Kollegiet vedtok handlingsplan for likestilling

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000


Eit samrøystes Kollegium vedtok denne veka handlingsplanen for likestilling ved UiO 2000 – 2004. I løpet av desse fem åra er målet at 30 prosent av alle nytilsette professorar bør vera kvinner.

Martin Toft

Målet i handlingsplanen er å auka talet på kvinner i faste vitskaplege stillingar. Det blir lagt særleg vekt på å auka kvinnerekrutteringa innan mannsdominerte fagområde. I tillegg blei det vedtatt å setja i verk fylgjande tiltak:

  • eitt årleg øyremerkt professorat
  • to årlege førsteamanuensisstillingar
  • 10 løpande post doc.-stipend for kvinner
  • undervisningsfrikjøp/forskingstermin for kvinnelege amanuensar som ynskjer vidare kvalifisering til professor
  • eit mentorprosjekt for kvinnelege stipendiatar

Det er universitetsleiinga som får ansvaret for å fylgja opp UiOs overordna likestillingspolitikk. Den har også ansvaret for å fylgja opp utviklinga av måltalet for nytilsetjingar i professorat. Ute i fagmiljøa får fakulteta eit spesielt ansvar for å fylgja opp overfor kvinnefattige og skeivrekrutterande institutt og fagmiljø, og i samråd med desse vurdera kva tiltak som kan setjast i verk for å betra kvinnerekrutteringa. Dei fakulteta som har ekstrem mannsovervekt, det vil seia at dei berre har 10 prosent eller lågare med kvinner i faste vitskaplege stillingar, vil bli bedne om å utarbeida snarlege og konkrete tiltak for å auka kvinnerekrutteringa til faste stillingar. Fakulteta skal årleg rapportera om dette arbeidet, heiter det i vedtaket.

Dei to studentrepresentantane i Kollegiet, Marianne Dahl og Trond Larsen, hadde framlegg til ei meir radikal kjønnskvotering og også kollegierepresentant Gunnar Handal kom med eigne framlegg. Det blei vedtatt å stemma over alle desse framlegga på kollegiemøtet tysdag 11. april. Først då kan desse framlegga eventuelt inkluderast i handlingsplanen for likestilling.

Prorektor Rolv Mikkel Blakar synest Kollegiet har gjort eit svært radikalt vedtak.

- Ja, eg reknar med at pålegget om øyremerka radikal kjønnskvotering vil skapa frustrasjon i fagmiljøa. Men Kollegiet er pressa fordi staten har sett klare mål for likestillinga, og det er heilt klart at universitetet har langt igjen før desse måla kan oppfyllast, seier Blakar.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 8. mars 2000 17:20 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere