Svensk-norsk ordveksling

- Redaksjonen for Norsk Ordbok har nok kome lenger enn oss når det gjeld utvikling av dataredigeringsverktøyet. Difor kan me læra av deira mistak og av dei tinga som dei har klara ut. Det seier Anki Mattisson som er sjef for Svenska Akademiens ordbok. Denne veka besøkte ho og to av medarbeidarane hennar Norsk Ordbok.

SPRÅKLEG MØTE: Ordbokssjef Anki Mattisson (framme), Birgit Eaker (framme t.v.) og Bodil Rosquist (midten) frå Sverige besøkte Dagfinn Worren, Oddrun Grønvik og Kristin Bakken i Norsk Ordbok.
Foto: Martin Toft

Onsdag 8. februar var Anki Mattisson, førsteredaktør Birgit Eaker og redaksjonsmedlem Bodil Rosenquist på besøk i lokala til Norsk Ordbok i Gaustadalléen 25. Arbeidet med den svenske ordboka tok til i 1883 og skal avsluttast i 2017. - Det er verdas lengst samanhengjande ordboksprosjekt som framleis er under utgjeving, konstaterer professor Dagfinn Worren. Til samanlikning starta arbeidet med Norsk Ordbok opp i 1930 og skal etter planen vera ferdig til grunnlovsjubileet i 2014.

- Svenska Akademiens ordbok er ei historisk ordbok som skildrar all skriven svensk sidan 1521 og fram til våre dagar. Blant kjeldene våre er all korrespondansen til regjeringsadministrasjonen til Gustav Vasa og naturlegvis den første utgåva av Bibelen på svensk, fortel Mattisson. Førebels er det gitt ut 34 band, men det skal produserast fem band til før prosjektet er ferdig i 2017. Til saman inneheld banda 55 000 basisord frå 21 000 ulike kjelder. 21 personar jobbar i hovudkvarteret i universitetsbyen Lund.

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2006 16:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere