Matematisk institutt i Europas meisterliga

Uniforum 9. mars 2000

Årgang 14, nr. 4

MEISTERLAGET: Frå venstre Erling Størmer, Arnfinn Laudal, Arne B. Sletsjøe, Bjørn Jahren, John Rognes, Jan Christophersen, Kristian Ranestad, Ragni Piene, Erik Alfsen, Geir Ellingsrud og Ola Bratteli. (Foto: Ståle Skogstad)

Matematisk institutt har eitt av dei beste matematikkmiljøa i Europa. Det meiner EU som har gitt instituttet status som Marie Curie-senter. Instituttet får tildelt 2 millionar kroner for å ta imot doktorgradsstudentar frå heile EU/EØS-området.

- Dette viser at Matematisk institutt med både sine eldre og yngre forskarar held eit toppnivå både i Europa og sjølvsagt også samanlikna med resten av verda. Det er klart at me er godt nøgde med det. Ikkje minst er dette ei fjør i hatten for Universitetet i Oslo. Det seier førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe i ein kommentar til at Matematisk institutt er blant dei tre første fagmiljøa i Noreg som får status som Marie Curie-senter. Det var ein internasjonal evalueringskomité samansett av matematikarar og generalistar som vurderte søknaden til Matematisk institutt og til slutt gav det toppkarakter. Av 100 moglege poeng fekk instituttet 82, medan det ville ha vore nok med 71,5 poeng for å vera kvalifisert til å bli utnemnt til Marie Curie-senter.

Les heile saka


Mjøsutvalet opnar for fleire universitet

Eit par høgskular kan bli omdanna til universitet, og det kan bli innført ein ny internasjonal gradstruktur på fem år. Det blir dei mest radikale framlegga til Mjøsutvalet når det legg fram utgreiinga si om høgare utdanning torsdag 27. april. Etter det Uniforum kjenner til, vil også utvalet gi undervisnings- og forskingsinstitusjonane ei friare stilling i høve til dei sentrale styresmaktene.

I løpet av det siste året har både Høgskulen i Stavanger, Høgskulen i Agder og Høgskulen i Bodø fått rett til å dela ut doktorgradar i einskilde fag. Mange ved dei fire eksisterande universiteta har frykta at utvalet ville gå inn for å lata alle statlege høgskular som ynskte det, også få kalla seg for universitet. Men framlegget frå Mjøsutvalet vil ikkje bli så radikalt, seier medlem i utvalet, generalsekretær Kari Kjenndalen i Forskarforbundet.

Les heile saka


blomst (Foto: Ståle Skogstad)

De fire årstider på fire uker

Hvor kan du oppleve en årstid flere ganger etter hverandre i løpet av to uker og hvor kan du oppleve flere årstider på fire uker? Svaret er Fytotronen ved Biologisk institutt. Der tester forskerne forskjellige planter under ulike klimaforhold hele tiden. Bli med Uniforum på omvisning i Fytotronen.

Bli med!

Frykt er tabu

- Det er tabu å snakke om at man har utviklet angst for å undervise, mener Tian Sørhaug, som leder Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved UiO (TIK). Han synes også rekrutteringen inn til universitetet er tung, men dersom man har sluppet inn, så er man inne. Evalueringen i etterkant er så godt som fraværende, sier han.

Les hele saken


Innhold:


Oppdatert 9. mars 2000 av Informasjonsavdelingen, Trine Nickelsen. Adresse: uniforum@admin.uio.no
Publisert 16. juni 2000 10:06 - Sist endret 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere