- Nærmare 5000 skuleelevar og 100 rådgjevarar har allereie meldt seg på arrangementet. Både dei og alle andre interesserte kan velja om dei vil gå på nokon av dei fleire hundre populærvitskaplege miniforelesingane, på utdanningsmessa eller besøkja teltet på Frederikkeplassen, der mange av dei 200 studentforeiningane vil presentera seg. 90 studentar står dessutan klare til å losa alle dei besøkjande til den rette forelesingssalen i den rette bygningen, fortel Julie Øybø.
Miniforelesinga i samfunnsgeografi har tittelen "Kaffelatteseringen av Oslo - et symptom på større endringer i byen?" Mannen bak tittelen og foredraget er førsteamanuensis Per Gunnar Røe. På eit systerfag, sosiologi, skal førsteamanuensis Anne Krogstad halda ei forelesing om finansminister Kristin Halvorsen. Den har fått tittelen "En bok, en blogg og en blondine". Og på geofag skal professor Frode Stordal snakka om "Monstervær før og nå".
- Det blir nok uråd å få med seg alle dei populærvitskaplege foredraga. Men for å hjelpa dei som gjerne kunna tenkja seg å gå på to ting samstundes, vil me leggja ut intervju med fem av forelesarane på podkast på Internett. Dermed kan skuleelevar og andre interesserte berre lasta dei ned og høyra dei på MP3-spelaren sin, fortel Julie Øybø. Open dag startar klokka 10 og varer til klokka 15.
Logg inn for å kommentere