Unipub forlag etterlyser forfattarar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000


- Ei bok med 40 i opplag kan bli god butikk for oss. Det lovar redaktør Henriette Nybø i Unipub forlag.

Henriette Nybø Redaktør Henriette Nybø i Unipub forlag etterlyser forfattarar blant forskarane på UiO.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Unipub forlag lanserte nyleg fagbokserien Perspektiv 17 x 24 under slagordet smalt, men sentralt. Målet er å visa at det er mogleg å tena pengar også på bøker som vil ha eit avgrensa nedslagsfelt. Denne fagbokserien presenterer forskings-og undervisningslitteratur frå det akademiske miljøet i Noreg.

Forlaget, som blei oppretta som ei eiga avdeling av Akademika våren 1999, legg opp til 25-30 utgjevingar i år og har allereie lansert dei fire første bøkene. Blant dei finst det fire forfatta av UiO-forskarar, nemleg Øivind Larsen som gir ut boka ”Epidemic diseases i Norway in a period of change…”, Berit Johnsen med boka ”Et historisk perspektiv på ideene om en skole for alle,” Eva Simonsen med boka ”Vitenskap og profesjonskamp: Opplæring av døve og åndssvake i Norge 1881 1963” og Kjetil Grandal med boka En kjærlighet med rom for alle?

- Denne fagbokserien er basert på trykking etter behov. Omslaga er ferdigtrykte medan den grafiske utforminga er standardisert. Dermed er det mogleg å ha låge og hyppige opplag, fortel Nybø, som er avdelingsleiar/redaktør for forlaget. Bøkene skal i hovudsak seljast i butikkane til Akademika, men også andre bokhandlar og nettbokhandelen til Akademika skal få selja denne fagbokserien. Men no etterlyser Unipub forlag forskarar og andre på UiO som har bokmanus eller forelesingsnotat liggjande på pulten sin og syslar med tanken om å gi dette ut i bokform.

- Ja, me kan gi dei same hjelp som alle andre forlag, men er ikkje så opptekne av at alle bøker skal gjevast ut i store opplag slik som dei andre forlaga er. Det finst nemleg behov for å gi ut bøker på mellom 50 og 1000 i opplag. Så dei som har eit manus klart eller går svanger med ein idé til ei lærebok, kan berre ta turen innom oss og få vurdert om det kan gjevast ut i bokform, seier Nybø. Ho kan kontaktast på e-post: hnybo@sio.uio.no.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 2000

Publisert 4. mai 2000 08:58 - Sist endra 1. sep. 2014 14:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere