Februar

Publisert 28. feb. 2006 15:17

Arbeidstakaren pliktar å gi melding til UiO ved Birkeland Innovasjon dersom han eller ho har gjort ei oppfinning eller gjort eit funn som kan kommersialiserast. Det er hovudinnhaldet i ein standardavtale mellom UiO og arbeidstakar ved UiO om overtaking av rett til arbeidsresultat. Framlegget til avtale blei vedtatt av Universitetsstyret tysdag 28. februar.

Publisert 23. feb. 2006 14:19

Arbeidstakaren pliktar å gi melding til UiO ved Birkeland Innovasjon dersom han eller ho har gjort ei oppfinning eller gjort eit funn som kan kommersialiserast. Det er hovudinnhaldet i eit forslag til ein avtale mellom UiO og arbeidstakar ved UiO om overtaking av rett til arbeidsresultat. Framlegget skal handsamast av Universitetsstyret tysdag 28. februar. Også evalueringsrapporten om rektorvalet og styrevalet i 2005 skal drøftast på styremøtet.

Publisert 22. feb. 2006 13:37

I 2005 blei det gjennomført 855 doktordisputasar ved norske universitet og høgskular, melder Doktorgradsregisteret ved NIFU-STEP. 319 av dei blei gjort på Universitetet i Oslo, som dermed aukar talet på doktorgradar med 53 i høve til 2004, då det blei tatt 266 doktorgradar på UiO.

Publisert 21. feb. 2006 16:40

Ein ny klasse protonleiande materiale som kan auka bruken av naturgass i brenselsceller, er oppdaga av forskarane Reidar Haugsrud og Truls Norby ved Senter for materialvitskap og nanoteknologi på UiO. Oppdaginga blei publisert i ein artikkel i Nature Materials denne veka. - For oss er jo dette som å vinna OL-gull, seier professor Truls Norby til Uniforum.

Publisert 21. feb. 2006 14:05

- Eg føler meg både mållaus og snytt. Det seier masterstudent Anne-Liv Gamlem ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk etter at Laurdagsrevyen presenterte ein reportasje om sambandet mellom imam Mehboob ur-Rehman i Islamsk Råd og den islamistiske rørsla i Pakistan, som si eiga avsløring, medan store delar av reportasjen var basert på opplysningar ho hadde gitt til reporter Anders Magnus. Anne-Liv Gamlem blei aldri gitt opp som kjelde for desse opplysningane.

Publisert 21. feb. 2006 09:24

Klimafenomenet El Niño har dramatiske effekter på Afrikas evne til å produsere mat og fører til svingninger i kontinentets matvareproduksjon tilsvarende det årlige næringsbehovet til opp mot 20 millioner mennesker. Disse svingningene er forutsigbare. Det viser en studie utført av en forskergruppe ledet av professor Nils Christian Stenseth ved Universitetet i Oslo.

Publisert 20. feb. 2006 14:39

Naturhistorisk museum på UiO har hatt en fin økning i besøkstallet fra 95097 besøkende i 2004 til 117 668 besøkende i 2005, en økning på 23,7%. Botanisk hage er ikke medregnet. - Dette er en økning vi er svært fornøyde med, opplyser informasjonskonsulent Karin-Brit Schonhowd ved Naturhistorisk museum i ei pressemelding.

Publisert 17. feb. 2006 15:59

47 prosent eller 1735 av dei vitskaplege tilsette svarte på spørjeundersøkinga som UiOs språkutval sende ut i januar. Det opplyser leiar for språkutvalet, professor Helge Hveem og sekretær Ram Gupta til Uniforum.

Publisert 17. feb. 2006 10:41

Førsteamanuensis II Jon Sudbø har sagt opp stillinga si ved Det medisinske fakultetet og sluttar straks. Det skriv Universitetet i Oslo i ei pressemelding i dag. Jon Sudbø, som har hovudstilling som overlege ved Radiumshospitalet,er for tida sjukmeldt etter at det blei avslørt at han hadde brukt feil data i ein forskingsartikkel han hadde publisert i det velrenommerte vitskaplege tidsskriftet The Lancet i oktober i fjor.

Publisert 16. feb. 2006 18:10

- Eventyrfortellingen om Norge som fredsmegler i Midtøsten står ennå sterkt her til lands. Vi tror fremdeles at vi spiller en rolle, som vi ikke har, i en fredsprosess som ikke eksisterer, sier Midtøsten-eksperten Hilde Henriksen Waage.

Publisert 16. feb. 2006 13:23

Hva skjer når du bringer kunstnere ut i forskningsfelten? Utstillingen 80° er resultatet av et samarbeidsprosjekt mellom tre kunstnere og forskere fra Physics of Geological Processes (PGP) ved UiO. - Denne gangen er det ikke først og fremst forskningsresultatene vi vil formidle. Vi vil vise hva kunstnerne så, fra de umiddelbare synsinntrykkene til de bearbeidede inntrykkene, forteller professor Bjørn Jamtveit, kontaktperson og faglig ansvarlig for utstillingen.

Publisert 16. feb. 2006 12:23

Mangelfull planlegging er den viktigste årsaken til forholdene som det er blitt reist kritikk mot ved gjennomføringen av valgene til rektor og styrerepresentanter i 2005. Ikke minst var beslutningen om å utsette fristen for å nominere kandidater til styrevalget, uheldig. Dette kommer fram i en rapport som evaluerer rektorvalget og valgene av ansatterepresentanter til Universitetsstyret.

Publisert 15. feb. 2006 17:28

No kan du bli både vis og lærd på éin dag. Men då må du klara å stikka innom alle dei populærvitskaplege foredraga når Universitetet i Oslo inviterer til open dag torsdag 9. mars. - Om du ikkje klarer det, kan du likevel få med deg enkelte forelesingar som podkast på Internett, opplyser prosjektleiar Julie Øybø i Informasjonsavdelinga til Uniforum.

Publisert 15. feb. 2006 16:21

Vinteren 1904 sat den 17 år gamle jødiske jenta Marie på ein fiskebåt i Kristiania og venta på at svogeren hennar skulle koma med pengar til kapteinen, slik at ho kunne gå i land i det nye fedrelandet sitt. Nokre veker før hadde ho rømt frå fattigdomen og angsten for pogromane i Litauen. I Hausmannskvartalet sat systera og venta på henne. Ho og mannen ville hjelpa Marie med å starta eit nytt liv i Noreg.

Publisert 15. feb. 2006 13:46

UiO-forskarane Joel Glover og Marie Claude Perreault får ein million kroner i støtte til ryggmargsforskinga si frå stiftinga til Christopher Reeve, den avdøde skodespelaren som slo gjennom som Supermann og enda opp i rullestol etter ei rideulykke. - Pengane gir oss høve til å tilsetja ein ekstra forskar, seier Joel Glover og Marie Claude Perreault til Uniforum.

Publisert 15. feb. 2006 10:40

Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) har tegnet en etterutdanningskontrakt med Forsvaret. Kontrakten går over tre år og har en ramme på 3,78 millioner kroner. - Det dreier seg om et grunnleggende innføringskurs i kulturstudier for utreisende personell i forsvaret, forteller studiekonsulent Gry Anita Hemsing.

Publisert 14. feb. 2006 16:20

Om lag 500 forskarar, entreprenørar og investorar møtte opp, då Birkeland Innovasjon,UiO, sette i gang arrangementet "First Tuesday" på Rockefeller tysdag 7. februar. Statssekretær Åge R. Rosnes i Kunnskapsdepartementet og prorektor Haakon Breien Benestad ved UiO opna i fellesskap forskings- og nyskapingsbodene.

Publisert 14. feb. 2006 10:54

På grunn av dataproblemer har pasientjournalene ved Akershus universitetssykehus (Ahus) vært utilgjengelige siden klokka 6.15 tirsdag. Alle operasjoner ved sykehuset er derfor stanset inntil videre. Det arbeides på spreng for å løse den akutte situasjonen, opplyser sykehuset tirsdag formiddag, melder ntb.

Publisert 13. feb. 2006 16:06

I ei nyoppretta rankingliste over verdas beste universitet kjem Universitet i Oslo på 12. plass i Europa og på 90. plass på verdsstatistikken. På verdsbasis kjem Berkeley-universitetet, Massachusetts Institute of Technology og Harvard-universitetet på dei øvste plassane. Dei britiske universita, Cambridge, Oxford og Edinburgh toppar lista over dei beste europeiske universiteta, tett fylgde av Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits.

Publisert 10. feb. 2006 16:05

- Redaksjonen for Norsk Ordbok har nok kome lenger enn oss når det gjeld utvikling av dataredigeringsverktøyet. Difor kan me læra av deira mistak og av dei tinga som dei har klara ut. Det seier Anki Mattisson som er sjef for Svenska Akademiens ordbok. Denne veka besøkte ho og to av medarbeidarane hennar Norsk Ordbok.

Publisert 9. feb. 2006 09:51

Tidlegare UiO-rektor og professor i statsvitskap, Arild Underdal er utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Han får ordenen for den rolla han har hatt i å påverka norsk universitets- og høgskulesektor både som universitetsrektor og som leiar og medlem av fleire offentlege styre og utval. - Det er ei stor ære for meg å bli heidra oppdrag som eg synest har vore spennande og på ingen måte noko offer, sa Arild Underdal i takketalen sin onsdag 8. februar.

Publisert 7. feb. 2006 09:35

Det odontologiske fakultet har fornyet sin publikumsutstilling. Ved hjelp av tekst, bilder og gjenstander presenterer fakultetet tannlegekunstens historie i Norge fra gammel folkemedisin til moderne tannlegebehandling. - Det er slike utstillinger som dette vi ser for oss på hele universitetet, sier leder for Museum for universitets- og vitenskapshistorie, Bjørn Vidar Johansen.