LØP i rute

ForrigeInnhold Neste Uniforum nr. 9 2000


Alle dei tilsette ved NTNU i Trondheim har fått løn etter at universitetet innførte første del av det nye løns-, økonomi- og personalsystemet (LØP) frå 1. mars i år.

Martin Toft

– Førebels har det berre vore ein del barnesjukdomar der, seier assisterande personaldirektør Jan Thorsen, som har vore nasjonal prosjektleiar for innføringa av det nye løns- og personalsystemet (PR 2000) ved dei tre universiteta.

Det er framleis ein del ting som må på plass før alt går knirkefritt med det nye løns- og personalsystemet (PR) ved NTNU i Trondheim. Personaldelen av denne pakka er enno ikkje innført i Trondheim. Det vil me setja i gang etter kvart, opplyser Jan Thorsen til Uniforum. Frå nyttår vil både det nye lønssystemet og det nye personaldatasystemet innførast ved Universitetet i Bergen, før Universitetet i Oslo til slutt innfører det nye lønssystemet frå 1. mai 2001.

- Testinga ved Universitetet i Bergen går etter planen. Men me har eit prosjektløp for hausten som ikkje har rom for forseinkingar. Dersom det likevel skjer, vil det føra til at UiO må utsetja innføringa av det nye lønssystemet, understrekar han.

- Kva fordelar er det eigentleg med dette systemet i høve til det systemet som UiO hadde tidlegare?

- Etter at me har innført heile systemet, vil det gi sakshandsamingsstøtte, og blant anna gjera det lettare å fylgja ein stilling frå den blir utlyst, til søknadane kjem inn og fram til den som blir tilsett i jobben, får den første lønninga. Det vil dessutan gjera det mogleg for alle einingane ved universitetet å gå inn og henta opplysningar frå søkjarlister til andre jobbar vedkomande har søkt ved UiO. Det vil kort fortalt spara dei UiO-tilsette for ein god del dobbeltarbeid, seier Thorsen.

- Korleis har samarbeidet med leverandøren IBM vore?

- Det har vore konstruktivt, men kunde og leverandør ser som regel ei sak frå forskjellige ståstader. Me har hatt ein open dialog med IBM, og me har alltid klart å løysa og avdekka problema fortløpande. Difor har heller ikkje prosessen stoppa opp, konstaterer han.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000

Publisert 7. juni 2000 17:58 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere