UiO overtar retten til arbeidsresultat

Arbeidstakaren pliktar å gi melding til UiO ved Birkeland Innovasjon dersom han eller ho har gjort ei oppfinning eller gjort eit funn som kan kommersialiserast. Det er hovudinnhaldet i ein standardavtale mellom UiO og arbeidstakar ved UiO om overtaking av rett til arbeidsresultat. Framlegget til avtale blei vedtatt av Universitetsstyret tysdag 28. februar.

FØREBILETE: Med fødselshjelp frå Birkeland Innovasjon har Rune Blomhoff og partnaren Harald Carlsen vidareutvikla idéen om sjølvlysande mus og etablert selskapet Cgene.
Foto: Yngve Vogt

Avtalen blei vedtatt samrøystes av Universitetsstyret tysdag 28. februar og gir Universitetet i Oslo rett til å overta alle rettar til arbeidsresultat som blir brakt fram av arbeidstakaren, og arbeidstakaren har samtidig rett til godtgjering frå UiO. Men avtalen gjeld berre arbeidsresultat som har samanheng med arbeidstakaren sitt tilsetjingsforhold til universitetet.

Når det gjeld kva arbeidsresultat kan vera, blir det i framlegget til avtale lista opp oppfinningar som det både kan og ikkje kan takast patent på, annan teknologi som har potensial for næringsmessig utnytting, til dømes praktiske løysingar, tekniske prinsipp og kunnskap, vitskapleg og merkantil informasjon og forretningskonsept.

Også databasar og dataprogram, plantesortar og kretsmønster for integrerte kretsar skal inkluderast i definisjonen av arbeidsresultat. I tillegg skal fysiske gjenstandar av organisk eller uorganisk eller biologisk materiale og materiale, som er eit resultat av UiOs investeringar, omfattast av omgrepet arbeidsresultat.

UiOs overtaking av desse rettane avgrensar ikkje arbeidstakar eller andre sine rettar etter patentlova eller åndsverklova til å nytta arbeidsresultata i vidare forsking. I hovudsak omfattar ikkje avtalen resultat som er verna av opphavsretten. I styrevedtaket blir det presisert at forskingsutvalet på Universitetet i Oslo får tildelt oppgåva med å informera forskarar og andre om innhaldet i denne avtalen og kva konsekvensar den får for kvar einskild tilsett som ynskjer å patentera eller kommersialisera arbeidsresultat.

Lovar elektronisk val

Styret drøfta også evalueringsrapporten om rektorvalet og styrevalet i 2005. Som Uniforum allereie har skrive konkluderer rapporten med at planlegginga av vala ikkje var god nok og at dette til dels skuldast uklar ansvarsfordeling. Difor kjem evalueringsgruppa med tilrådingar om å organisera valet betre og om å innføra elektronisk val. Dessutan rår gruppa til at det blir utarbeidd ei valhandbok med ordningar og røynsler frå tidlegare val. Det blir også rådd til å foreslå presiseringar og endringar i valreglementet der det er behov for det, for seinare handsaming i styret.

I saksdokumentet lovar universitetsdirektøren å sikra at ansvars- og arbeidsdelinga mellom dei ulike aktørane til neste val blir tatt vare på på ein tilstrekkeleg måte. Universitetsdirektør Hanne Harlem viser til at det allereie er under førebuing ein overgang til eit elektronisk valsystem som det skal gjerast forsøk med hausten 2006. Det skal også utarbeidast skriftlege rutinar og ordningar til bruk ved framtidige val, lovar universitetsdirektøren som bad styret om å ta evalueringsrapporten og orienteringa om oppfylging til orientering. Det gjorde styret.

Skal vidareutvikla finansieringsmodellen

Universitetsstyret vedtok også samrøystes å setja ned eit eige utval som skal sjå på vidareutvikling av den interne finansieringsmodellen på UiO. Utvalet skal leiast av SV- dekan Asbjørn Rødseth. Resten av medlemane blir oppnemnde av rektor seinare. Dessutan vedtok styret budsjettdokumentet 2005-2007 og godkjende årsrekneskapen for 2005 for vidaresending til Kunnskapsdepartementet og Riksrevisjonen.

Tilsette assisterande universitetsdirektør
Styret tilsette også ny assisterande universitetsdirektør etter Inger Stray Lien, som har takka ja til nye arbeidsoppgåver i Sentraladministrasjonen. Førebels er namnet på personen som er tilsett i stillinga ikkje offentleg. Bjørnar Sarnes har vikariert i denne stillinga sidan mai i fjor.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2006 15:17 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere