studentleiarane. Organisasjonen har også støtta ACEU politisk og økonomisk. Beathe Øgård er leiar for SAIH, og ho støttar krava dei colombianske studentane har kome med gjennom protestaksjonane sine.

– Når det kjem til krava frå dei colombianske studentane så er krava om meir støtte til forsking, reform av lån- og stipendsystemet for studentar og offentleg finansiert utdanning, og vern av studentleiarar og retten til å organisera seg i stor grad på linje med det som me i SAIH jobbar for globalt, seier Beathe Øgård til Uniforum.

Ho lovar å halda fram med støtta til dei colombianske studentane.

– Det er viktig for oss å visa internasjonal solidaritet og støtte opp om ACEU sitt arbeid, blant anna med å auka merksemda og spreia informasjon om situasjonen til norske studentar og avgjerdstakarar, synest ho.

For Beathe Øgård og SAIH er det også svært positivt at ACEU har tatt initiativ til å samla heile studentrørsla i Colombia i den nye organisasjonen UNEES  (Unión Nacional de Estudiantes de Educación Superior)

– Då står dei sterkare saman i krava og retten til gratis utdanning, meiner ho.

– Lanserer kampanje om tilgang til høgare utdanning globalt

No oppfordrar Beathe Øgård alle studentar om å delta i ein ny politisk kampanje som startar i midten av denne månaden.

– Då skal me lansera ein ny politisk kampanje om tilgang til høgare utdanning globalt. Me vil fokusera på kapasitetsbygging av høgare utdanning og i samband med det peika på behov for tilstrekkelege og inkluderande lån- og stipendordningar globalt og auka offentleg finansiering til utdanning i låg- og mellominntektsland. I dette arbeidet er situasjonen i Colombia og arbeidet til ACEU svært relevant, meiner Beathe Øgård.

 

 

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering, Studentforhold, Akademisk frihet Av Martin Toft
Publisert 4. mars 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere