Matematisk institutt blir Marie Curie-senter

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000


Matematisk institutt har eitt av dei beste matematikkmiljøa i Europa. Det meiner EU som har gitt instituttet status som Marie Curie-senter. Instituttet får tildelt 2 millionar kroner for å ta imot doktorgradsstudentar frå heile EU/EØS-området.

Martin Toft

- Dette viser at Matematisk institutt med både sine eldre og yngre forskarar held eit toppnivå både i Europa og sjølvsagt også samanlikna med resten av verda. Det er klart at me er godt nøgde med det. Dessutan viser det at det faktisk finst mange gode norske forskingsmiljø, trass i at mange hevdar det motsette. Ikkje minst er dette ei fjør i hatten for Universitetet i Oslo. Det seier førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe i ein kommentar til at Matematisk institutt er blant dei tre første fagmiljøa i Noreg som får status som Marie Curie-senter.

82 av 100 moglege poeng

Det var ein internasjonal evalueringskomité samansett av matematikarar og generalistar som vurderte søknaden til Matematisk institutt og til slutt gav det toppkarakter. Av 100 moglege poeng, fekk instituttet 82, medan det ville ha vore nok med 71,5 poeng for å vera kvalifisert til å bli utnemnt til Marie Curie-senter.

Dette inneber at instituttet allereie frå hausten og i fire år framover kan ta imot doktorgradsstudentar i matematikk frå heile EU/EØS-området. Difor vil EUs femte rammeprogram tildela til saman 2 millionar kroner til dette doktorgradsprogrammet ved Matematisk institutt. Av desse pengane vil 1, 2 millionar kroner bli brukte til stipend til dei doktorgradskandidatane som vel å ta eit forskingsopphald ved instituttet, medan 800 000 kroner vil gå direkte til instituttet som såkalla overhead-pengar. Det vil seia at dei skal dekka administrasjonsutgifter og andre utgifter instituttet vil få i samband med opphaldet til dei utanlandske doktorgradsstudentane.

15 doktorgradskandidatar

- I løpet av dei komande fire åra reknar me med at det vil koma 15 doktorgradsstipendiatar hit på opphald frå tre til tolv månader. Sidan me tok ein telefonrunde til kontaktar ved 20 forskjellige universitet i Europa før me sende inn søknaden, veit me at interessa for å koma hit er svært stor, seier kontorsjef Yngvar Reichelt ved instituttet. Både han og Arne B. Sletsjøe understrekar at utanom det faglege programmet, var også det gode mottaksapparatet instituttet kunne tilby, ei viktig årsak til at det blei utnemnt til Marie Curie-senter.

- Me har allereie ein høg grad av internasjonalisering her, og me kjem også til å jobba godt for å finna ein praktisk og god bustad for kvar og ein av dei studentane som kjem hit på dette doktorgradsprogrammet, seier begge to. Dei studentane som kjem til instituttet vil fylgja doktorgradsundervisninga i algebraisk geometri, operator algebraer og algebraisk K-teori.

Nye fagmiljø blir utvikla i dei gamle

- Matematikk er i stor grad eit teoretisk fag og difor kanskje ikkje av dei mest ressurskrevjande ved UiO. Samtidig kan me smykka oss med den lange og stolte tradisjonen frå Niels Henrik Abel og Sophus Lie. Utviklinga av nye fagmiljø skjer ofte i dei gamle miljøa, seier Sletsjøe, til dømes sprang i si tid Institutt for informatikk ut av miljøet ved Matematisk institutt. Han ynskjer å gi honnør til EU-rådgjevar Bruce Reed og seksjonssjef Yngve Sjøgreen Fosssom ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling som gjorde dei merksame på utlysinga av konkurransen om å bli eit Marie Curie-senter, og dessutan oppfordra instituttet til å søkja og gav dei den drahjelpa som var naudsynt for å få skrive ein søknad og sendt den til Brussel.

På denne måten er me med og tar tilbake ein del av pengane den norske staten betalar til EUs femte rammeprogram. Og me trur nok rektor Kaare R. Norum og universitetsdirektør Tor Saglie har heilt rett når dei understrekar at det vil bli meir og meir vanleg med ekstern finansiering av forskinga i framtida. Anten ein likar det eller ikkje, så vil det vera til fordel for dei gode miljøa, medan dei dårlege fagmiljøa nok vil få mindre pengar i framtida, seier Arne B. Sletsjøe og Yngvar Reichelt.

Se også:

Gir barna matematikk (før hyggen tar dem)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 9. mars 2000 10:59 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere