Kaupang kan vera Noregs første by

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000


- Utgravingane på Kaupang ved Larvik i sommar kan gi endeleg svar på om Kaupang verkeleg var Noregs eldste by. Det opplyste leiar for utgravingsprosjektet, dr. philos. Dagfinn Skre på ein pressekonferanse i førre veke.

Martin Toft

Førebels har utgravingane avdekka både husstolpar, arabiske og romerske myntar. Det viser at Kaupang var ein marknadsplass i vikingtida mellom slutten av år 700 og 900. Funna frå Kaupang fortel at fleire handverk blei praktiserte der. Det er funne smykkemodellar, støypeformer, smeltediglar og produksjonsavfall. Råstoff og produksjonsavfall fortel om framstilling av perler i glas og rav. Men arkeologane kan enno ikkje slå fast om det var heilårsbusetnad på denne staden.

- Det kan me ikkje finna ut før me har funne spor etter eldstader i tilknyting til husrestane me har gravd fram på Kaupang. Planen vår er at utgravingane i sommar skal gi endeleg svar på dette spørsmålet. Først då kan me prova at Kaupang var Noregs første bysamfunn med eit innbyggjartal på mellom 200 og 300 personar. Eit viktig teikn på at staden hadde ein stor bufast busetnad, er det faktum at opptil sju vaksne blei gravlagde kvart år, konstaterte Skre.

Kaupang:

  • vikingsamfunn ved Larvik frå slutten av år 700 til år 900
  • 1950-67: 80 graver gravde ut frå gravfeltet Bikjholberget under leiing av Charlotte Blindheim
  • 2000-2006: nye utgravingar under leiing av Dagfinn Skre skal gi endeleg svar på om Kaupang var Noregs første by og kvifor innbyggjarane forlét byen i år 900

Han kunne også kunngjera at Anders Jahres Humanitære Stiftelse har løyvd 4,8 millionar kroner over tre år til det sju år lange utgravingsprosjektet som til saman vil kosta 27,2 millionar kroner. Til no er 16,2 millionar kroner av totalsummen på plass. Utanom Anders Jahres Humanitære Stiftelse er dei største bidragsytarane Universitetet i Oslo, med til saman 4,9 millionar kroner for heile sjuårsperioden, Noregs forskingsråd, Larvik kommune, Norsk kulturråd og Kulturdepartementet.

3. mai i år utførte rektor Kaare R. Norum ved UiO den offisielle opninga av utgravingane av vikingtidsbyen Kaupang. Prosjektet skal gå fram til sommaren 2006. Også i det første spataket Norum gjorde på Kaupang, var det fleire oldtidsfunn.

Ja, då fann me fire verdifulle ting frå vikingtida. Og eg blei ikkje mindre engasjert av dette prosjektet etter det funnet. Etter mi meining kombinerer utgravingane på Kaupang dei tre hovudoppgåvene til Universitetet i Oslo, forsking, formidling og undervisning. Gjennom desse utgravingane kan me undervisa ungdomen til å bli glad i historiefaget, sa Norum. Han la til at desse utgravingane kan vera med på å gi eit anna bilete av vikingane enn den tradisjonelle oppfatninga av dei som valdsmenn.

- Dette kan vera med på å visa korleis Norden var ein viktig del av Europas kultur i vikingtida, meinte Norum. Frå sommaren 2001 vil heile utgravingsområdet vera ope for publikum.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000

Publisert 7. juni 2000 15:30 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere