Språkleg fridom i Sør-Afrika

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000


Frå to til elleve offisielle språk. Det er den språklege delen av frigjeringsprosessen i Sør-Afrika. No er arbeidet i gang med å danna språkråd for dei nye offisielle språka.

Schalkwyk m. flere

Sjefredaktør Afrikaans ordbok, Dirk van Schalkwyk (nr. 2 frå høgre) saman med staben sin ved Universitetet i Stellenbosch. (Foto frå informasjonsbrosjyre om ordbokprosjektet)

Martin Toft

Fram til apartheidstyret tok slutt den 27. april 1994, var engelsk og afrikaans dei to einaste offisielle språka i Sør-Afrika. Etter avskaffinga av raseskillepolitikken og innføringa av fleirtalsstyre, er også ni andre sørafrikanske språk blitt offisielle. Medan afrikaans, som er språket til etterkomarane av dei første nederlandske innvandrarane, har hatt eit eige språkråd sidan byrjinga av dette hundreåret, har ikkje dei ni nye offisielle språka hatt noko språkråd. Men no er arbeidet med å etablera språkråd også for desse språka godt i gang. Arbeidet blir leia av doktor Dirk van Schalkwyk, som også er sjefredaktør for Afrikaans ordbok (Woordeboek van die Afrikaanse Taal). Denne ordboka blir redigert ved Universitetet i Stellenbosch.

Opprinnelege språk blir offisielle språk

– Det arbeidet som me driv i Sør-Afrika blir fylgt med stor interesse også i andre land i Afrika. Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) har bestemt at dei afrikanske landa må innføra eit eller fleire av dei opprinnelege språka i landa sine som offisielle språk i staden for engelsk, fransk eller portugisisk. Me samarbeider difor med universitet i andre afrikanske land, blant dei Zambia, Tanzania, Liberia, Gabon og Angola, fortel van Schalkwyk. Master- og doktorgradsstudentar kan dermed koma til Universitetet i Stellenbosch og fylgja det arbeidet dei driv med Afrikaans ordbok, slik at dei kan driva liknande leksikografisk arbeid i heimlanda sine.

På den måten fremjar me godt naboskap med grannelanda våre, smiler språkforskaren.

Kurs i bedriftsleiing

Han er svært oppteken av å finna fram til måtar som kan gjera det mogleg å få arbeidet med å laga leksikografiske ordbøker til å gå fortare. Det meiner han var ein av dei tinga han klarte å læra dei åra Sør-Afrika og det sørafrikansk-okkuperte Namibia var internasjonalt isolerte. Då var van Schalkwyk i åtte år assisterande universitetsdirektør ved Namibias nasjonaluniversitet i dagens hovudstad Windhoek.

– Me blei sende på kurs i bedriftsleiing slik at me kunne få meir ut av pengane som blei løyvde til universitetet. På denne måten lærte me korleis eit prosjekt kunne gå framover i staden for å stå i stampe. Ved å fokusera meir på resultatet av det me gjorde og mindre på dei pengane me fekk inn, klarte me å bli meir effektive. I dag har me folk som jobbar med ordbokprosjektet på deltid, samtidig som me har engasjert frivillige medarbeidarar. Det aller viktigaste for leksikografar er nemleg å vera i kontakt med brukarane av ordbøkene og spørja dei til råds. På denne måten har me klart å finna fram til ein metode som gjer at det vil gå raskare å koma i mål med slike leksikografiske prosjekt, seier han.

Ordbokprosjektet vil dessutan kunna hausta fruktene av eit eiga dataprogram for leksikografi som er utvikla av eit svensk selskap med tilknyting til Lunds Universitet. Dette dataprogrammet vil det bli mogleg å bruka for alle andre ordbokprosjekt også.

– Men det viktigaste med eit ordbokprosjekt er god prosjektstyring. Difor må ein stilla seg fylgjande tre spørsmål: Gjer me dei rette tinga? Gjer me dei rette tinga rett? Gjer me dei rette tinga rett på rett tidspunkt? Då me gjekk gjennom dei forskjellige ordbokprosjekta, fann me at det var det siste spørsmålet prosjekta feila på. Dei gjorde altså dei rette tinga, men ikkje på rett tidspunkt, fortel han.

Starta opp i 1926

I Sør-Afrika kom det ellevte bindet av Afrikaans ordbok ut i slutten av mai. Dette bindet inneheld alle ord på N og O.

– Du har nyleg vore på besøk hos dei leksikografane som held på med Norsk ordbok her ved Universitetet i Oslo. I Noreg har dette prosjektet blitt kritisert fordi det starta opp allereie i 1930 og har planar om å fullføra prosjektet innan 2025. Kor lang tid har arbeidet med Afrikaans ordbok tatt?

– Arbeidet byrja i 1926 og skal vera avslutta innan 2025. Då skal dei siste ni binda av ordboka vera ferdige, fortel han. Sjølv er han i ferd med å gi fødselshjelp til eit ordbokprosjekt for xhosa, som er eit av dei ni nye offisielle språka i Sør-Afrika. Det er dessutan morsmålet til frigjeringshelten og den tidlegare presidenten Nelson Mandela.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000

Publisert 7. juni 2000 18:30 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere