- Striden ved Athen-instituttet er overpolitisert!

Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000


Gresk filosof ved UiO:

- Denne saka ser for meg ut til å vera overpolitisert. Slik kommenterer førsteamanuensis Panagiotis Dimas ved Filosofisk institutt den aktuelle striden mellom styraren for Det norske instituttet i Athen, Synnøve des Bouvrie og den tidlegare justisministeren i den greske juntaen, professor Johannes Triantaphyllopoulos. UiO og styret for instituttet overlet no til UD å rydda opp i denne saka.

dimas

- Grekarane har no lagt juntaperioden bak seg. Difor bør det ikkje vera problematisk for Athen-instituttet å samarbeida med den tidlegare justisministeren til juntaen i dag, meiner Panagiotis Dimas.

Martin Toft
Ståle Skogstad

- Det må vera lov for ein som tidlegare har gjort dårlege ting å gjera gode ting og få ei konkret takk for det. Sidan Triantaphyllopoulos har selt mange tusen bind av boksamlinga si til instituttet for ein låg pris, så er det berre rett og rimeleg at det står eit skilt som fortel kven som gav bøkene til instituttet. Det er også rett at han får høve til å sitja der og arbeida med bøkene sine. Dessutan er det ingen tvil om at Triantaphyllopoulos er ein fagmann og at instituttet heile tida har sett på han som det. Det meiner den greske filosofen Panagiotis Dimas ved Universitetet i Oslo. Han viser til at Hellas i motsetnad til Chile tok eit oppgjer med dei som hadde deltatt i militærjuntaen straks demokratiet blei gjeninnført i 1974.

Vond tid

Sjølv hugsar eg så vidt at eg måtte forlata rommet dei gongene dei vaksne skulle snakka om noko løyndomsfullt. Det er heller ikkje nokon tvil om at juntaperioden frå 1967 til 1974 var ei vond tid for grekarane. Men nettopp fordi dei hadde eit rettsleg oppgjer straks etter at militærjuntaen gjekk av, var grekarane innstilte på å leggja denne vonde perioden bak seg, seier Dimas. Han viser til at Johannes Triantaphyllopoulos berre var justisminister i tre veker i mai og juni 1968, og det blei han straffa for ved at han blei nekta å ha politiske verv.

Men eg trur heller ikkje norske styresmakter og instituttet hadde gitt han St. Olavs Orden og inngått eit så nært samarbeid med han om dei hadde visst at han hadde vore justisminister under militærdiktaturet. Likevel veit eg at fortida til Triantaphyllopoulos ikkje har vore meir problematisk enn at han har deltatt på middag i Den greske ambassaden i Oslo, minner han om.

Fjerna namneskilt og portrett

Det norske instituttet i Athen

  • Det norske instituttet i Athen for klassiske studiar, arkeologi og kulturhistorie etablert i 1989 som eit samarbeidstiltak mellom dei fire norske universiteta
  • instituttstyrar er Synnøve des Bouvrie frå Universitetet i Tromsø
  • tidlegare instituttstyrarar: Øyvind Andersen 1989-94 og Erik Østby 1994-98
  • instituttet har fem tilsette
  • styreleiar er Asbjørn Bjørnset frå Universitetet i Bergen

Det var Aftenposten som fekk snøballen til å rulla i førre veke i eit intervju med både pensjonert professor Knut Kleve ved Klassisk og romansk institutt og instituttstyrar Synnøve des Bouvrie. Sistnemnde fekk støtte frå domar Hanne Sophie Greve ved Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Aftenposten skriv at Greve har sendt brev både til utanriksminister Thorbjørn Jagland og dei fire universiteta og bede dei om å rydda opp. Det var des Bouvrie som tok initiativet til å fjerna namneskiltet og portretta av Triantaphyllopoulos og kona hans frå veggen vis-à-vis portrettet av beskyttaren til instituttet, dronning Sonja.

- Det er ein innarbeidd praksis at ingen kan ta merksemda frå eit portrett av dronninga. Difor har eg også fått støtte frå den norske ambassadøren i Hellas for handlemåten min i dette tilfellet. I staden har eg hengt opp ein bronseplakett med namnet hans på inne i biblioteket, fortel des Bouvrie, som blei tilsett som instituttstyrar frå 1. januar i fjor.

Måtte feira namnedag

- Eit par dagar etter at eg byrja, gjekk det opp for meg kor stor makt Triantaphyllopoulos hadde ved instituttet. Då blei eg og dei andre tilsette nærast beordra til å delta på eit restaurantbesøk med han og kona hans, og neste dag måtte me vera på instituttet for å feira namnedagen hans. Eg melde avbod på grunn av ein sorgbodskap, men det avbodet fekk eg ikkje høve til å bringa til Triantaphyllopoulos og kona hans. Dagen etter fekk eg difor kjeft av frua, minnest ho. Ho viser til at gåva på 40 000 bøker for 1,5 millionar kroner, seinare viste seg å vera ei gåve på 15 000 bøker. Difor meiner ho at den pensjonerte professoren heller ikkje har halde avtalen som blei gjort med instituttet.

- Det viktigaste er at det ikkje går an å ha ein slik avtale med ein mann som var justisminister akkurat på den tida alle aktorane og domarane i Hellas fekk sparken. Eg går no ut med denne saka fordi eg ynskjer å oppretthalda Noregs ære, seier des Bouvrie.

UiO har ikkje drøfta saka

Assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien er ein av UiOs to medlemar i styret. Førebels har UiO enno ikkje noko offisiell haldning i denne saka, opplyser Stray Lien.

- UiO har ikkje drøfta denne saka no viss du med "sak" meiner forholdet til professor Triantaphyllopoulos. Både tidlegare UiO-rektor Inge Lønning og tidlegare universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen, Magne Lerheim, var sentrale personar den gongen instituttets kjøp av boksamlinga blei handsama. Om dei var klare over fortida til professoren i juntaregjeringa veit eg ikkje, men eg har ingen grunn til å tru at dei ikkje gjorde dei undersøkingane som dei meinte var naudsynte i samband med kjøpet.

- Bør ikkje UiO eigentleg bryta alt samband med dette tidlegare juntamedlemet som under militærregimet i Hellas var medansvarleg for brota på menneskerettane der?

- Me har som institusjon ikkje noko direkte forhold til professor Triantaphyllopoulos. Atheninstituttet har det som eigar av hans tidlegare boksamling og ein del av dei sentrale fagpersonane i miljøet rundt instituttet har det. Noko av konflikten no har gått på om han har tatt seg utidig "til rette" på instituttet og brukt instituttet for å skaffa seg ein betre posisjon i Hellas enn han elles ville hatt. Ulike styrarar vil truleg meina ulike ting om det, og det er jo ei subjektiv vurdering.

- Korleis ser universitetsleiinga på at professor emeritus Knut Kleve ved Klassisk og romansk institutt går ut og forsvarar det nære samarbeidet med denne professoren og krev at styrar Synnøve des Bouvrie bør avsetjast på grunn av hennar handsaming av denne saka?

- Universitetsleiinga korkje kan eller vil styra professor Kleves syn. Han må få meina det han vil. Men styret på Athen-instituttet har ikkje sett det som eit rimeleg krav å avsetja Synnøve des Bouvrie. Me konstaterer at ho har eit noko anna syn på professor Triantaphyllopolous´ tilknyting til instituttet enn tidlegare styrarar, og difor har handla annleis.

- Kva vil universitetsleiinga gjera i samband med denne saka no?

- Den politiske dimensjonen av saka må Utanriksdepartementet ta seg av. Om dei finn ut at det har skjedd uheldige ting tidlegare, har me tillit til at dei vil rydda opp i det. Styret har hatt kontakt med ambassaden i Hellas, og inntrykket vårt er at UD sjølvsagt tar dette seriøst. Om dei i vurderingane sine finn ut at det var feil av instituttet å ta imot boksamlinga, får me eventuelt også ta opp den sida av saka, seier assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien.


Innhold Neste Uniforum nr. 9 2000

Publisert 7. juni 2000 17:55 - Sist endra 1. sep. 2014 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere