Tre millionar gav digital undervisning

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000


Tre millionar kroner i omstillingsmidlar frå UiO førte til realisering av nettbasert læring på medisinstudiet.

elektronisk klasserom
Medisinstudent Erling Bekkestad i den elektroniske forelesingssalen på Ullevål forklarar dei to medstudentane Marius Filtvedt og Jon Meyer Tvinnereim på det nye Rikshospitalet kva løysing han har på eit medisinsk problem.

Martin Toft (tekst og foto)

Det medisinske fakultetet har i samarbeid med USIT, InterMedia og Det utdanningsvitskaplege fakultetet utvikla eit system for forsking på nettbasert læring i medisinstudiet. Utstyret til ein forskingsakse mellom forelesingssalar på det nye Rikshospitalet på Gaustad og Ullevål sjukehus er kjøpt inn ved hjelp av tre millionar kroner i omstillingsmidlar frå Universitetet i Oslo. Framtidsynsket er å gjera det mogleg for medisinstudentar med praksis på andre sjukehus i Helseregion Sør eller Aust, å fylgja undervisninga i medisin via dette nettbaserte læringstilbodet. Parallelt blir det prøvd ut Problembasert Læring (PBL) i ei PC-basert løysing, som eit chat-opplegg utvikla på USIT, kalla Læreveven. Forskinga er ein del av ynsket om eit meir fleksibelt læringsmiljø for studentane.

Generalprøve før påske

Rett før påske blei dei to nyutvikla systema for nettbasert læring i medisin utprøvde. Uniforum var til stades på ei samling i ei PBL-gruppe som var delt mellom ein forelesingssal på Ullevål sjukehus og ein forelesingssal på det nye Rikshospitalet på Gaustad. Medisinprofessor Ole M. Sejersted var saman med tre medisinstudentar i den elektroniske forelesingssalen på Ullevål medan to medisinstudentar var i den elektroniske forelesingssalen på det nye Rikshospitalet.

Ved hjelp av eit digitalt filmkamera, ein storskjerm og ein annan skjerm som viste bilete av forelesingsnotatar og boksider på direkten kunne Sejersted og dei tre medisinstudentane på Ullevål sjå dei to medisinstudentane på Rikshospitalet og deira forelesingsnotatar på to skjermar. Slik var det heile tida tovegs kontakt mellom gruppene. Prosjektet er tverrfagleg og tverrfakultært og utvikla i samarbeid med dei to sjukehusa. Både studiedekan Borghild Roald og dekan Stein A. Evensen ved Det medisinske fakultetet ser store framtidige fordelar med dei nye læringstilboda.

Nettbasert læringsnett

- Målet er å knyta alle sjukehus i helseregionane Sør og Aust til sitt moderuniversitet, altså Universitetet i Oslo, ved hjelp av denne teknologien. Slik kan me-dei-forholdet som har eksistert mellom UiO og desse sjukehusa, bli erstatta av ei nærare tilknyting der me kan sjå at me er avhengige av kvarandre. Alle medisinstudentane vil i praksistida på sjukehusa i regionane, takka vera dette tilbodet, likevel kunne ha kontakt med læringsmiljøet sitt på Det medisinske fakultetet, når nettet har knytt alle desse sjukehusa saman med universitetsklinikkane i Oslo og Akershus, seier Roald og Evensen. Dei håpar at den nettbaserte undervisninga etter kvart kan bli rein rutine.

- Då skal det bli så enkelt at både studentar og lærarar kan setja heile systemet i gang berre med å trykkja på ein knapp, forklarar fakultetsdirektør Bjørn Hol. Dette nettbaserte læringstilbodet vil dessutan vera knytt opp mot ein multimediabase med mellom anna aktive læringsprogram.

- Dermed vil det til dømes vera mogleg for ein medisinstudent, uansett kvar han eller ho er i helseregionen, å repetera korleis ein skal gjennomføra ein ryggmargsprøve på dataskjermen før han eller ho utfører den i praksis, fortel Evensen, som gjerne understrekar at den nettbaserte undervisninga sjølvsagt også kan brukast til etterutdanning av legar, sjukepleiarar, ambulansesjåførar og anna helsepersonell. Når systemet er blitt godt nok utprøvd mellom det nye Rikshospitalet på Gaustad og Ullevål sjukehus, håpar dei at dei skal få pengar slik at dei i samarbeid med helseregion Sør og Aust kan knyta alle sjukehusa saman i eit breibandsnett.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000

Publisert 3. mai 2000 18:32 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere