Universitetet i Oslo og styret for Det norske instituttet i Athen ber no Utanriksdepartementet om å rydda opp i striden mellom instituttleiinga og den tidlegare justisministeren til den greske militærjuntaen, pensjonert professor Johannes Triantaphyllopoulos.
Instituttleiar Synnøve des Bouvrie (bilete) meiner den pensjonerte professoren, som har gitt ei gåve på 15 000 bøker til instituttet, har tatt seg til rette ved instituttet.
Denne saka er overpolitisert, meiner den greske filosofen Panagiotis Dimas ved Universitetet i Oslo.
Urbygningen er redda
(Foto: Ståle Skogstad)
Urbygningen får likevel to millionar kroner i startløyving til oppussing. Det går fram av Finanskomiteens innstilling til revidert budsjett for år 2000.
Både stortingsrepresentant Inge Lønning frå Høgre og Arne Lyngstad frå Kristeleg Folkeparti gjekk i førre nummer av Uniforum hardt ut mot Arbeidarparti-regjeringa for å ha stroke denne løyvinga frå framlegget til revidert budsjett. Desse pengane låg inne i statsbudsjettet for 2000 som blei vedtatt av Stortinget i desember. Lønning trekte fram korleis dåverande leiar for KUF-komiteen og noverande næringsminister Grete Knudsen hadde flagga denne saka høgast oppe i flaggstanga under budsjetthandsaminga i fjor haust. No ser det altså ut til at oppussinga av Urbygningen kan gå som planlagt.
Heime-PC-ar må venta
Dei tilsette ved UiO får ikkje tilbod om heime-PC-ar før til hausten. Planen var å ha klar ei ordning før sommarferien. Det opplyser assisterande personaldirektør Jan Thorsen til Uniforum.
Kontrakten er så stor at den først må ut på ein tilbodsrunde i heile EØS-området. Fristen for å levera inn tilbod har me sett til 27. juni, seier Thorsen, som viser til at det på ein arbeidsplass med over 5000 tilsette slik som ved Universitetet i Oslo, vil truleg mellom 1000 og 1500 takka ja til eit tilbod om heime-PC.
Maritimt miljø i sentrum
Professor Sjur Brækhus innredet Nordisk Institutt for Sjørett inspirert av interiøret i de gamle passasjerskipene. Nå vurderer de antikvariske myndigheter å gjenopprette det opprinnelige interiøret i lokalene.
Instituttets bestyrer, professor Hans Jacob Bull, mener det maritime maghogni-interiøret er såpass gammelt og spesielt at det er verdt å bevare. Han leder et institutt som på mange måter skiller seg ut fra de øvrige ved UiO. (Foto: Ståle Skogstad)
Innhold:
- Striden ved Athen-instituttet er overpolitisert!
- Historie i globaliseringens tidsalder
- Fem i farta
- LØP i rute
- Kaupang kan vera Noregs første by
- NVE anbefaler kraftverk ved Baroniet
- Genformidling med lekeklosser
- Heime-PC-ordning utsett til hausten
- Med sans for det maritime
- Språkleg fridom i Sør-Afrika
- Magisk møte med middelalderen
- Debatt: Økt opptak på profesjonsstudiet i psykologi
- Debatt: Universitetet i Oslo er en verdiskaper
- Notert
- Vet du at ...
- Pressebiter
- Doktorgrader
- Kurs og stipend
Oppdatert 8. juni 2000 av Informasjonsavdelingen, Trine Nickelsen. Adresse: uniforum@admin.uio.no
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere