Frå Uruguay til Universitetets Aula

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000


- Eg kjenner meg privilegert som kan gå og vandra blant Edvard Munchs veggmaleri her i Universitetets Aula. Det seier driftsoperatør Raúl da Cunha frå Uruguay, som tok vegen om både Frankrike og Spania før han kom til Universitetets Aula. Men det er fotograf han eigentleg er.

Landsby i Andalucia Frå ein kvit landsby i Andalucia, Spania

Martin Toft
Raúl da Cunha (foto)

Han tar imot oss i betjentkontoret i Universitetets Aula og fylgjer oss vidare til den improviserte kongegarderoben. - Dette må jo vera den rette plassen å gjera intervjuet med meg, ler han. Der legg han fotokofferten sin på eit salongbord og dreg fram rundt 15 fotografi i stort format. Alle fotografia har han tatt i Nicaragua og i Guatemala. Det er portrettbileta av mayaindianarane i Guatemala og gatebarna i Nicaraguas hovudstad Managua som gjer sterkast inntrykk på oss. Smilande ansikt og lidande ansikt. Rynkete ansikt og glatte ansikt. Ein familie på fire på ein sykkel. Ei gammal indianarkvinne med ein kjempebrei hatt.

Hatten til denne kvinna blei større og større dess eldre ho blei. Ho fekk nemleg utvida hatten med ein ekstra ring med samanknytt tøy for kvart år. Ja, du kan nesten samalikna det med årringane på eit tre. Eg såg aldri nokon breiare hatt enn denne, så denne kvinna var nok svært gammal, fortel han.

Men korleis hamna du i Guatemala og i Nicaragua? - Det var takka vera Anette, den norske kvinna eg er gift med. I 1989 blei ho tilsett som stadleg representant for Redd Barna i Mellom-Amerika, og då blei eg sjølvsagt med henne. Slik fekk eg høve til å ta opp igjen mitt gamle yrke som fotograf, seier han.

Politisk uro

Politiske omveltingar i heimlandet hans, gjorde at draumen om å bli fotograf fekk fleire skot for baugen. - Draumen var i ferd med å bli realisert, då eg måtte flykta frå Uruguay etter militærkuppet i 1973. Då arbeidde eg med flyfotografering samtidig som eg akkurat hadde begynt på det første året ved ved Arkitekthøgskulen i hovudstaden Montevideo, fortel Raúl da Cunha, som saman med kjærasten sin, som seinare blei den første kona han, først hamna i ein landsby utanfor Lyon i Frankrike, deretter i Paris, før dei til slutt enda opp i Madrid.

Der kunne eg halda fram med fotograferinga hos eit firma som lagde prospektkort.

Ein landsby på skulebenken

Skulebarn i Nicaragua
Skulebarn sit ute og gjer lekser i Nicaragua.

- Me tenkte heile tida på at me snart skulle venda tilbake til Uruguay, difor satsa me aldri på å etablera oss fast på ein stad. Det var grunnen til at me også stadig var på reisefot rundt i Europa. Men til slutt slo me oss ned i byen Nerja i Andalucia, seier han, og både han og kona blei ein del av ei kunstnargruppe som kalla seg for Grupo Nerja.

- Seinare stifta me gruppa Manos (hender) og byrja å undervisa heile landsbyen i kunsthandverk. Like etterpå fødde kona hans dottera Paula, som framleis bur i Spania. Nokre år seinare skilte han og kona lag, og han møtte kvinna som er årsaka til at han i dag bur i Noreg.

- Viss eg ikkje tar heilt feil, var dette rundt 1982. Men sidan eg hadde ei dotter i Spania og ho barna sine i Noreg, budde me fleire år i kvart vårt land, før me fem år seinare gifta oss og til slutt kunne bu i same land, altså Noreg. Men kvar gong me har ferie, drar me til sommarhuset vårt i Torrox i Andalucia.

Fotograferte mayakulturen

I Noreg livnærte han seg først som postbetjent ved Solli postkontor. Men då kona blei tilsett av Redd Barna i Guatemala, begynte han å fotografera igjen.

- Eg dekka Mellom-Amerika som frilansfotograf for det spanskspråklege svenske nyhendebyrået Cono Sur Press. I tillegg var eg med og etablerte ein fotobank saman med tre andre personar. Eg blei også engasjert som fotograf av Det andre indianar- og urfolksmøtet i Guatemala. Slik kom eg meg rundt i heile landet og fekk sett masse av den storslåtte mayakulturen. Då fekk eg også høve til å ta bilete av dei kjende mayakvinnene Rigoberta Menchú, som seinare fekk Nobels fredspris, og Rosalinda Tuyuc, som i dag sit i Guatemalas nasjonalforsamling. Etter eit kort opphald i Noreg, drog han, kona og sonen på seks år tilbake til Mellom-Amerika, denne gongen til Nicaragua.

Fotokurs for barnearbeidarar

- Der blei eg med i styret for Managuas Kultursenter. Me organiserte kulturaktivitetar og fotoutstillingar. Men det eg hadde mest glede av, var fotokurset eg heldt for barnearbeidarane i Nicaragua.. I Noreg hadde me samla inn mange brukte fotoapparat, og for ein symbolsk sum selde me dei til desse barna. Etter at dei hadde gått på fotokurset, begynte dei å fotografera folk på gata, og slik fekk både dei og familien ei inntekt. Eit par år seinare trefte eg eit av desse barna igjen i Noreg på Landsorganisasjonens konferanse om barnearbeid. Då kunne dette barnet visa til korleis fotograferinga hadde livnært han på gata i Managua. Sommaren 1997 kom Raúl da Cunha og familien tilbake til Noreg.

Mayakvinner
Mayakvinner sit og lagar maiskaker (tortillas) i ein landsby i Guatemala.

Privilegert

Me ville at sonen vår skulle få gå i ein vanleg norsk skule og bli ferdig med den før me reiste tilbake til Mellom-Amerika. Eg prøvde å etablera meg som fotograf, men til det treng ein tid, kontaktar og ingen faste utgifter. Det einaste eg hadde, var faste utgifter, så då eg fekk tilbod om fast jobb som driftsoperatør i Universitetets Aula, takka eg sjølvsagt ja til det. Og eg har dessutan fått vist fram bileta mine frå Mellom-Amerika på fotoutstillingar både i Det Norske Teatret, Håndverkeren og i eit utstillingslokale på Sagene.

Men korleis likar du jobben din i Universitetets Aula?

- Eg kjenner meg privilegert som kvar dag kan gå her og vandra blant dei flotte veggmåleria til ein så verdskjent kunstmålar som Edvard Munch. Dessutan får eg nyta mange flotte musikkopplevingar heilt gratis, sidan eg ofte må vera på plass for å ordna dei praktiske gjeremåla.

- Fotograferer du på jobben?

- Nei, eg fotograferer mest aldri på jobben. Men i fritida brukar eg fotografiapparatet ein god del. Dessutan har eg lært meg bilethandsaming på data, altså Photoshop. I tillegg jobbar eg ein del med svart/kvitt-bilete i mørkerommet.

Tango og mimring

Til Spania drar han og familien eit par gonger i året. Men turane til Uruguay blir sjeldnare og sjeldnare. - Kvart fjerde år drar me til heimlandet mitt. Då blir som regel heile opphaldet ein einaste lang sosial samankomst der det eine besøket avløyser det neste.

Men når lengsla etter heimlandet blir for sterk i heimen på Bjølsen, tar han kontakt med dei andre medlemane i den uruguayanske kolonien i Oslo. Då kjem gitarane fram, og det blir sunge tango og mimra om Uruguay til langt på natt.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000

Publisert 3. mai 2000 18:48 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere