Bitter medisin

Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000


  • 50 000 kroner i året i studieavgift for kvar medisinstudent
  • Etablering av Noregs Medisinske Universitet
  • Krevja ein større del av universitetsbudsjettet

Martin Toft

Dette er resepten dekan Stein A. Evensen føreskriv for Det medisinske fakultetet for at det skal koma seg ut av den økonomiske krisa det er i. I ein kronikk i Aftenposten foreslår han både ei studieavgift på 50 000 kroner i året for kvar medisinstudent og etablering av eit nytt universitet, Noregs Medisinske Universitet, som skal vera samansett av dei fire medisinske fakulteta i Noreg. Det førstnemnde framlegget kan gi dei 50 millionar kronene i året som dekan Evensen meiner fakultetet treng for å koma på fote.

13 millionar i kutt

I kronikken viser han til at Det medisinske fakultetet i løpet av dei siste fem åra i røynda har fått budsjettet kutta med 13 millionar kroner, fordi Kollegiet har pålagd alle fakultet å kutta like mykje på budsjetta sine. For å dekkja underskotet på fakultetsbudsjettet blir det ikkje tilsett folk i ledige stillingar. Det er grunnen til at det framleis ikkje er tilsett folk i 15 ledige professorat ved fakultetet, skriv Evensen, som synest dette er merkeleg ettersom Forskingsmeldinga legg opp til at medisin og helse skal vera eit av dei fire prioriterte satsingsområda i norsk forsking.

”Årsaka til at fakultetet enno hevdar seg bra i forsking samanlikna med resten av universitetet, er at me maktar å henta inn pengar frå eksterne kjelder”, slår Evensen fast. Problemet med desse inntektene er at dei svært sjeldan er fullfinansierte. Difor vil fakultetet også henta pengar til desse prosjekta frå sitt budsjett. Han konkluderer med at den einaste moglege løysinga er å auka dei eksterne inntektene.

Evensen gjentok denne skildringa av den økonomiske situasjonen ved fakultetet på eit allmøte for dei tilsette for kort tid sidan med universitetsdirektør Tor Saglie til stades i salen og med rektor Kaare R. Norum som innleiar.

Eit fakultet i vanskar

Norum minna først om at det er kvart fakultet som bestemmer kor mykje av budsjettet som går til drift og kor mykje som går til lønn ut av den ramma det får tildelt av Kollegiet.

- Når folk sluttar eller pensjonerer seg, kan fakultetet velja om det vil tilsetja nye folk i desse stillingane, eller bruka pengane på andre ting. Eg ser også at Det medisinske fakultetet er i vanskar, men eg vil ikkje kalla det for ei krise. Samtidig vil eg oppfordra til mindre klaging og syting og meir forklaring og understreking overfor politikarane kor gode og flotte institusjonar universiteta er, og at dei kan brukast mykje meir av politikarane og andre til beste for samfunnet, sa Norum, før han kritiserte Lægeforeningen for ikkje å ha prioritert forskinga høgt nok.

- Mange av dei tilsette ved Rikshospitalet opptrer som om dei var tilsette ved eit regionsjukehus framfor eit universitetssjukehus. Men eg skal vera einig i at Sosial- og helsedepartementet brukar altfor lite pengar på medisinsk forsking. Framlegget om å lata Det medisinske fakultetet få ein større del av det samla universitetsbudsjettet fall på steingrunn hos universitetsrektoren.

- De må hugsa på at eg er rektor for åtte fakultet, ikkje berre for Det medisinske. Det blei uttrykt mykje frustrasjon over den økonomiske situasjonen av dei vitskapleg tilsette som tok ordet. Mest radikal var medisinprofessor Per Brandtzæg.

- Kanskje me skal seia opp alle tilsette, og så berre tilsetja dei budsjettet vårt gir oss råd til å tilsetja på nytt. Kort fortalt kan me byrja frå ”scratch” igjen, foreslo han.

Tabulagt studieavgift

Dekan Trond Skard Dokka ved Det teologiske fakultetet støttar ikkje Evensens framlegg om å innføra studieavgift for studentane. - Dette bryt med eit viktig prinsipp i høgare norsk utdanning, og ville ha ført til ei ytterlegare sosial skeiv-rekruttering til høgare utdanning, meiner han. Synspunktet deler han med både SV-dekan Marit Melhuus, UV-dekan Lise Vislie, MN-dekan Jan Trulsen, JUR-dekan Frederik Zimmer og OD-dekan Hans R. Haanæs. HF-dekan Even Hovdhaugen synest derimot at spørsmålet om studieavgift både er komplisert og altfor tabulagt.

- Eg skulle ynskja at me fekk ein open generell debatt om dette, som ikkje berre var knytt til Det medisinske fakultetet. Ingen av dei andre sju dekanane støttar framlegget om eit eige medisinsk universitet i Noreg. Men dekan Jan Trulsen ved MN-fakultetet, synest at både Det medisinske, odontologiske og matematisk-naturvitskaplege fakulteta burde fått ein større del av universitetsbudsjettet enn dei får i dag. Det er det ingen av dei andre som meiner. Evensens utspel blir heller ikkje støtta av dei tillitsvalde for studentane.

- Det er direkte latterleg av dekanen ved Det medisinske fakultetet å gjera framlegg om at studentane skal betala for drifta av fakultetet, seier leiar av Studentparlamentet, Jon A. Evang.


Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000

Publisert 3. mai 2000 11:54 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere