UiO krev meir pengar til omstilling

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000


Universitetet i Oslo ber KUF om å vidareføra løyvingane til omstilling i statsbudsjettet for neste år. Med dei eksisterande føresetnadane for løyvinga frå staten, vil det gi 2,6 milliardar kroner til UiO.

Martin Toft

I førre nummer av Uniforum kom me i skade for å skriva at UiO berre ber om ein auke på 11,5 millionar kroner på driftsbudsjettet for neste år av eit samla bruttobudsjett på 2,6 milliardar kroner. Men dette utgjer berre auken i årets universitetsbudsjett ved ei vidareføring av føresetnadane for løyvinga for år 2000. I tillegg ber UiO om pengar til fleire prioriterte tiltak utanfor ramma. UiO ber om at KUF vidarefører omstillingspakka til dei fire universiteta som på dette årets budsjett var på 100 millionar kroner. UiO ber om at det blir løyvd ein minst like stor sum til omstillingstiltaka ved universiteta på statsbudsjettet for 2001.

I budsjettfordelinga for 2001 tar UiO sikte på å fremja utviklinga med å målretta ressursbruken mot høgare studiekvalitet, betre forskingsvilkår og ein aktiv stimulans av etablerte og potensielle spissmiljø gjennom ei større avsetning av sitt eige budsjett til den samla ramma til strategiske formål. I tillegg vil desse pengane koma frå tiltak som fagdimensjonering med reduksjon i fagleg breidde og reduksjon i talet på tilsette ved enkelte fag og styrking av andre.

Vil auka dei eksterne inntektene

Moglege positive resultat av studiereformene skal gi auka vekttalsproduksjon, og det skal også satsast meir på å auka dei eksterne inntektene. Blant dette finn ein tiltak som samfinansiering av store prosjekt som universitetsleiinga meiner vil kunna auka konkurranseevna til universitetet. Omstillingspengane utanom ramma skal i tillegg til støtte til gjennomføring av langsiktig fagdimensjonering gå til omlegging til IKT-støtta læring, utvikling av etablerte og nye spissmiljø, rekruttering og forskarutdanning og til senter for framifrå forsking. Dessutan ynskjer UiO ein auke i løyvingane til vitskapleg utstyr.

50 millionar til vitskapleg utstyr

Universitetet krev at det kvart år frå år 2001 blir lagt inn ein auke på UiOs budsjett på 50 millionar kroner som skal øyremerkjast innkjøp av nytt vitskapleg utstyr. Dessutan blir det bede om løyvingar til innreiing og utstyr til det nye tilbygget til Informatikkbygningen.

30 nye studieplassar i odontologi

Som eit tiltak for å betra tannlegedekkinga, foreslår UiO også at det blir oppretta 15 nye studieplassar i odontologi frå hausten 2001 og nye 15 frå hausten 2002, til saman 30 nye studieplassar i odontologi. Dette kjem som eit svar på Sosial- og helsedepartementets utgreiing om ei eventuell tannlegeutdanning i Tromsø. Med ei opptrapping ved odontologi ved UiO og Universitetet i Bergen, vil det ikkje vera naudsynt med tannlegeutdanning ved Universitetet i Tromsø, meiner leiinga ved UiO og UiB. I samband med framlegget om å oppretta 15 nye studieplassar allereie frå hausten 2001, ber UiO om meir pengar til eingangsinvesteringar til utstyr, i tillegg til at institusjonen skisserer eit behov for større romareal i samband med den prekliniske undervisninga for medisin- og tannlegestudentane.

Nasjonal institusjon for menneskerettar

Universitetsleiinga ber dessutan om meir pengar til Institutt for menneskerettar som no har fått status som nasjonal institusjon for menneskerettar. På årets budsjett blei det løyvd 500 000 kroner ekstra til dette instituttet.

Rekruttering av kvinner

Når det gjeld satsinga på rekruttering av kvinner i vitskaplege stillingar, foreslår UiO at KUF etablerer eit nasjonalt fond øyremerkt vitskaplege stillingar for kvinner.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000

Publisert 3. mai 2000 17:54 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere