Notert

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000


Kaare R. Norum i Japan

rektor Norum og rektor Yasuhiko Torii

AVTALE: Rektor Kaare R. Norum og rektor Yasuhiko Torii har nettopp skrive under ein samarbeidsavtale mellom Universitetet i Oslo og Keio University. (Foto: Guri Vestad)

- Me besøkte seks universitet, to statlege og fire private. Det slår meg at dei japanske universiteta strir med mange av dei same problema som norske universitet. Mange av dei statlege universiteta får mindre pengar enn tidlegare. Dei må ta oppdrag og blir meir avhengige av eksterne midlar. Det er hovudinntrykket rektor Kaare R. Norum sit igjen med etter ein fem dagar lang tur i Japan. Der heldt han sjølv faglege foredrag i Tokyo og eitt på Akita University nordvest i Japan, samtidig som han representerte UiO under underskrivinga av ein samarbeidsavtale med Keio University i Tokyo. Og det skjer store endringar i universitetsstrukturen i Japan akkurat no.

- Den demografiske utviklinga i Japan fører til at talet på ungdomar går ned med 10-20 prosent. Resultatet av det er at mange av dei små private universiteta blir nedlagde på grunn av mindre tilgang på studentar, konstaterer Norum, som også blei klar over behovet for å laga eit samla oversyn over alle forskingsprosjekt der norske og japanske forskarar samarbeider.

- Dette blei eg blei einig med Den norske ambassaden om å skaffa betre oversyn over forskingssamarbeidet mellom Noreg og Japan. Den manglande statistikken over dette fører til at me ikkje får ein overordna avtale mellom landa våre. Her har både Danmark, Sverige og Finland vore mykje flinkare enn Noreg.


Barnehageopptak

Søknadsfrist: 15. mars 2000.

Anledning til å søke opptak for sine barn har alle tilsatte i minst ¾ stilling ved UiO. Personer i rekrutteringsstillinger på alle nivåer lønnet av eksterne kilder har adgang til å søke dersom de har minst ¾ av sin arbeidsplikt ved UiO og betaler overhead til UiO. Med arbeidsplikt menes forskning, forskerutdanning og pliktarbeid.

Søknadsskjema fås i Organisasjons- og personalavdelingen, 5. etasje, Administrasjonsbygningen, Blindern eller tilsendes ved henvendelse
tlf. 22 85 62 36/62 25

Vanferd og velferd

Korleis har samfunnet behandla dei som er annleis? Det er hovudtemaet for Den 4. nordiske handikaphistoriske konferansen i Oslo frå 20. til 22. august 2000. Arrangementet er eit samarbeid mellom Institutt for spesialpedagogikk, Pedagogisk forskingsinstitutt og Institutt for kulturstudia ved Universitetet i Oslo. Alle foredraga vil gå føre sg i Auditorium 2 i Helga Engs hus.

- Formålet med konferansen er å drøfta den eksisterande forskinga og korleis me tverrfagleg kan læra av kvarandre, seier Eva Simonsen, som sit i arrangementskomiteen. Ho vil gjerne be alle som kunne tenkja seg å delta på denne konferansen om å senda inn papers eller artiklar til henne på e-post: eva.simonsen@isp.uio.no . Konferansen vil ta opp saker som dreiar seg om behandlinga av psykisk utviklingshemma og folk med psykiske lidingar.

Digitalt kamera funne

Det er funne eit digitalt kamera av merket Canon på gangstigen mellom Nedre og Øvre Blindern. Ein student fann kameraet i ein snøhaug like ved Georg Sverdrups hus. Dei som saknar dette kameraet, kan koma innom Informasjonsavdelinga i 4. etasje i Administrasjonsbygningen på Blindern.

Det Kongelige Frederiks …

Spørger man om, hvilken stilling universitetet i denne første tid har indtat i den almindelige opinion, blir svaret, at der aabenbart har gjort sig avvigende stemninger gjældende, og at der er indtraadt en viss slappelse og reaktion likeoverfor den sterke begeistring, hvormed universitetets oprettelse først hilstes. (..."Overalt sporer jeg megen Lunkenhed for Universitetet," skriver Pavels den 5. juli 1813.) Pavels hadde altid stillet sig noget skeptisk likeoverfor denne sak, og fremholdt, at den mere blev baaret frem av enkeltmands end av det hele folks ønske. Men han indtok samtidig det fornuftige standpunkt, at han erkjendte, at det var blit til den største velsignelse for landet, at universitetet var oprettet og i fuld virksomhet, før den store forandring i landets politiske stilling indtraadte i 1814.

Kongelige Frederiks Universitet 1811-1911

Lommekart over UiO

Kan du skilja mellom Sophus Bugges hus og Sophus Lies auditorium? Veit du kva som er Niels Treschows hus og kva som er Henrik Wergelands hus? Ikkje det. Fortvil ikkje, no kan du finna alt dette ut om du skaffar deg det nye lommekartet over UiOs bygningar på Blindern og i Oslo sentrum. Du kan få tak i det ved å koma innom Informasjonsavdelinga.

Foldar om veggteppe

Lurer du på kven som har laga det store veggteppet i Rådsrommet i 10. etasje i Administrasjonsbygningen på Blindern? Du treng ikkje lura lenger, for no ligg det føre ein informasjonsfoldar om biletkunstnaren Hannah Ryggen som laga veggteppet ”Trollveggen”, som altså heng i Rådsrommet. Du kan få tak i foldaren om du stikk innom Informasjonsavdelinga.




Ferie på Furufjell

hytta

På Hvaler har Feriestiftelsen for universitetsansatte i Oslo to hytter til utleie. Hyttetomten "Furufjell" ligger på Spjærøy - ca. elleve mil fra Oslo. "Hovedhuset" har sju sengeplasser fordelt på tre rom. "Annekset" har to sengeplasser. Begge hyttene, som kan benyttes hele året, er fullt utstyrt med innlagt vann, telefon, TV, peis, utemøbler og mikrobølgeovn i tillegg til vanlig kjøkken- og sengeutstyr. To små båter og to sykler hører også til. Hyttene har helårsvei og kan nås med privatbil eller tog til Fredrikstad og buss til Spjærøy. Hovedhuset har stor stue som godt kan benyttes til et lite seminar.

I høysesongen juni, juli og august leies hyttene ut på ukebasis. Leietakerne konkurrerer om plass basert på opplysninger om tid som ansatt ved UiO eller om man har benyttet hyttene tidligere. I september til mai blir hyttene tildelt leietakerne i den rekkefølge de melder sin interesse.

Prisene er som følger:
I høysesongen (juni, juli, august) - utenfor høysesongen (september til mai) i parentes:
For to personer med barn under ett år:
Hovedhus: kr 1000 (kr 800) per uke.
Anneks: kr 450 (350) per uke
Tillegg per person/barn over ett år i hovedhuset (hele året): kr 100 per uke

Helgeopphold (tre dager uansett sesong):
For to personer med bare under ett år:
Hovedhus: kr 350 per helg.
Anneks: kr. 150 per helg.
Tillegg per person/barn over ett år: kr 50 per helg.

Enkeltdøgn i tillegg til uke eller helt: kr 150 per døgn i hovedhuset og kr. 75 per døgn i annekset. En uke regnes fra lørdag til lørdag kl. 13; en helg fra fredag til søndag. Søknadsfrist for høysesongen 2000 er mandag 3. april.

Søknadsskjema og nærmere opplysninger ved Feriestiftelsens formann, Trond Harr, tlf. 22 85 63 62 eller Unni B. Bjørge, tlf. 22 85 64 50.


siebke og rolfsen

ETTERUTDANNAR INGENIØRAR: Avdelingsingeniør Maje Siebke ved Fysiologisk institutt og studieleiar Sturla Rolfsen ved Høgskulen i Oslo oppfordrar ingeniørar ved UiO til å melda seg på etterutdanningskurs. (Foto: Grethe Tidemann)

HiO etterutdannar UiO-ingeniørar

Opplæringskomiteen ved Universitetet i Oslo oppfordrar alle ingeniørutdanna ved UiO til å melda seg på etterutdannings- og vidareutdanningskurs på Høgskulen i Oslo. Tysdag 14. mars klokka 14.00 kjem opplæringskomiteen til å skipa til eit orienteringsmøte i Store Auditorium i Domus Medica (Preklininske institutta) der dei vil informera om desse kurstilboda.

Det nyaste tilbodet vårt er høvet til å oppgradera seg til euroingeniør. Dei som ikkje er sivilingeniørar må ha denne tittelen for lettara å kunna få arbeid i EU/EØS-området. Dessutan kan ingeniørar også oppgradera seg til høgskuleingeniør, seier avdelingsingeniør Maje Siebke ved Fysiologisk institutt og studieleiar Sturla Rolfsen ved Avdeling for ingeniørutdanning ved Høgskulen i Oslo (HiO). Blant kursa Høgskulen kan tilby er femvektalskurs i biokjemi/toksikologi. intstrumentell analyse og hovudprosjekt. I tillegg blir det også tilbod om tre- og tovekttalskurs i økonomi og leiing, engelsk og kjemometri.

Dei UiO-tilsette ingeninørane kan delta i den ordinære undervisninga ved HiO som hospitantar på dagtid, fortel Siebke og Rolfsen. 650 studentar har deltatt på desse kursa sidan Høgskulen i Oslo og Universitetet i Oslo starta samarbeidet i 1996.


UiO stiller opp på Forskingsdagane

I Uniforum nummer 2 kom me i skade for å skriva at Universitetet i Oslo ikkje kjem til å delta under Forskingsdagane 2000. Det er ikkje rett. UiO vil delta med fleire arrangement under Forskingsdagane, men universitetet vil derimot ikkje arrangere Forskingstorget på Universitetsplassen siste helga i september. I staden vil UiO satsa på skulebesøk. Då vil det bli lagt spesiell vekt på å presentera faga matematikk og fysikk. Forskarar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet vil dra ut i skulen for å presentera det faget dei held på med.

Universitetet i Oslo vil også markera seg under tusenårsfeiringa av Oslo by. Første arrangement ut er Utfordringane og rekordane sin by som begynte sist helg og varer fram til 12. mars. Det vil skje i samband med temaet Kongane og kontrastane sin by frå 13. til 17. mai, Draumane og natta sin by frå 11. til 13. august og Makta og "mulighetene" sin by i september, oktober og november. Laurdag den 11. november vil Universitetet i Oslo presentera kva det held på med i Georg Sverdrups hus frå kl. 11.00 til 18.00.


Nøtter

{short description of image}
  1. Hvem er dette?
  2. Hvor mange avla doktorgrad ved UiO i 1999?
  3. Hva står forkortelsen NUS for?
  4. Hvem har nylig skrevet en bok om Wien?
  5. Hvor mange hovedmål for UiO finner du i Langtidsplanen for 2000-2004?


Svar



Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 22. mars 2000 22:41 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere