Vet du at ...

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000


Vet du at ...

Universitetsrådet rasar mot Lilletun

Universitetsrådet trekkjer representantane sine frå styret for Noregsnettrådet i protest mot at kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun har gitt Høgskulen i Bodø rett til å tildela doktorgrad. Det opplyser prorektor Rolv Mikkel Blakar ved UiO til Uniforum. Universitetsrådet meiner at statsråd Lilletun har tilsidesett alle dei faglege råda han fekk i denne saka. Det var for to veker sidan Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gav Høgskulen i Bodø rett til å tildela doktorgrad i bedriftsøkonomi, i første omgang i samarbeid med Handelshøgskulen ved Gøteborgs universitet. Dersom eigenkompetansen ved Høgskulen i Bodø ikkje er på plass innan 2002, kjem departementet til å vurdera doktorgradsretten på nytt.

Medisin må venta med forskarlinje

Det vil førebels ikkje bli oppretta ei eiga forskarlinje ved Det medisinske fakultetet. Kollegiet gav denne veka fakultetet ros for ideen med å setja i gang ei forskarlinje for medisinstudentar for å betra rekrutteringa av legar til medisinsk forsking. Men samtidig støtta Kollegiet univerisitetdirektør Tor Saglies motforestillingar og tilråding om at det måtte til nye organisatoriske grep. Difor gjekk Kollegiet inn for å be Det medisinske fakultetet om å finna fram til ei betre løysing som også kan koma andre fagmiljø til nytte.

Stortinget ville ha IT Fornebu Technoport

Stortingsfleirtalet vedtok tysdag å lata IT Fornebu Technoport bli utbyggjar av IT-senteret på Fornebu. Fleirtalet var samansett av stortingsrepresentantane til Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Regjeringspartia, Høgre og SV gjekk inn for Nettverk Fornebu, som hadde ein mindre plan meir i samsvar med synet til regjeringa. Forskningsparken AS i Gaustadbekkdalen, IT Fornebu AS og KLP Eiendom eig i fellesskap IT Fornebu Technoport. Til saman vil prosjektet koma på 2,6 milliardar kroner, 740 millionar kroner skal betalast av eigarane medan 260 millionar skal betalast av staten. Området blir truleg ikkje utbygd før årsskiftet 2007-2008, melder NTB.

Første pasientar til det nye Rikshospitalet

Denne veka kom dei aller første pasientane til det nye Rikshospitalet. Det er Hudavdelinga som er den første sjukehusavdelinga med pasientar som tar i bruk det nye sjukehuset. Etter planen skal alle avdelingane frå det gamle Rikshospitalet ha flytta inn på det nye Rikshospitalet i løpet av mai.

Sekretariatet til Instituttgruppe for klinisk medisin har nyleg også flytta til det nye Rikshospitalet No held sekretariatet til i 3. etasje, rett over kantina ved hovudinngangen.

Politikarar vil til UiO

Bystyret i Oslo kjem på besøk til Universitetet i Oslo torsdag 16. mars. Då skal dei ha samtalar med universitetsleiinga og bli viste rundt i Georg Sverdrups hus, der dei også vil få servert middag. 16. april er det klart for neste delegasjon med politikarar som tar turen til Universitetet i Oslo. Denne dagen vil Oslo- og Akershusbenken på Stortinget koma og ha samtalar med universitetsleiinga.

480 personer på åpningen av Venture Cup

480 personer deltok under avsparket for Venture Cup i Oslo i Georg Sverdrups hus sist mandag. Det opplyser førstekonsulent Kristine Knudsen i Seksjon for avtaler og næringslivskontakt. Venture Cup er en landsomfattende konkurranse om å komme med den beste gründerideen. Førstepremien er på 200 000 kroner.

Både rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo og Jan Grundt, pro-rektor ved Handelshøyskolen BI hilste forsamlingen. Anders Jönsson fra WellPalst, vinner av Venture Cup i Sverige i 99 og Petter Planke - tidligere Tomra gründer - nå Nordisk Terapi, fortalte om sine erfaringer.

Langtidsplanen som trykksak

Langtidsplan for Universitetet i Oslo 2000-2004 finst no som eiga trykksak. Trykksaka, som er på 16 sider, innheld eit forord av rektor Kaare R. Norum og listar dessutan opp dei fem hovudmåla i langtidsplanen. Dei som ynskjer seg eit eksemplar, kan koma innom Informasjonsavdelinga på Blindern. Langtidsplanen finst også på UiOs heimesider på Internett: http://www.uio.no/om/langtidsplan/

Kollegiet utsette biarbeidsvedtak

Kollegiet gjekk denne veka inn for å utsetja saka om Universitetet i Oslo skal innskjerpa reglane for biarbeid for tilsette til tysdag 11. april. Dei nye prinsippa og retningslinjene for biarbeid vil gjelda både for vitskapleg og teknisk-administrativt tilsette. Biarbeid blir delt inn i tre kategoriar, biarbeid kvar tilsett fritt må kunna utføra utan samtykke og informasjon, biarbeid som kan utførast, men der det er plikt til å informera leiinga for grunneininga om biarbeidet og biarbeid som føreset samtykke. Det blir rekna med at enkelte grunneiningar vil ha behov for å utarbeida meir detaljerte retningslinjer.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 10. mars 2000 16:33 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere