Mjøsutvalet opnar for fleire universitet

Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000


  • Eit par høgskular kan bli omdanna til universitet
  • Innføring av internasjonal gradstruktur på fem år
  • Auka sjølvstende for utdanningsinstitusjonane
Turid Karlsen Seim
MEDLEM I MJØSUTVALET: Teologiprofessor Turid Karlsen Seim ved UiO.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Desse framlegga vil Mjøsutvalet koma med når det legg fram utgreiinga om høgare utdanning 27. april. Det kan Uniforum avsløra etter å ha vore i kontakt med fire av dei 15 medlemane i dette utvalet. Mjøsutvalet, som blir leia av tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, medisinprofessor Ole Danbolt Mjøs, fekk for to år sidan i oppdrag av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet å analysera status innan høgare utdanning og situasjonen for norske universitet og høgskular som undervisnings- og forskingsinstitusjonar.

I løpet av det siste året har både Høgskulen i Stavanger, Høgskulen i Agder og Høgskulen i Bodø fått rett til å dela ut doktorgradar i einskilde fag. Mange ved dei fire eksisterande universiteta har frykta at utvalet ville gå inn for å lata alle statlege høgskular som ynskte det, også få kalla seg for universitet. Men framlegget frå Mjøsutvalet vil ikkje bli så radikalt, seier medlem i utvalet, generalsekretær Kari Kjenndalen i Forskarforbundet til Uniforum.

Ikkje noko frislepp

- Sjølv vil eg ikkje ha noko imot at det blir ein del fleire universitet enn i dag, og når ein ser på kva utdanningsinstitusjonar som har fått tildelt doktorgradsutdanning, så er det også dei som ligg sterkast an i løypa for å få status som universitet. Men eg trur dei fleste medlemane i Mjøsutvalet har ei restriktiv haldning til dette, og me vil stilla klare kvalitetskriterium. Me vil på ingen måte koma med framlegg om noko frislepp, seier ho. Også utvalsmedlem og teologiprofessor ved UiO, Turid Karlsen Seim, stadfestar at Mjøsutvalet er inne på tanken om å opna døra på gløtt for å gjera om enkelte av høgskulane til universitet.

- Mi personlege meining er at me ikkje bør gjera noko konkret utveljing av nye utdanningsinstitusjonar som kan få kalla seg universitet. Men ein kan skissera ein akkrediteringsprosess der dei utdanningsinstitusjonane som ynskjer det, kan prøvast i høve til visse kriterium for kva som må til for å vera eit universitet. Det må også skje i samband med etablering av hovudfag og doktorgrad ved dei statlege høgskulane, seier Karlsen Seim. Sjølv vil ho ikkje ha radikale institusjonelle endringar i universitets- og høgskulesektoren.

- Eg ser fram til ei deregulering av det statlege styret over institusjonane, men eg vil absolutt ikkje ha noko frislepp. Internt på institusjonen kan det henda me bør skilja betre enn me gjer i dag mellom organisatorisk og akademisk fridom, trur ho.

Universitetsdirektør Kåre Rommetveit ved Universitetet i Bergen sit også i utvalet, og han stadfestar at det truleg kjem framlegg til prosedyrar og kriterium for korleis ein statleg høgskule kan bli oppgradert til universitet.

Prosedyrar og kriterium

- Mjøsutvalet har ikkje som mandat å foreslå nye universitet, men me vil meir rette merksemda mot kva prosedyrar og kriterium som ein statleg høgskule skal vurderast etter, før den eventuelt kan få kalla seg universitet, seier Rommetveit.

Tidlegare leiar for Norsk Studentunion, Anne Rygg, er ein av dei to studentrepresentantane i utvalet. Ho stadfestar at dei vil presentera ein prosedyre for korleis ein statleg høgskule kan bli omgjort til universitet.

- Me vil enda opp med å foreslå ein del kriterium som ein statleg høgskule må falla innanfor for å kunna få status som universitet, fortel ho.

Endring av gradstrukturen

Ei anna viktig reform Mjøsutvalet vil koma med framlegg om, er ei endring av gradstrukturen.

- Det vil føra til at me får ein meir internasjonalt tilpassa mastergrad på fem år i staden for eit seks år langt hovudfagsstudium. Då trur eg studentane vil bruka mindre tid på universiteta og koma seg raskare ut i arbeid. Dessutan vil det gjera det lettare for studentane å forflytta seg mellom norske og utanlandske universitet, seier ho.

Dei tre andre utvalsmedlemane Uniforum har vore i kontakt med, stadfestar at det kjem til å bli gjort framlegg om at gradstrukturen blir i samsvar med den andre europeiske utdanningsinstitusjonar brukar. Mjøsutvalet kjem i tillegg til å gå inn for auka sjølvstende for dei høgare utdanningsinstitusjonane i høve til Kyrkje-,utdannings- og forskingsdepartementet når det gjeld budsjettstyring, forvalting av pengane og styringsstruktur.

- For meg er den nære samanhengen mellom forsking og undervisning på universiteta viktig. Samstundes må me leggja til rette for ei finansieringsform som ikkje er så bunden til studieplassar og som markerer det særskilde forskingsansvaret til universiteta. Ei slik utvikling helsar eg med glede, seier Turid Karlsen Seim, som også er oppteken av at utgreiinga til Mjøsutvalet må leggja vekt på kvalitetssikring av læringsmiljø og studieintensitet.

Kontrakt

- Me må få ei større tydeleggjering av krava ein utdanningsinstitusjon stiller til ein student, og kva utdanningsinstitusjonen kan tilby. Det blir ein slags kontrakt mellom studenten og utdanningsinstitusjonen. Større intensitet blir naudsynt når me truleg får ein internasjonal gradstuktur som vil ta kortare tid. Nokon fryktar at ex.phil. skal betala den prisen, men det synest eg det er viktig å unngå, seier Karlsen Seim, som understrekar at alt dette førebels er hennar personlege synspunkt.

Rommetveit meiner det er på tide at ein finn fram til ei anna vektlegging i tilhøvet mellom det sentralstyrte utdanningssystemet vi har i dag og eit framtidig meir fleksibelt system for høgre utdanning i Noreg.

Auka konkurranse

- Det er på tide at utdanningsinstitusjonane får betre evne til å møte dei krava som blir stilt til oss både frå forskingsmiljøa og frå samfunnet omkring oss. Dette heng saman med faglege, teknologiske og politiske endringar. Det er òg auka konkurranse utdanningsinstitusjonane imellom, og difor er det viktig at universiteta tar dette på alvor og ikkje lét som om alt er som før. Omsynet til kvalitet må heile tida ha førsteprioritet, presiserer Rommetveit.

Kva type finansieringsform utdanningsinstitusjonane vil få i framtida, vil vera avhengig av om dei blir statlege forvaltingsorgan eller statlege aksjeselskap. Anne Rygg skulle gjerne hatt utdanningsinstitusjonar som var mest mogleg frigjorde frå KUF slik at fleirtalet av styremedlemane kunne vore eksterne. Det synet reknar ho ikkje med at ho får gjennomslag for i Mjøsutvalet, men ho trur derimot ho vil få støtte i synet på at pengane må fylgja studenten og ikkje utdanningsinstitusjonen.

- Dermed vil utdanningsinstitusjonane få meir pengar dess fleire studentar dei har. Slik ville dei sjølve vera ansvarlege for å få budsjettet til å gå i hop også når talet på studentar går ned. Dei måtte kanskje ha sagt opp forskarar og andre vitskapleg tilsette. Difor vil eg personleg gjerne ha innført eit system med mellombelse tilsettingar også for forskarar, seier ho, og avslører at Mjøsutvalet også leikar med tanken på å innføra ei prøveordning med å setja fag ut på tilbod. Slik ville kanskje Universitetet i Oslo få tilslaget på all universitetsutdanning i engelsk, medan Universitetet i Bergen ville få det i spansk.


Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 8. mars 2000 17:53 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere