Ei jødisk innvandrarhistorie

Vinteren 1904 sat den 17 år gamle jødiske jenta Marie på ein fiskebåt i Kristiania og venta på at svogeren hennar skulle koma med pengar til kapteinen, slik at ho kunne gå i land i det nye fedrelandet sitt. Nokre veker før hadde ho rømt frå fattigdomen og angsten for pogromane i Litauen. I Hausmannskvartalet sat systera og venta på henne. Ho og mannen ville hjelpa Marie med å starta eit nytt liv i Noreg.

MIRAKEL: - Me ser me på oppdaginga av desse veggmåleria som eit mirakel, seier Sidsel Levin, som er styreleiar for Jødisk Museum i Oslo.
Foto: Ståle Skogstad

102 år seinare treffer me barnebarnet hennar, Sidsel Levin, i Hausmannskvartalet. Ho er styreleiar for Jødisk museum i Oslo, som skal etablerast i den tidlegare synagoga i Calmeyers gate 15 B. I museet skal historia til dei jødiske innvandrarane i Kristiania forteljast gjennom ord og bilete.

- Heldigvis for farmora mi, kom svogeren hennar og betalte kapteinen slik at ho kunne koma i land. For fem år sidan var eg i landsbyen ho kom frå, og det såg ut til at nauda og forfallet var blitt endå større enn det var, då ho måtte dra sin veg, fortel Sidsel Levin. Inne i synagoga er restaureringa og ombygginga til museum komen langt. Og det hender det blir oppdaga uventa ting.

- Riksantikvaren har pålagt oss å skrapa ned målinga og finna ut kva som var originalfargen. Slik fann me ut at ein kunstnar hadde dekorert veggane med davidsstjerner og andre motiv frå jødedomen. Me hadde ingen aning om at det fanst, og difor ser me på det som eit mirakel, seier ei svært begeistra Sidsel Levin. - Det går rykte om at målaren, som var bror til arkitekten, også jobba som assistent for Edvard Munch, legg ho til. Synagoga stod ferdig i 1921 og husa Den Israelitiske menighet etter at Det Mosaiske Trossamfund, som heldt til i Bergstien, blei delt i to på grunn av ein indre strid. I 1939 blei dei slått saman igjen, og begge synagogene var i bruk til 1942, då nazistane stengde Calmeyers gate 15.. Huset blei eigt av Det Mosaiske Trossamfund fram til 1980, då bygningen blei seld.

Flykta frå fattigdom og pogromar

I dag finst det ei utandørs utstilling over historia til dei jødiske innvandrarane i Oslo ved inngangen til den gamle synagoga.

- Det var først då den delen av paragraf 2 i den norske grunnlova som forbaud jødar tilgang til riket, blei oppheva i 1851 at dei første jødiske innvandrarane kom til Noreg. Det var forretningsmenn frå Tyskland og Danmark som ville sjå på forholda her i landet.

- Fram til 1880 kom det til saman 25 jødar til Noreg. Det var først under pogromane i Russland på 1880-talet og på byrjinga av 1900-talet den jødiske innvandringa til Noreg skaut fart. Tsaren kunne påleggja jødiske menn 25 år med militærteneste. Mange drog også på grunn av fattigdomen og fordi det var forbode for jødar å busetja seg utanfor eit bestemt geografisk område i Tsar-Russland, seier Levin.

- Men kvifor kom dei til Noreg?

- Det var USA som var landet dei drøymde om å dra til. Men mange av dei hadde ikkje råd til å dra så langt, og sidan dei hadde høyrt at Noreg var eit fredeleg og roleg land, syntest dei at det var ein fin plass å byrja på nytt i. Det viktigaste for dei var at det var fred og at alle barn kunne få skulegang. Det hadde så mykje å seia for dei at dei var villige til å bryta opp og satsa på å etablera eit nytt liv i noko totalt framandt og ukjent.

- Dei aller fleste av dei som kom var svært fattige, men dei klarte seg gjennom å stå saman og hjelpa kvarandre. Sidan ingen av dei ynskte å dra tilbake til landet dei kom frå, var dei svært opptekne av å læra seg norsk og bli integrerte i det norske samfunnet. Den jødiske identiteten deira var likevel svært viktig og markeringa av sabbaten i synagoga eit felles samlingspunkt, slår ho fast.

Omreisande handelsmenn

Mange av dei jødiske mennene livnærte seg som omreisande handelsmenn på Austlandet, Vestlandet og i Nord-Noreg.

- Men heile tida prøvde dei å vera tilbake til sabbaten byrja fredag kveld, seier Levin.

Før den andre verdskrigen var jødiske forretningar med på å setja sitt preg på Grünerløkka og Hausmannskvartalet. Det kan doktorgradsstudent Marta Gjernes ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium, UiO, stadfesta. Ho skriv ei avhandling om arbeidslivet blant dei jødiske innvandrarane i Oslo før den andre verdskrigen.

- Dei jødiske innvandrarane livnærte seg i stor grad av handel. Den første tida var det mange som dreiv omførselshandel. Etter kvart blei det fleire som etablerte eigne forretningar inne i byen, som konfeksjons- og skobutikkar, basarar og frukt- og tobakkskioskar, seier ho.

Spesialarbeidarar

Men nokre jødar blei også rekrutterte til Noreg som spesialarbeidarar, har ho funne ut.

- I 1885 tilsette tobakksfabrikken Conrad Langaard A/S fleire jødiske arbeidarar frå Aust-Europa, då fabrikken ynskte å produsera sigarettar. Seinare kjøpte fabrikken inn eigne sigarettmaskiner, men dei jødiske arbeidarane blei verande. Den norske jøden Moritz Glott blei seinare ein av Noregs største tobakksfabrikkantar og ein viktig forretningsmann, seier Gjernes.


Jødane var opptekne av å ta vare på den jødiske identiteten sin, men dei ville gjerne også vera ein del av det norske samfunnet.

- Det var svært viktig for dei å ikkje vera til bry for Noreg. Difor hjelpte dei kvarandre med lån til å etablera forretningar og til å driva anna næringsverksemd. Og dersom ein jøde gjorde noko gale, var dei redde for at alle jødane ville få svi. På den andre sida var dei etniske nordmennene opptekne av at dei måtte bli norske, men likevel blei dei aldri norske nok for dei, seier Gjernes.

- Oppmoda til å bruka norsk

Og dei jødiske innvandrarane sette farge på Grünerløkka.

- På Olaf Ryes plass var det ein pratebenk med jødiske menn som gav plassen eit lite jiddisch innslag. Elles var det berre første generasjon som snakka jiddisch. Heile andre generasjon brukte norsk og blei oppmoda til å bruka det. Også i synagoga brukte medlemane av trussamfunnet norsk. Dersom dei skreiv brev til trussamfunnet på jiddisch, kunne dei bli bedne om å skriva på norsk neste gong, har Marta Gjernes oppdaga. Derimot var det ikkje godtatt å gifta seg utanfor det jødiske samfunnet.

- Det var tabu, men likevel har eg funne fram til nokre jødiske menn som gifta seg med norske kvinner. Men dei blei ikkje inkluderte i det jødiske samfunnet i same grad som dei andre. Derimot var det meir vanleg blant andre generasjon jødar å gifta seg med etniske nordmenn enn å gifta seg med nyleg innvandra jødar, slår Marta Gjernes fast.

Ein tapt ressurs

I Calmeyers gate 15 står me igjen saman med Sidsel Levin og ser på utstillinga om historia til dei jødiske innvandrarane i Oslo.

- Før den andre verdskrigen talde dei om lag 2200 personar i heile landet. Etter krigen og Holocaust var talet nesten halvert. I denne bygarden budde det 28 norske jødar. Det var jødiske tenestemenn med familiane sine. 19 av dei blei deporterte og mista livet i ein av dødsleirane til nazistane. Ein del av familiane har ingen slektningar igjen, og difor er det berre her dei blir minna med ei eiga minneplate. Dei jødiske innvandrarane var i ferd med å bli ein ressurs, men krigen hindra dei i å vera med på å prega det norske samfunnet, fortel Levin. I 2007 vil ho ynskja folk velkomen til Jødisk Museum i Oslo.

- Museet vil fokusera på det jødiske livet og levesettet. Og me trur det vil ha stor overføringsverdi for det norske fleirkulturelle samfunnet, ikkje minst for barn og ungdom, trur ho.

Fakta om jødisk innvandring til Noreg:
- 1814: Eidsvollsforsamlinga vedtar grunnlova med paragraf 2, som inneheld eit avsnitt om at jødar ikkje har tilgang til riket
-1839: Henrik Wergeland kjem med det første framlegget om å oppheva forbodet mot jødisk innvandring
- i 1851 opphevar Stortinget grunnlovsparagrafen som hindra jødar tilgang til Noreg
- frå 1852 til 1920 innvandrar 1200 personar
- 1940-45: 22 jødar blir drepne i Noreg. 766 blir deporterte og sende til nazistane sine utryddingsleirar. 29 overlever dødsleirane. 230 familiar blir utsletta. Norsk politi utfører arrestasjonane.

Kjelder:
Sidsel Levin, Jødisk Museum i Oslo,doktorgradsstudent Marta Gjernes og utstillinga Wergelands barn, Norsk Folkemuseum.

Emneord: Kulturelt mangfold, Forskning, Innvandring Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2006 16:21 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere