Heime-PC-ordning utsett til hausten

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000


Det blir ikkje innført ei ordning med heime-PC-ar for dei tilsette ved Universitetet i Oslo før til hausten. Planen var å ha klar ei ordning før sommarferien.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

– Kontrakten er så stor at den først må ut på ein tilbodsrunde i heile EØS-området. Fristen for å levera inn tilbod har me sett til 27. juni, opplyser assisterande personaldirektør Jan Thorsen til Uniforum. Han viser til at det på ein arbeidsplass med over 5000 tilsette slik som ved Universitetet i Oslo, vil truleg mellom 1000 og 1500 takka ja til eit tilbod om heime-PC.

– Dermed slo Innkjøpsseksjonen fast at dette var ein så stor kontrakt at den skulle lysast ut på tilbod i heile EØS-området, seier Thorsen. Når tilboda er komne inn, skal ei eiga arbeidsgruppe, som er sett saman av ein person frå Innkjøpsseksjonen i Økonomi- og planavdelinga, ein person frå USIT og assisterande personaldirektør Jan Thorsen frå Organisasjons- og personalavdelinga, gå gjennom dei og finna fram til minst to leverandørar som UiO kan inngå kontrakt med.

Skal bli betre i data på jobben

– Desse leverandørane vil me gå inn i nærare forhandlingar med for å finna korleis dei stiller seg til dei spesielle vilkåra me meiner ein heime-PC-avtale bør innehalda. Då tenkjer eg først og fremst på spesielle opplæringsprogram. Målet vårt med ordninga er jo at dei tilsette på denne måten også skal bli i stand til å utnytta datamaskina på jobben betre enn i dag, seier han.

Tilbodet om heime-PC blir gitt til alle dei fast tilsette og til dei som har eit vikariat eller engasjement på over tre år ved UiO. Årsaka er at leasingavtalen om heime-PC er ei ordning der den tilsette automatisk trekkjer ein fast sum av bruttoløna som går til nedbetaling av heime-PC-en. Når leasingperioden er over, kan den tilsette inngå avtale om ein ny maskin på dei same vilkåra eller kjøpa den tre år gamle maskina for ein del hundrelappar.

– For UiO vil det gå med ein del tid til sakshandsaming i samband med denne ordninga i tillegg til at det sjølvsagt blir vår jobb å trekkja den faste månadlege summen frå løna. Men det er leverandørane som skal ha kontakten med brukarane, installera datautstyret og gi dei teknisk hjelp, understrekar han.

Det har vore stor interesse for denne ordninga sidan Uniforum melde om det i februar. – Ja, eg har fått mange telefonar frå folk som lurer på korleis det går. Når me får så stor respons på dette, viser det at det er riktig det me gjer, seier Thorsen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000

Publisert 7. juni 2000 14:56 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere